Ved hovudtariffoppgjeret i 2022 vil vi ha eit skikkeleg lønstillegg, gjerne i 200.000-kronersklassen, skriv Astrid H. Olsen.
Ved hovudtariffoppgjeret i 2022 vil vi ha eit skikkeleg lønstillegg, gjerne i 200.000-kronersklassen, skriv Astrid H. Olsen.

Lønna må opp og undervisningsplikta må ned

Debatt: Ved hovudtariffoppgjeret i 2022 vil vi ha eit skikkeleg lønstillegg.

Publisert

Utdanningsforbundet er ein av dei største organisasjonane i landet. Det burde vere ein stor fordel, når det gjeld å betre vilkåra til lærarane. Likevel er det ikkje slik vi opplever det.

Mindrelønsutvikling, ingen reduksjon av arbeidstid, fleire oppgåver, ofte mindre fysisk plass og meir vakthald, - dette er noko av det vi vil utdjupe her.

Mindrelønsutvikling

Jamført med andre som har like lang utdanning som lærarar, kjem vi dårleg ut.

I årevis har vi fått høyre at «neste gong», då er det lærarane sin tur. Det er nærast ein vits. Jamvel då vi stemte nei i 2020, fekk vi ikkje meir i tillegg enn det forbundet tilrådde. Det var ein latterleg sum, kr.1400,- til 1900,- brutto i året.

Ved hovudtariffoppgjeret i 2022 vil vi ha eit skikkeleg lønstillegg, gjerne i 200.000-kronersklassen. For vi har venta lenge på dette løftet. Vi treng ein god nasjonal standard på lærarlønningane. Vi vil hindre lærarflukt og vi vil oppmode unge til å bli lærarar. Vi utdannar framtida!

Arbeidstid

Det finst lærarar som ikkje har opplevd å få kortare arbeidstid dei siste 40-50 åra.

Andre yrke har fått redusert arbeidstid. Vi lærarar har fått lengre og lengre arbeidstid. Når det gjeld leseplikt, eller undervisningsplikt, har vi faktisk fått auka tid, i den såkalla skulepakke 2, i starten av 2000-talet. Forbundet gjekk med på at lærarane skulle ha ein undervisningstime meir i veka, i bytte med mindre tid til møteverksemd. Det gjekk ikkje lang tid før møtetida vart utvida til meir enn det hadde vore før skulepakke to. Vi kjende oss rundlurte.

Til dømes skal ein timelærar i barneskulen ha 26 undervisningstimar i veka. Alle timar skal vi førebu godt, vi skal og rette, evaluere, vurdere. Elevane skal ha tilpassa undervisning, langt frå alle kan få same opplegg. I tillegg til obligatorisk møtetid på kvar skule, kan det vere andre møte, med BUP, PPT eller barnevern. Eller, når det trengst, samarbeidsmøte på tvers eller med andre lærarar. Rapportar skal inn, avviksskjema, fråversskjema, søknadsskjema… Vi skal ordne opp i kranglar mellom elevane, vi skal alltid vere parat, klåre til å utsetje vårt eige arbeid til kvelden, for å springe til dei som treng oss på flekken.

Når alt dette er gjort, må vi oppdatere oss fagleg. Dette er svært viktig. Mykje endrar seg raskt.

Les også: Lærerne var lønnstapere i 2020. Her er snittlønna til lærerne

Undervisningsplikta må ned

Undervisningsplikta, leseplikta, må ned! I løpet av tre til fire år bør leseplikta ned med 7-9 timar. Kravet det fyrste året, altså frå hausten 2022, bør vere fem timar redusert leseplikt.

Læraryrket burde vere eit fritt, sjølvstendig og kreativt yrke. Vi vil det beste for elevane og skulen. Det burde vere opp til oss å vurdere kva som trengst av møteverksemd og anna, utanom den sjølvsagte undervisningstida. Det er vi som møter elevane kvar dag. Då er det umyndiggjerande at tilliten ikkje er der, til at vi kan rå over eiga arbeidstid, når vi alltid er punktlege med undervisningstida.

Jamført med andre som har like lang utdanning som lærarar, kjem vi dårleg ut.

Det er så mykje som skal gjerast, så mykje som er viktig. Ofte er det fagleg oppdatering dette går ut over. Men dette kan ikkje vere det minst viktige. Mykje informasjon skjer digitalt no. Dette burde gjere at møtetida vart frigjort, altså frivillig.

Det finst standardreglar for kor mykje plass det skal vere på eit arbeidsrom. Ofte sit lærarane tettare enn denne standarden. Mange skular er fulle. Grupperom vert klasserom. Treng ein ekstrarom i undervisninga eller til samarbeid, så kan dette vere vanskeleg å finne. Maskinparken fungerer ikkje alltid optimalt på alle skular.

Er det noko ungdom og born burde vite, lære, ha forståing for? – La lærarane ta seg av det! Sjølvsagt kan dette vere lurt. Men for mange oppgåver fører til at vi ikkje får tid til alt. Kraftig lesepliktreduksjon og mykje meir reell ubunden tid vil hjelpe på dette.

Koronatida har synleggjort kor viktig læraryrket er. Det folk kanskje ikkje veit er at lærarar har mangedobla utevakter i friminutta, at vi har fått mykje ekstraarbeid og opplevd stor slitasje. I tillegg kan vi ikkje vere redde for smitte. Vi må møte mange elevar kvar dag, ofte på rom som ikkje er store nok.

Vi opplever at store delar av samfunnet takkar oss, for at vi har stått på lenge. Det har vi gjort i koronatida, men og tidlegare, i åra før. Vi gler oss over tilliten og vil ha betre vilkår for å kunne halde fram med dette flotte yrket.