Torstein Tvedt Solberg (Ap) meiner den såkalla mobbeparagrafen må endrast.
Torstein Tvedt Solberg (Ap) meiner den såkalla mobbeparagrafen må endrast.

Arbeidarpartiet vil endre mobbeparagrafen i opplæringslova

Av omsyn til tryggleiken til lærarane vil Arbeidarpartiet endre paragraf 9 a i opplæringslova. Kjem dei i regjeringsposisjon, vil juristane i Kunnskapsdepartementet bli sette på saka.

Publisert Sist oppdatert

– Møte med lærarar har vist meg at dei er sterkt opptatt av dette, svarar stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg på spørsmål om kvifor Arbeidarpartiet, som einaste parti, lovar endring av den såkalla mobbeparagrafen om dei kjem i regjering.

Den lovteksten Arbeidarpartiet vil endre, er retta inn mot paragraf 9a-5, som omhandlar saker der lærarar krenker ei elev.

Slik lovteksten er utforma, blir lærarane ekstremt utsette, ifølgje Solberg. Paragrafen gir ikkje lærarane rett til å gi sin versjon av slike konfliktar før tiltak blir sette i verk. Men tiltaka kan få store konsekvensar for lærarane sin arbeidssituasjon, meiner Aps utdanningspolitiske talsperson.

– Mobbeparagrafen er svært viktig for å sikre elevane sin rett til å ha det trygt og godt på skolen. Og eg er overtydd om at konsekvensen den kan få for lærarane, er utilsikta, understrekar Solberg.

– Ingen har ønska at lærarar skal kome i slike vanskelege situasjonar. Likevel har ikkje regjeringa gjort noe for å endre dette, seier han.

Les også: Lærar Jens Vik fekk ikkje lese om skuldingar mot seg sjølv

Les også: – To ulike regelverk for arbeidsmiljøet for elevar og lærarar kan skape dilemma

Forskriftendring

– Korleis vil Arbeidarpartiet omformulere lova for å sikre lærarane betre?

– Det veit vi ikkje nå. Ei god formulering krev eit grundig arbeid, og det har vi ikkje ressursar til frå Stortinget. Difor vil vi kome i posisjon til å setje juristane i Kunnskapsdepartementet på saka.

Solberg meiner likevel at det i første omgang bør kome ei forskriftsendring for å betre situasjonen.

– Ei forskrift vil vi kunne få til ganske raskt. Men på lengre sikt må vi få ei skikkeleg lovendring. Da håpar og trur eg vi vil få ein god debatt som ikkje set elevar og lærarar opp mot kvarandre, understrekar Torstein Tvedt Solberg.

Ulike synspunkt

I arbeidet med ny opplæringslov har fleire instansar send inn sine høyringssvar. I svaret frå Barneombodet kjem det frem at dei ikkje vil endre mobbeparagrafen.

Dei skriv at dei er kjent med at det har vore situasjonar der tilhøvet mellom opplæringslov og arbeidsmiljølov har vore krevjande. Det er likevel fullt mogleg å balansere dei to regelverka, ifølgje Barneombodet.

Utdanningsforbundet på si side har tatt til orde for at paragraf 9a kan utfordre læraranes rettstryggleik. Leiar i forbundet, Steffen Handal, har etterlyst ei grenseoppgang mellom krenking, kritikk, usemje og grensesetting.

FAKTA:
§ 9 A-5.Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev

Dersom ein som arbeider på skolen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider på skolen, utset ein elev for krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering, skal vedkommande straks varsle rektor. Rektor skal varsle skoleeigaren.

Dersom det er ein i leiinga ved skolen som står bak krenkinga, skal skoleeigaren varslast direkte av den som fekk mistanke om eller kjennskap til krenkinga.

Undersøking og tiltak etter § 9 A-4 tredje og fjerde ledd skal setjast i verk straks.

Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003 iflg. res. 20 des 2002 nr. 1735), endra med lover 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 17 juni 2005 nr. 62 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 609), 9 juni 2017 nr. 38 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 9 juni 2017 nr. 711).

Kilde: Lovdata