Kapittel 9A

– To ulike regelverk for arbeidsmiljøet for elevar og lærarar kan skape dilemma

Fylkesmannen handhevar opplæringslova, men ikkje arbeidsmiljølova. Det kan skape dilemma vedgår Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Publisert

Fylkesmannen der har hatt saka til lærar Jens Vik, som i 2018 var klaga inn i ein 9a-sak av eit foreldrepar i Stranda kommune.

Fylkesmannen gav foreldra rett i at Stranda ungdomsskule ikkje har følgt opp korkje dokumentasjonsplikta eller aktivitetsplikta for å sikre at eleven har eit godt skolemiljø. Men konklusjonen kom utan at Fylkesmannen hadde høyrt lærar Jens Vik si framstilling av saka.

Først 25. november 2019 fekk Vik lese saka om seg sjølv. Det fekk han av di han klaga på Fylkesmannen si avgjerd om å nekte han innsyn i saka.

Maren Ørjasæter Aaland, direktør for oppvekst- og utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, understrekar at Fylkesmannen ikkje vil kommentere saker som er under arbeid. Ho vil difor ikkje svare på kvifor Jens Vik ikkje fekk innsyn i saka heilt frå starten.

Men Aaland meiner at to ulike regelverk for arbeidsmiljøet for elevar og lærarar kan skape dilemma. Opplæringslova med kapittel 9A skal sikre elevane eit godt skolemiljø. Det er saker etter denne lova Fylkesmannen skal behandle.

Lærarane er i utgangspunktet ikkje omfatta av opplæringslova. Arbeidsmiljølova sikrar arbeidsmiljøet for lærarane, men Fylkesmannen behandlar ikkje saker etter denne lova.

– Vi behandlar saker etter opplæringslova, ikkje etter arbeidsmiljølova, understrekar Maren Ørjasæter Aaland.

Kunnskapsdepartementet har fått ein rapport om praktiseringa av 9A frå firmaet Deloitte.

– I denne rapporten står det at praktiseringa er svært ulik hos dei fylkesmannsembeta. Kan det vere av di det er uklart kva som er rett praktisering, og er i så fall innsynsrett for lærarar noe av det om er uklart?

– Praksis har utvikla seg etter at det nye kapittel 9A trådde i kraft hausten 2017. Lovtolkingar frå Sivilombodsmannen, Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet kan føre til endring av praksis. Slik kan praksis bli endra fortløpande, i tråd med gjeldande rett.

Lang tid

– Kvifor tok det så lang tid frå Utdanningsdirektoratet gav Jens Vik innsyn til han fekk det?

– Det har dessverre med vår saksbehandlingskapasitet å gjere.

– Jens Vik har nå sendt eit brev til dykk der han kritiserer vedtaket i saka frå foreldra ved Stranda ungdomsskule. Reint prinsipielt: Kva kan ei slik klage føre til? Må de handsame saka på nytt og vurdere ny konklusjon?

– Ja, når vi får ein klage, må vi vurdere vedtaket vårt på nytt. Anten så endrar vi vedtaket, eller vi held fast ved det opphavlege. Om vi kjem til at vi ikkje endrar vedtaket, blir vedtaket sendt til Udir som er klageinstans. Skulle Udir oppheve vårt vedtak, må vi behandle saka på nytt. Det følgjer av forvaltningslova. Det kan òg skje at Udir som klageinstans fattar eit endeleg vedtak og då kjem saka ikkje tilbake til oss for ny behandling.

Maren Ørjasæter Aaland understrekar at det då det nye kapittelet trådde i kraft hausten 2017, var det slik at læraren berre kunne få partsrettar i ei sak dersom Fylkesmannen gav pålegg om inngripande tiltak overfor læraren.

– I praksis vart det ikkje gitt slike pålegg frå oss. Difor vart ikkje lærar part i saker hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal dei to første åra, seier Maren Ørjasæter Aaland.

Powered by Labrador CMS