Kapittel 9A:

Etter eitt og eit halvt år fekk lærar Jens Vik (t.v.) lese saka om seg sjølv. Her med rektor Paul Ivar Pedersen.

Jens Vik fekk ikkje lese om skuldingar mot seg sjølv

Lærar Jens Vik måtte klage, purre og vente i eitt og eit halvt år før han fekk innsyn i saka som konkluderte med at han hadde krenkt ein elev.

Publisert Sist oppdatert

Tankane frå månader med venting har Vik samla i ein konklusjon:

– Eg kan ikkje lenger råde unge menneske til å bli lærarar. Å råde dei til å gå inn i eit yrke der dei ikkje har same rettsvernet som elles i samfunnet vil vere uansvarleg, seier han.

28. juni 2018 gav Fylkesmannen i Møre og Romsdal eit foreldrepar rett i at Stranda kommune hadde handsama ein elev dårleg. Foreldra melde sak etter opplæringslova kapittel 9a. Barnet deira hadde ein vanskeleg relasjon til Jens Vik og opplevde framferda hans som krenkjande. På grunn av Vik var eleven sin rett til eit trygt og godt skolemiljø ikkje oppfylt, meinte dei.

Udir: - Feil å nekte innsyn

Fylkesmannen gav foreldra rett i at Stranda ungdomsskule ikkje har følgt opp korkje dokumentasjonsplikta eller aktivitetsplikta for å sikre at eleven har eit godt skolemiljø. Konklusjonen kom utan at Fylkesmannen hadde høyrt Vik si framstilling av saka.

Fylkesmannen svarar: – Vi handhevar opplæringslova, men ikkje arbeidsmiljølova. Det kan skape dilemma.

Først 25. november 2019 fekk Vik lese saka om seg sjølv. Det fekk han av di han klaga på Fylkesmannen si avgjerd om å nekte han innsyn i saka.

Men konklusjonen til Fylkesmannen om at Vik ikkje hadde partsrett, var feil. Det stadfesta Utdanningsdirektoratet 18. juni 2019.

Opplæringslova kapittel 9A

  • Opplæringslova kapittel 9A gir skulane plikt til snarast å undersøke saka ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø.
  • Når ein elev seier at skulemiljøet ikkje er trygt og godt, skal skolen så langt det finst eigna tiltak sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø.
  • Fylkesmennene ferdigbehandla 789 9A-saker første halvår i fjor. 448 av sakene fekk konklusjonen at aktivitetsplikta til skolen var brote.
  • I ei rundspørjing frå Utdanningsforbundet seier 57 prosent av dei tillitsvalde på arbeidsplassane at lærarane si rettstryggleik er svekka etter innføringa av kapittel 9a i Opplæringslova.
  • 91 prosent av rektorane har handsama saker etter 9A sidan innføringa hausten 2017.

Sivilombodsmannen skreiv i juni 2018, i tilknyting til ei anna sak, at om foreldre opplever samarbeidet med læraren som vanskeleg, har ikkje læraren automatisk innsyn i klagesaka. Men om læraren er sterkt berørt av saka, har læraren likevel rett til innsyn og til å bli høyrt. Ut ifrå dette vurderte Utdanningsdirektoratet at Vik hadde rett til innsyn.

Tre månader etter denne avgjerda purra Vik på innsynet. Drygt to månader etter purringa fekk Vik innsyn i saka. Det tyder at fem månader etter at Vik var innvilga innsyn, fekk han lese saka om seg sjølv.

Engasjement

Jens Vik er i Oslo på studietur med rektor Paul Ivar Pedersen og Stranda ungdomsskule. Dei går under ei låg vintersol i idylliske omgivnader langs Akerselva. Engasjementet deira i saka til Jens Vik er ikkje dempa av at Utdanningsdirektoratet har gitt Vik rett til innsyn.

– Det er vel eigentleg litt komisk, seier rektor Paul Ivar Pedersen.

– Fylkesmannen meiner at skolen burde høyrt eleven meir, også etter at tiltak vart sett i verk, og at skolen difor ikkje har handsama saka godt nok. I det ligg at Fylkesmannen meiner skolen ikkje har hatt godt nok grunnlag for å ta den avgjerda som er tatt. Men så får Fylkesmannen i neste omgang sitt vedtak annullert fordi Fylkesmannen ikkje har høyrt læraren og skolen godt nok, seier han og understrekar at engasjementet hans i saka dreier seg om prinsippet om partsrett.

Det held ikkje for dei to at Utdanningsdirektoratet seier Vik si sak bryt med hovudregelen om at lærarar ikkje skal vere part i saka. Dei meiner skole og lærar må ha partsrett i alle saker etter 9A.

Og dei får støtte av Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal.

– Vi er sjølvsagt er samde i at om ein tilsett verkeleg har krenka ein elev, så skal det få konsekvensar. Men vi er redde for at det vert både «tiltale og dom» utan at vedkomande er gitt rett til å forsvare seg sjølv. Det er ikkje ein rettsstat verdig. Å verte skulda for å ha krenka ein elev, er i seg sjølv ei stor belastning. Endå større vert belastninga når ein får vedtak frå fylkesmannen som slår fast at ein er «ein krenkar», utan at ein er gitt høve til å kunne imøtegå dei påstandane som er framsette, skriv fylkeleiar Gerd Botn Brattli i eit debattinnlegg i Utdanning.

– Ei av oppgåvene til ein lærar er å setje grenser og korrigere oppførsel. I dag kan vi ikkje gjere det utan å risikere å bli skulda for trakassering i ein prosess der vi ikkje har tilsvarsrett, seier Vik.

Burde ha bede om orsaking

I sakspapira frå rektor til fylkesmann står det at Pedersen meiner Vik ikkje har krenkja eleven. Men ved to høve meiner rektor at Vik har takla konfliktar med eleven på uprofesjonelt vis. Vik er einig med rektor i eitt av tilfella.

– Hadde, etter di meining, rett nivå for å løyse konflikten dette skapte vore at du sa unnskyld til eleven?

– Ja, seier Jens Vik.

– Den som gjer ein feil, skal seie unnskyld. Det gjeld for alle, også for ein lærar overfor ein elev. Å ikkje løyse ei sak profesjonelt er å gjere ein feil, men det er den type feil som må skje iblant. Og det er ikkje mobbing, seier han.

Kven skal trumfe?

I si utgreiing av saka har rektor snakka både med Vik og med familien.

– Er ikkje kapittel 9A eit resultat av ei stor semje om at skolemiljøet til elevane trong betre vern?

– Jo, og vi deler den ambisjonen, seier Pedersen.

– Problemet er å handheve både det 9A seier om eleven si oppleving av skolemiljøet, samstundes med at vi skal etterleve arbeidsmiljølova sine krav om eit helsefremjande arbeidsliv for dei tilsette i skolen. Kva for ei lov skal trumfe den andre, seier han.

– Det hadde vore enklare om Opplæringslova hadde brukt same definisjon på mobbing som Arbeidstilsynet, understrekar Pedersen.

– Arbeidstilsynet kallar det mobbing når ein person gjentatte gonger og over lengre tid blir utsett for negativ handsaming. Opplæringslova tar utgangspunkt i om eleven opplever seg mobba, seier han.

Trygt med rektor i klassen

Etter klaga frå familien var rektor til stades i svært mange av timane Vik hadde med denne eleven.

– Var det ubehageleg?

– Det var framfor alt trygt. Hadde ikkje Paul Ivar engasjert seg så sterkt, hadde denne saka vore enda vanskelegare, seier Jens Vik.

– Det er lett å sjå at denne saka har gått svært lenge. Men fylkesmennene seier at 9A-sakene tar enormt mykje tid. Har de ikkje forståing for at det kan vere naudsynt med strenge tidsprioriteringar?

– Nei! seier Paul Ivar Pedersen.

– For oss i skolen tar òg desse sakene svært mykje tid. Vi jobbar kveldar og netter for å lage skikkelege rapportar og halde tidsfristane. At andre òg har mykje å gjere, det er ikkje vår sak, seier han.

Alvorlege feil

Etter at Jens Vik fekk innsyn i saka og leste ho, sende han gjennom advokat frå Utdanningsforbundet brev til Fylkesmannen.

I brevet skriv han at han er ueinig i Fylkesmannens vedtak, og påpeikar at versjonen hans ikkje kjem frami vedtaket.

Jens Vik påstår at det er gjort alvorlege saksbehandlingsfeil i denne saka som har hatt innverknad på innhaldet av vedtaket og meiner at vedtaket derfor er ugyldig.

Dette brevet har han ikkje fått svar på.

Powered by Labrador CMS