Gode tilbakemeldingar på undervisningsmateriale for folkehelse og livsmeistring i skulen

Debatt: 24 barneskular i Ålesund har nytta «Livet&Sånn», og dei første tilbakemeldingane er interessante.

Publisert

«Livet&Sånn» er eit gratis, digitalt undervisningsmateriale for folkehelse og livsmeistring, utvikla i Ålesund kommune med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

«Eit heilt supert opplegg! Det vert mange fine timar og gode samtalar gjennom bruken av Livet og sånn!»

Etter eit halvt år med utprøving av «Livet&Sånn» som materiale for undervisning i folkehelse og livsmeistring, vart det ved nyttår gjennomført ei kvantitativ spørjeundersøking blant lærarar i dei kommunale barneskulane i Ålesund. Berre 28 % av lærarane valte å delta på denne digitale halvtårsevalueringa, men 158 svar gir likevel nyttig informasjon. Spesielt viser spørsmålet om kva som kan gjerast betre i utforminga av opplegget, at fleire har nytta høvet til å fortelje kva dei ønsker av endringar. Sitata er henta frå dette.

«Livet&Sånn» er eit prosjekt gjennom ordninga «Program for folkehelsearbeid i kommunane» der KS, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet står saman om utvikling og implementering på vegne av Helse og omsorgsdepartementet. I Ålesund kommune starta prosjektet samstundes med kommunesamanslåinga i 2020, og er ei stor satsing på tvers av ulike kommunalområde og verksemder. I fem år skal «Livet&Sånn» utvikle og prøve ut tiltak som kan styrke barn og unge si psykiske helse, gjennom tverrfagleg utforma undervisningsmateriale som lærarane brukar med elevane.

Barneskulane starta hausten 2020, hausten 2021 blir ungdomsskulane med, og barnehagane hausten 2022. Prosjektet bygger vidare på erfaringar frå eit prosjekt med undervisning i psykisk helse på ungdomstrinnet (Lystad og Bjørkly, 2018). Alt ferdig material ligg ope på heimesida Livet og sånn (livetogsann.no). Slik kan det nyttast av skular over heile landet.

Barneskulane i Ålesund har minimum to timar «Livet&Sånn» med elevane kvar månad. Opplegget er inndelt i ulike tema: Trygg, Venner, Følelsar, Kropp, Tankar, Familie, Mangfald, Vondt og vanskeleg, Nettet, Takknemleg og Aktivitet. Timane inneheld filmar, øvingar, refleksjonsoppgåver og meir. Det første halvåret har materialet vore likt for alle trinn, men med alternativ for å kunne tilpasse til alder og modning. I tillegg er der eigne timar om ulike følelsar gjennom året. Desse har stort fokus på kva beskjed og behov følelsane representerer. Ved å legge merke til, sette ord på og validere følelsen har ein større nytte av informasjonen følelsen gir, enn om ein først og fremst forsøker å dempe den eller avleie den.

«Eg synest sida til Livet og sånn er veldig fin og oversiktleg. Der er mykje informasjon som gjer at det er enkelt å skulle førebu seg til timane.»

Kva erfaringar har lærarane til no? På ein skala frå 1-10, der 10 er «fantastisk bra», gir lærarane tiltaket ein snittscore på 7,7 etter første halvår. Heile 88 % av lærarane er heilt eller litt einige i at dei har hatt gode timar i klassa når dei har jobba med tematimane frå Livet&Sånn. Og 69 % trur elevane forstår meir om følelsar etter dei første fem månadane med opplæring.

Det som vert framheva som særskilt positivt frå lærarane si side, er filmane, ei oversiktleg nettside med mykje informasjon, samt at det ligg ein fast struktur for gjennomføring.

I tillegg til opplegget for elevane, inneheld heimesida også mykje informasjon til dei vaksne heime og på skulen, om korleis dei kan hjelpe og støtte elevane i ulike utfordringar. I løpet av prosjektperioden skal det også utviklast materiale til fleire foreldrekveldar. Materialet til dei vaksne er viktig for å hindre at ein gjennom undervisninga går i fella å legge ansvaret på elevane for å meistre eige liv. Både folkehelse og livsmeistring eignar seg best som fellesprosjekt, menneske treng kvarandre for god helse og utvikling.

«Føler meg ikkje alltid heilt kompetent til å undervise i dette. Skulle gjerne hatt meir opplæring for å møte elevane og deira følelsar og tankar på ein enda betre måte.»

Lærarar er tydelege på at psykisk helse ikkje er eit tema dei kan mykje om gjennom si utdanning. Dei er likevel dei rette til å jobbe med folkehelse og livsmeistring. Det er dei som er saman med elevane i kvardagen. For å sikre at timane held god fagleg kvalitet er innhaldet utforma tverrfagleg i PPT og i samarbeid med skulehelsetenesta og familiestøttande tenester. Materialet i prosjektet vert også prøvd ut i pilotskular og pilotbarnehagar gjennom det året det vert utforma, for å sikre at det opplevast nyttig av dei som skal bruke det. Dette samarbeidet på tvers av fag og verksemder har fungert svært godt og vore viktig for resultatet.

Skulane har fått lite opplæring før implementeringa. Nokre så lite som 30 minutt innføring i materialet frå prosjektet på grunn av pandemien. Andre skular har tidlegare hatt eit kurs i emosjonsregulering på to timar, samt nokre små innspel i forkant av nye tema. Hovudkjelda til ny kompetanse har såleis vore nettsida. Ideen har vore å gi skulane materiale å bruke saman med elevane, der fagstoff vert formidla gjennom korte filmsnuttar, slik at elevar og vaksne saman og samtidig tileignar seg kompetanse på psykisk helse.

Les også: Erfaringar med psykisk helse på timeplanen

Dette ser ut til å ha gitt ønska effekt då 70 % av lærarane meiner at arbeidet med Livet&Sånn har styrka deira profesjonelle kompetanse, og heile 81 % meiner dei har fått ny kunnskap gjennom dette arbeidet. Undervisninga om følelsar i Livet&Sånn skil seg frå mykje av det som tradisjonelt har vore formidla om følelsar i skulen. Likevel svarer berre 16 % at det opplevast rart å lære om følelsar slik. Fleire ønskjer likevel meir opplæring i ulike tema relatert til barn og unge si psykiske helse.

«Jeg synes i utgangpunktet opplegget er kjempebra! Utfordringa for meg ligger i tid; både tid til å gjennomføre opplegget og å planlegge det grundig nok.»

Mange lærarar gir uttrykk for at dei jobbar mykje med førebuing av timane. Samtidig meiner 82 % av lærarane at opplegga var lette å tilpasse til sine klasser. I kommentarane frå lærarane om kva dei ønskjer annleis, handlar det mykje om to ting: ønske om ferdig tilpassa opplegg til kvart trinn, (spesielt for å passe til dei yngste) og tett nok kopling til læreplanen. Begge delar handlar mellom anna om tid, mindre planleggingstid og tryggleik på at tid brukt med elevane dekker mål i læreplanen. Fleire ønskjer også timeplanfesting. Her vil fordelen mellom anna vere enda meir systematikk og kontinuitet i undervisninga, og at kontaktlærar kan ha timane utan at ressursen oftast vert henta frå eigne undervisningsfag. Ulempa er at ein misser den synlege tverrfaglege tanken som er ønska i læreplanen. Det kan føre til at ikkje alle lærarar tek like mykje del i arbeidet med dette tverrfaglege temaet.

«Meir 'idiot-sikring' for oss lærarar, slik at ein kan gå direkte til opplegget for årstrinn og månad. Elles er både eg og elevane veldig glad i Livet&Sånn.»

Livet&Sånn som prosjekt har forplikta seg til å utvikle, endre og vidareutvikle tiltaka i tråd med fortløpande evalueringar i prosjektperioden. Tilbakemeldingane frå lærarane etter første halvår førte difor til at timane med elevane vart trinninndelt og tilpassa konkrete læringsmål allereie frå februar. Mange uttrykte også at filmane måtte tilpassast dei yngste, då dei går fort og inneheld mykje informasjon. Arbeidet med endringane tek tid, og alt kan ikkje endrast samtidig, men arbeid pågår for å få endra alle timar i god tid før kvar månad det skal brukast.

Eit forskarteam frå Høgskulen i Volda er i gang med ei kvalitativ undersøking blant elevar, lærarar og foreldre på to av barneskulane i kommunen. Undersøkinga vil supplere kunnskapen om korleis Livet&Sånn treff behova desse gruppene kjenner på i kvardagen.

Kjelder

Lystad, A. H., Bjørkly, S (2018). Psykisk helse på timeplanen – kva meiner elevane. Fagfellevurdert: Psykisk helse på timeplanen – kva meiner elevane / Psykologi i kommunen nr. 4 2018 (psykisk-kommune.no)

Powered by Labrador CMS