Vår plan er at heile programmet til «Kurs i psykisk helse» vil liggje tilgjengeleg på nett kostnadsfritt for andre kommunar i god tid før ny læreplan i 2020, skriv Anne Hilde Lystad og Kristin Garaas Løchen. Ill.: Tone Lileng | post@tonelileng.no
Vår plan er at heile programmet til «Kurs i psykisk helse» vil liggje tilgjengeleg på nett kostnadsfritt for andre kommunar i god tid før ny læreplan i 2020, skriv Anne Hilde Lystad og Kristin Garaas Løchen. Ill.: Tone Lileng | [email protected]

Erfaringar med psykisk helse på timeplanen

Psykisk helse tek stor plass i ungdomars liv. Difor bør det òg få stor plass i skulen.

Anne Hilde Lystad er prosjektleiar for kurs i psykisk helse ved Ressursbasen, Virksomhet Barn og Familie, Ålesund kommune.

Denne fagartikkelen vart først publisert som kronikk i Utdanning nr. 1/2019. 

Kristin Garaas Løchen er psykolog ved Ressursbasen, Virksomhet Barn og Familie, Ålesund kommune.

 

 

 «For jeg er bare følelsesløs, helt til jeg slipper følelser løs».

Artisten Cezinando sin «€pa» (2016) ljomar ut i klasserommet, og vi har starta «Kurs i psykisk helse» i enda ei 8. klasse. I musikkvideoen viser unge skodespelarar følelsar i høgt tempo.

Skal tru kor mange namn på følelsar denne klassa greier å finne? Glad, sint, trist, sur, forelska, overraska ... «Det finst ein heil haug med følelsar, men kvifor har vi dei eigentleg? Er det nokon som har forslag?» Elevane ser nølande på oss og snur seg til kvarandre for å snakke saman litt. Ei forsiktig hand i været: «Er det fordi det hadde blitt kjedeleg utan?»

I den nye læreplanen som kjem hausten 2020, skal folkehelse og livsmeistring inn som kjerneelement i skulen (Kunnskapsdepartementet, 2017). Elevar skal då få kunnskap om blant anna psykisk helse. Mange har kjempa for psykisk helse sin plass i opplæringa, mellom anna Wiker (2015), Holte (2016) og Klomsten (2017).

Ålesund kommune har undervist elevar i psykisk helse sidan 2015 (Lystad, Heltne & Rørstad, 2017) og har no eit treårig prosjekt støtta av ExtraStiftelsen, som heiter Kurs i psykisk helse (Ålesund kommune, 2018). Fjortenåringane får ein dobbel undervisningstime tre veker på rad. I tillegg får både lærarane og foreldra årlege kurs i temaet.

Våren 2017 svarte 297 elevar på ei undersøking etter desse timane (Lystad og Bjørkly, 2018). Elevane meinte dei ville få mest nytte av å ha lært korleis ein kan vere ein god ven for ein som slit psykisk, og kva ein kan gjere for å ha god psykisk helse. Det å lære om psykiske lidingar hamna langt ned på lista. Etter denne undersøkinga endra vi programmet vårt. Vi la inn meir opplæring om følelsar, om å ha det vondt inni seg utan at det betyr at ein har ei psykisk liding, om lite heldige meistringsstrategiar og kva ein kan gjere for å ha det bra. I denne teksta ønskjer vi å formidle nokon utdrag frå timane med ungdomsskuleelevane og grunngje kvifor vi gjer det vi gjer.

 

Meir om følelsar

Korleis verkar vi eigentleg psykisk? Kva skjer inni oss når vi kjenner det vi gjer? Elevane får lære om ulike signalstoff som serotonin, dopamin, oxytocin og kortisol for å forstå at det vi kallar psykisk, er noko heilt konkret som skjer i kroppen og hovudet.

Vi ser filmen «Alfred og skyggen – En liten film om følelser» (Hagen, 2016). Etterpå snakkar vi om då Alfred viste venen sin at han var sint, sjølv om han eigentleg var trist. Dette kjenner vi oss att i. Vi har det kanskje slett ikkje bra, men svarer «Ja da, heilt fint!» når nokon spør om det går bra.

«Kvifor viser vi ikkje alltid våre ekte følelsar til kvarandre?» Elevane snur seg til kvarandre, ivrigare no, for dette har dei erfaring med.

Ei hand i veret: «Det er jo ikkje så lett å vite korleis det blir tatt i mot!» Ei til: «Eg likar ikkje å vere til bry». Og neste: «Kanskje blir det sagt vidare til andre?» «Kanskje ingen likar meg om eg er ærleg?» Vi bekreftar elevane sine svar og anerkjenner kor vanskeleg dette kan vere.

Vi snakkar om ulike følelsar og korleis følelsar kan kome i ulik styrkegrad. At det er heilt vanleg å kjenne seg bekymra, og at ein kan vere så redd at det kan kjennest umogleg å puste. Ein kan vere litt trist eller så trist at det kjennest som at kroppen rivnar! 

Etterpå vert elevane delt i grupper som skal finne ut korleis ulike følelsar kan kjennast i kroppen, teikne det på eit ark og vise det til dei andre i klassa. Dei jobbar ivrig saman, og nokre vil gjerne fortsette i friminuttet.

Evna til å regulere følelsar er ein viktig del av vår psykiske helse. Vår erfaring er at elevar sjeldan veit at vi har følelsar fordi dei gir oss nødvendig informasjon vi treng for å overleve, og for å vite kva vi har behov for. Vi ønskjer å styrke elevane si forståing for følelsar gjennom å øve på å kjenne att eigne og andre sine signal på følelsar, namngi følelsar, skilje mellom ulike følelsar og forstå kva behov følelsane formidlar. God forståing for følelsar gir eit godt utgangspunkt for å handtere dei på ein god måte (Fallmyr, 2017).

 

Kvifor slit nokon psykisk og andre ikkje?

Mange ungdomar har spurt oss om dette. Vi prøver å forklare det omtrent slik:

Vi er født ulike. Nokon er ganske robuste og toler mykje, medan andre er meir sårbare. I tillegg kan vi arve gen for psykiske lidingar, men det betyr ikkje at vi treng å få lidinga.

Opplevingar i oppveksten kan også påverke den psykiske helsa. Ikkje alle har hatt det så bra heime, og det kan vere mange ulike grunnar til det. Alle foreldre ønskjer å vere gode foreldre, men ikkje alle klarar det alltid. Nokon opplever vond krangling, psykisk eller fysisk vald eller seksuelle overgrep. Mange torer ikkje fortelje nokon at dette skjer.

Ein kan også ha opplevd andre traumatiske opplevingar, mista nokon ein er glad i eller ha vore alvorleg sjuk. Alle slike ting gjer noko med oss! Mange har også opplevd utestenging, mobbing eller einsemd. Ein kan ha opplevd mykje vondt i livet, og ha det stort sett greitt psykisk likevel, eller ein kan ha hatt det nesten berre fint, og likevel få psykiske helseplager eller lidingar, fordi det også heng saman med korleis ein har det i kvardagen sin no.

Elevane får delt ut eit stort ark med fire ruter. Her skal dei fylle inn det dei tenker kan føre til at ungdomar kan få vonde tankar og følelsar av skule, heim, sosiale media og vener og/eller jamaldringar.

Elevane jobbar ivrig i grupper. Dei skriv ned alt frå press om karakterar, klede, utsjånad, det å vere perfekt eller populær, til dårleg økonomi, mobbing, «blikking» eller å sjå at andre har det kjekt saman, utan å vere invitert sjølv.

Vi ønskjer å auke elevane si forståing for kva som fører til psykiske helseplager og psykiske lidingar. Det som utgjer grunnlaget for psykisk helse, er samspelet mellom genetiske, biologiske, psykologiske og kontekstuelle risikofaktorar, i nokon tilfelle utløysande hendingar, og beskyttande faktorar (Carr, 2006).

Når vi snakkar med elevane om korleis oppvekstforhold kan påverke den psykiske helsa vår, gir vi ekstra merksemd til traumatiske opplevingar som vald og overgrep, då dette er risikofaktorar for psykiske helseplager.

Undersøkingar viser at ein betydeleg del av befolkninga i Norge opplever fysisk vald og seksuelle overgrep, og at det for mange starta i tidleg barnealder (Thoresen & Hjemdal, 2014).

Mange fortel ikkje om desse hendingane før mange år seinare, i snitt tek det 17 år (Steine et al., 2016). Mange vaksne, inkludert fagpersonar, vegrar seg for å ta opp temaet med barn og unge (Albaek, Kinn & Milde, 2018). Ved å snakke med elevane om dette viser vi at ein kan snakke om det, at det er fleire som opplever slikt, og at ein ikkje skal måtte ha det slik. Det går an å få hjelp.

 

Å ha det vondt utan å vite kva som kan gjere det betre

Vi er opptatt av at dei som tyr til lite heldige meistringsstrategiar, skal kjenne seg forstått i våre timar:

«Mange ungdomar kjenner vonde følelsar som skam, einsemd, frykt, uro, stress og sinne. Den delen av hjernen som skal regulere desse følelsane er framleis ikkje ferdig utvikla. Når ungdomar kjenner seg desperate etter å få følelsar til å gå vekk kan dei difor gjere ein del dumme ting. Dei har ikkje lært korleis ein kan få det betre på ein god måte.»

Vi går igjennom ulike lite heldige meistringsstrategiar som å bruke mat for å få kontroll, streve etter perfeksjon, sitte oppe heile natta og spele, isolere seg, skade seg sjølv eller ha tankar om å døy. Elevane har retta seg opp i ryggen og har augekontakt med kurshaldar. Dette er spanande, dette angår dei, og dette har ingen snakka om på denne måten før!

For mange er ungdomstida ei periode der ein opplever sterke og svingande følelsar. Nevropsykologisk forsking har vist at hjernen er i stor endring i denne perioden, og at område i fremre deler av hjernen som skal regulere følelsane, enda ikkje er ferdig utvikla (Schore, 2003). Dette gjer det lettare å forstå kvifor ungdom kan streve med å regulere følelsane sine.

Barn og unge lærer å regulere følelsar i samspel med andre og ved å gjere seg erfaringar med kva som regulerer eigne følelsar (Siegel, 2012). Gradvis vert ungdomane betre til å regulere følelsane sine sjølve.

Nokre ungdomar vil streve med dette og kan utvikle lite heldige strategiar for å regulere følelsane sine. Vi ser at det å snakke om hensiktsmessige måtar elevane kan handtere sterke følelsar på, er noko som fleire kan oppleve som nyttig:

«Kva er lurt å gjere når følelsar og tankar gjer så vondt at vi kan bli desperate? Det er to ulike måtar å hjelpe seg på. Først må ein leggje merke til at ein har det vondt og bestemme seg for å gjere noko med det. Så kan ein for eksempel gjere på noko som er bra.

Kva kan du gjere på som gir deg gode følelsar i kroppen ei stund? Er det å trene? Å høyre musikk? Vere saman med nokon? Vere i aktivitet? Sjå på noko? Slike ting kan sende signalstoff ut i blodet ditt som gjer at du kjenner deg betre ei stund.

Det er likevel ikkje lurt å alltid gjere på noko for å få ubehagelege følelsar til å forsvinne. Følelsane våre gir oss jo viktig informasjon om kva vi eigentleg treng for å ha det bra!

Difor er det viktig å gi følelsane våre merksemd ved å kjenne litt etter og fortelje deg sjølv at det er greitt å kjenne det du kjenner. Det er verken feil, farleg eller unormalt, men det kan gjere veldig vondt!

Det er også lurt å sette ord på følelsane dine. Helst høgt til nokon du stolar på, eller du kan prøve å skrive dei ned for å rydde i hovudet ditt. For det er det som skjer. Du ryddar oppi hjernen din, og du får andre signalstoff ut i blodet som gjer at du kjenner deg betre».

 

Å vere ein god ven

For ungdomar kan det vere enklare å opne seg for ein ven enn å fortelje foreldre at ein har det vondt inni seg. Resultat frå Ungdata 2017 (Norsk institutt for forsking om oppvekst, (NOVA), 2017) viser at 90 prosent av dei 986 ungdomsskuleelevane i Ålesund kommune som deltok, svarte at dei har minst ein ven som dei stoler fullstendig på og kan snakke med om alt. Samtidig ser vi at ungdom i liten grad har fått opplæring i korleis dei skal handtere at vener har det vanskeleg, og kva ein bør gjere når vener fortel om vanskelege ting.

Kva er det lurt å gjere for at venen din skal få det betre? Bør ein seie frå til ein vaksen om ein ven fortel om sjølvskading eller tankar om å døy, sjølv om venen seier det skal vere hemmeleg? Dette er sentrale spørsmål å snakke med ungdom om. «Korleis kan ein vere ein god ven for nokon som slit? Er det å sitte å snakke og lytte? Eller er det like gjerne å gjere på noko heilt anna med venane sine? Det kan vere med på å vekke andre følelsar i kroppen.

Vener skal vere vener for kvarandre, ikkje terapeutar. Det er fint om venen din kan fortelje deg korleis han har det, så kan du kanskje følgje til helsesøster eller annan vaksen? Det er ikkje du som skal vere den som skal bere dette for venen din. Det er vaksne som best kan hjelpe. Sjølv om venen din seier det skal vere hemmeleg, kan det hende han eller ho likevel treng hjelp».

 

Positive tilbakemeldingar

Timane om psykisk helse er snart over, i nok ei klasse med ungdomar. Den siste dobbelttimen har vi jobba med kva ein kan gjere for å ha god psykisk helse. Vi har lært om søvn, riktig næring, fysisk aktivitet, det å vere saman med andre, snakke med nokon når ein har det vondt, og vi har prøvd ulike avslappingsteknikkar. «Har desse timane gått greitt?» «Ja! Det var artig!» «Det var nyttig.» «De burde ha med enda fleire filmar!» «Det var kjekkast med sånne gruppeoppgåver!»

Elevane har lært ting dei ikkje kunne frå før. Dei har lært frå filmane, frå oss og frå kvarandre. Heile 95 prosent av elevane som fekk kurset våren 2017, svarte at det er viktig at elevar på ungdomsskulen får lære om psykisk helse (Lystad & Bjørkly, 2018).

Våren 2018 gjennomførte vi ei ny undersøking med 750 elevar som har hatt dette kurset. Resultata av denne vil bli delt i ein eigen artikkel, men det er tydeleg at vi har nådd fleire av måla våre med det nye opplegget.

Dei fleste elevane meiner dei har lært mykje, synest dei har fått nyttige tips, veit kvar dei kan få hjelp ved behov, trur dei kjem til å snakke med nokon dersom dei har det vondt og veit kva dei kan gjere for vener som har det vondt.

Også foreldre, lærarar og helsesøster kjem med gode tilbakemeldingar på opplegget. Helsesøster er med å halde kursa og opplever at dette gir eit godt utgangspunkt for samtale med elevane i etterkant. Også lærarane opplever at timane gir eit felles språk om noko det elles kan kjennast vanskeleg å snakke om.

 

Vegen vidare

Programmet vårt vert i dag brukt av fleire andre kommunar, og enda fleire ønskjer å bli med vidare. I tillegg er vi i gang med produksjon av filmsnuttar som skal forenkle undervisninga slik at fleire kan ta programmet i bruk.

Vår plan er at heile programmet vil liggje tilgjengeleg på nett kostnadsfritt for andre kommunar i god tid før ny læreplan i 2020.

Sjølv om materialet vert tilgjengeleg og vert enklare å bruke når meir blir formidla på film, er erfaringa vår likevel at det ikkje kjennest heilt enkelt for alle vaksne å skulle ha slike timar for elevane. Det er uvande tema, med mykje som kan sette i gong følelsar både i ungdom og oss vaksne.

For å gjere lærarar til trygge formidlarar av det nye kjerneelementet Folkehelse og Livsmestring trur vi mange vil ha behov for kompetanseheving i form av kurs og refleksjon. Og kanskje bør helsesøster, miljøterapeut eller psykolog ha viktige roller saman med lærarane i slike timar?

Innføringa av kjerneelementet Folkehelse og Livsmestring gjer det mogleg å gi ungdom god undervisning om psykisk helse. Vi håper skulane nyttar denne sjansen og let temaet få stor nok plass, for det tek stor plass i livet til dei unge.

 

 

Referansar:

• Albaek, A.U., Kinn, L.G., & Milde, A.M. (2017): Walking Children through a Minefield: How Professionals Experience Exploring Adverse Childhood Experiences. Qualitative Health Research, 28(2), 231-244.

• Carr, A. (2006): The Handbook of Child and Adolescent Clinical Psychology: A Contextual Approach (2. utg.). London: Routledge.

• Cezinando (7. oktober 2015): €PA [videofil]. Frå https://www.youtube.com/watch?v=aJYbuTrjzd8

• Fallmyr, Ø. (2017): Følelseshåndtering og relasjonsbygging i skolen. En emosjonsfokusert tilnærming. Oslo: Universitetsforlaget.

• Hagen, A.H.V. (2015, 24. mai): Alfred & Skyggen – en liten film om følelser (oppdatert versjon) [videofil]. Frå https://www.youtube.com/watch?v=UYDUocIGep4

• Holte, A. (2016, 18.juni): Sats bredt på psykisk helse i barnehagen og skolen! Frå https://psykologisk.no/2016/06/sats-bredt-pa-psykisk-helse-i-barnehage-og-skole/

• Klomsten, A.T. (2017): Psykisk helse som eget fag i skolen. I: Uthus, M. (Red.): Elevenes psykiske helse i skolen (s.255-285). Oslo: Gyldendal Akademisk.

• Kunnskapsdepartementet (2017, 7. september): Verdier og prinsipper for grunnopplæringen – overordnet del av læreplanverket. Frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/verdier-og-prinsipper-for-grunnopplaringen/id2570003/

• Lystad, A.H. og Bjørkly, S. (2018): Psykisk helse på timeplanen – kva meiner elevane. Frå http://www.fpkf.no/wp-content/uploads/2018/09/Psykisk-helse.pdf

• Lystad, A.H., Heltne, H. & Rørstad, I.K. (2017, 11. oktober): Undervisning i psykisk helse. Frå https://www.utdanningsnytt.no/utdanning/debatt/2017/oktober/undervisning-i-psykisk-helse/

• Siegel, D.J. (2012): The Developing Mind. How Relationships and the Brain Interact to Shape Who We Are (2. utg.). New York: Guilford Publications.

• Schore, A.N. (2003): Affect Dysregulation and Disorders of the Self. New York: W.W.

• Steine, I.M., Winje, D., Nordhus, I.H., Milde, A.M., Bjorvatn, B., Grønli, J. & Pallesen, S. (2016): Langvarig taushet om seksuelle overgrep. Prediktorer og korrelater hos voksne som opplevde seksuelle overgrep som barn. Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 11, 888–899.

• Thoresen, S., & Hjemdal, O.K. (red.) (2014): Vold og voldtekt i Norge. En nasjonal forekomststudie av vold i et livsløpsperspektiv. Oslo: Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress.

• Norsk institutt for forsking om oppvekst (NOVA) (2017): Ålesund 2017 – Nøkkeltall (ungdomsskolen). http://www.ungdata.no/Fylker-og-kommuner/Moere-og-Romsdal/AAlesund/AAlesund-2017-Noekkeltall-ungdomsskolen

• Wiker, G. (2015, 9. desember): Krever psykologi i skolen. Frå https://www.psykologforeningen.no/foreningen/nyheter-og-kommentarer/aktuelt/krever-psykologi-i-skolen  

• Ålesund kommune (2018, 20. august): Psykisk helse på timeplanen. Frå http://www.alesund.kommune.no/aktuelt/nyhetsarkiv/9303-psykisk-helse-pa-timeplanen