Undervisning i psykisk helse

Arbeidet med psykisk helse i skulen må gjerast heile tida.

I Ålesund kommune har vi utvikla eit kurs i psykisk helse for elevar på ungdomsskulane. Dette kurset har vi brukt i to år, og vi har no saman med Mental Helse fått midlar frå Extrastiftelsen til å vidareutvikle kurset og sikre vidare drift. Kurset har fått gode tilbakemeldingar, og vi ønsker å dele våre erfaringar. I denne artikkelen vil vi beskrive bakgrunn, innhald og metode for kurset. Vi vil fortelje om erfaringar og tilbakemeldingar frå elevar, foreldre og lærarar. Den psykiske helsa til elevar og tilsette i skulen heng tett saman med trivsel og læringsmiljø. Arbeid med psykisk helse i skulen handlar ikkje berre om å sette det på timeplanen. Det er noko ein jobbar med kvar einaste dag. Det handlar om korleis ein forstår kvarandre, rommar kvarandre og er opne for å vere til stades i relasjon til kvarandre.

Dette innlegget finner du også i Utdanning nr. 5/2017

 

Å undervise elevar i psykisk helse

Elevar i ungdomsskulen er ikkje ei einsarta gruppe. Dei har ulike erfaringar og bakgrunn. Nokre veit mykje om psykisk helse, andre ingenting. Vi har alltid spurt elevane før, eller i starten av kurset, om kva dei lurer på om psykisk helse. Elevane spør om alt frå: «Er det farleg å få slik psykisk helse?», «Er ein psykopat dersom ein har ei psykisk liding?», til: «Venninna mi skadar seg sjølv, men eg får ikkje fortelje det til nokon. Kva kan eg gjere?». Mange har eigne erfaringar. Nokre av dei har fått ulike reaksjonar i timane og blitt følgt opp individuelt. Vi har valt å vere tydelege og direkte når vi snakkar med elevane. I programmet «Alle har en psykisk helse» har ein valt at elevane skal lære mest av kvarandre. Vår erfaring er at elevane også har stor nytte av å få faktainformasjon om psykisk helse frå fagfolk. Dei ser ut til å like ei blanding av undervisning og oppgåver der dei jobbar saman.

I dag veit vi kor avgjerande tidlege erfaringar i livet er for den psykiske helsa vår seinare. Det er skremmande at nokre av dei mest smertefulle opplevingane til born og unge framleis ikkje kan snakkast om. Dei har ikkje språk for å uttrykke det dei har opplevd, og dei kjenner seg utrygge på korleis dei vil bli møtt. Når vi spør ungdomar kvifor dei ikkje snakkar om psykiske problem, svarar dei at dei er redde dei ikkje vil bli forstått. Dei er redde for å bli erta og at det dei seier, blir spreidd vidare, at problema er for små eller at dei vil bli sett på som annleis. Vi opplever at ungdomar kan ha eit krevjande forhold til det å ha sterke kjensler. Mange har få strategiar for å roe sine eigne kjensler og smerte. Dei har ikkje lært det som barn, eller dei har ikkje eit medvite forhold til kva som er lurt ved ulike behov. Vi ser at elevar, lærarar og foreldre treng eit felles språk og forståing av psykisk helse.

Lærarane opplever tidspress for å rekke å leie elevane gjennom alle måla for faga. I tillegg er det andre satsingsområde og aktivitetar som tek tid. Nokre av lærarane kjenner det vanskeleg å bruke undervisningstid til kurset, sjølv om dei er samde i at elevane treng det. Vi har stor forståing for dette. Vår erfaring er at elevar ikkje alltid har nytte av å delta i undervisning når dei samstundes slit med tankar og kjensler. Dei har ikkje alltid tilgang til den delen av hjernen som skal ta inn læring når livet gjer vondt. Elevar kan oppleve gyldiggjering av det dei slit med gjennom meir kunnskap og fokus på området. Det er viktig at dei veit meir om korleis dei kan få det betre. For nokre av elevane utgjer kurset ein enorm skilnad. For andre vil det vere ein start og eit bakteppe for å skjøne kva god eller dårleg psykisk helse inneber for dei.

 

Bakgrunn

Vi starta dette arbeidet i januar 2015 inspirert av Arne Holte, som seier at ein oppnår meir med universelle tiltak enn å hjelpe dei som allereie slit. Førebyggjande helsearbeid er dokumentert å ha høg samfunnsøkonomisk og menneskeleg vinst (Holte, 2016). Eigentleg var oppdraget å lage eit tiltak for ei gruppe elevar med symptom på psykiske vanskar og lidingar. I staden for å lage eit gruppetiltak forma vi ut vi eit kursopplegg for alle elevar på trinnet. Vi sette saman eit eige opplegg, då programmet «Alle har en psykisk helse» legg opp til meir tid til gjennomføring enn skulane kunne avsette. Vi brukte nokre av øvingane frå permen, og oppbygginga der ein startar med kva som påverkar helsa, psykiske problem og psykiske lidingar. Kurset fungerte bra, og fleire skular tok kontakt. Kvar gong vi har køyrt kurset på eit nytt trinn, har vi fått høve til å vidareutvikle det. Vi har no undervist 36 klasser. Til saman 834 elevar har evaluert kurset. Elevane har lært oss mykje gjennom spørsmål, deltaking og evaluering. Dette har gitt oss moglegheit til å utvikle eit program som no verkar veldig rett.

 

Kurset 

Kurset går over tre veker med 90 minutt per veke i kvar enkelt klasse. Kvar kursdag har eit tema med eigne læringsmål.

Dag 1 – Psykisk helse 

Læringsmål: Psykisk helse er korleis vi har det med tankar og kjensler. Nokre gongar er tankar og kjensler gode, andre gongar er dei vonde. Vi kan oppleve at dei vert fastlåste og vi treng hjelp for å få det betre. Elevane skal skjøne korleis tankar og kjensler verkar på og i kroppen. Dei skal kunne skilje mellom positive og negative måtar å bruke tankane på, og bli medvitne korleis ein påverkar og endrar kjensler med handlingar og gode tankemønster.

Dag 2 – Psykiske lidingar

Læringsmål: Elevane skal ha kjennskap til dei vanlegaste psykiske lidingane. Dei skal vite noko om symptom på korleis det kan vere å ha det slik. Kva kan vere lurt å gjere for å bli frisk? Når bør ein be om hjelp, og kvar kan ein få det? Dei skal også kjenne seg tryggare på korleis ein kan vere ein god ven for nokon som har det vondt.

Dag 3 – God psykisk helse 

Læringsmål: Elevane skal vite kva dei sjølve kan gjere for å vareta og sikre god psykisk helse. Dei skal ha reiskap for å roe ned tankar og kjensler og verktøy for å rydde i tankekaos og kunne løyse problem i kvardagen. Elevane skal vite at det er viktig å gjere noko kjekt og vere saman med andre for å skape gode kjensler i kroppen. Det er gjennom handling og samhandling endring skjer.

 

Pedagogikk og metode

Vi som har utvikla denne kurspakken, har alle lang erfaring frå skulen. Vi er ART-trenarar (Aggresion replacement training, red.anm.) og fagutdanna innan ulike felt av psykisk helse, pedagogikk, spesialpedagogikk og utviklingslære. Vi ville at kurset skulle treffe alle elevar uavhengig av kjønn, læringsstil og erfaringsbakgrunn. Kurspakken har raskt tempo, variasjon i opplæringsmåtar, repetisjon, visualisering, humor og modellering av ferdigheiter (vise og øve, ikkje berre høyre). Vi brukar det vi kan om god klasseleiing og er alltid to som held kurset saman. Kontaktlærar, eller andre lærarar som kjenner klassa, er alltid med.

Vi har valt å bruke prinsippet om psykoedukasjon. Elevane får konkret kunnskap om korleis kropp og hjerne produserer hormon som kjenst som gode eller vanskelege kjensler. Dei får lære om amygdala som «dørvakta» som vurderer i kor stor grad informasjon frå sansane skal sendast opp i tenkehjernen eller ned i kroppen som ein kjenslereaksjon. Dei lærer korleis samspelet fungerer når ein opplever angst, korleis kjemien i ein ungdom kan verte endra ved ei kroppsbildeforstyrring, og at kroppen kan bedøve psykisk og fysisk smerte ved sjølvskading. Vi trur at ved å forstå desse prosessane, vert ungdomane betre i stand til å ta grep og bruke sunnare teknikkar for å regulere vanskar og smerter. Det å forklare dette slik gjer at gutane vert ivrige deltakarar i timane og forstår at kjensler ikkje berre er ei «jente-greie». Mange elevar har spurt om årsaka til at somme får psykiske lidingar. Inspirert av kunnskap om utviklingspsykopatologi har vi laga ei visualisert framstilling av samanheng mellom opplevingar i livet, korleis ein blir varetatt og korleis helsa kan vere. 

 

Resultat

Etter to år med undervisning i psykisk helse sit vi no med ei stor mengd evalueringsark frå elevane. Her har elevane mellom anna svart på kva dei kjem til å ha mest nytte av vidare, kva dei lærte mest av og i kor stor grad det er viktig at elevar på ungdomsskulen får lære om psykisk helse. Desse elevsvara vert no forska på. Vi ser av svara at dei meiner det er viktig/svært viktig at elevar får lære om psykisk helse. Heile 86 prosent av elevane kryssar av på eit av desse to alternativa. Det som også skil seg ut, er at elevane meiner at det å vere ein god ven for nokon som slit, er noko av det dei trur dei får mest nytte av. 62 prosent har kryssa av for dette alternativet. 50 prosent har kryssa av på kva ein kan gjere for å ha god psykisk helse.

I tillegg til elevevalueringane har vi fått munnlege tilbakemeldingar frå lærarar og føresette. Lærarane poengterar at kurset har vore ei god hjelp til å ha betre samtalar med elevar som slit. Ein har fått eit felles språk og verktøy for vanskelege samtalar gjennom Psykologisk førstehjelp (solfridraknes.no). Lærarane seier det er viktig at vi kjem utanfrå og har trygg fagkompetanse på temaet. Dei er også opptekne av at dei sjølve må vere til stade i timane, slik at dei får den same kunnskapen som elevane og kan gi betre oppfølging etterpå.

Vi held også foreldrekurs og kurs for tilsette som ein del av kurspakken. Vår oppleving er at vaksne ofte ikkje har nok kunnskap om psykisk helse til å kunne forstå og følgje opp dei som treng det. Foreldre har gitt tilbakemelding om at vi formidlar kunnskap om psykisk helse på ein enkel måte. Ofte spør dei når neste kurs er, slik at fleire kan få kome og lære.

 

Psykisk helse i skulekvardagen

Vi har tru på at vi har sådd ei gryande forståing for kva psykisk helse handlar om. Ideelt sett er det like naturleg å kjenne på og snakke om psykisk helse som fysisk helse. Rom for dette skapar ein gjennom dagleg drift og opplæring. Læraren jobbar med læringsmiljøet gjennom undervisning, opplæring og arbeidet som klasseleiar; skuleleiinga gjennom utviklingsarbeid der det vert sett av tid og ressursar.

Det er på tide det vert meir merksemd om psykisk helse, både i lærarutdanningsinstitusjonane, i læreplanverket og i utviklingsarbeidet på skulane. Samanhengen mellom psykisk og fysisk helse er vel dokumentert. Nyare forsking viser at kropp, kjensler og tankar er samspelande og at godt førebyggjande arbeid må ta høgde for dette.

Vi har i denne artikkelen fortalt om kurset Psykisk helse, og om nokre av dei erfaringane og tankane vi har gjort oss. Vi trur vi er inne på noko riktig i det vi gjer og vonar at dette er noko fleire elevar skal få sjansen til å lære om. Vi er opptekne av at psykisk helse må inn i læreplanane, og vi støttar forslaget om å få Livsmeistring inn som fag i skulen (Regjeringen 2016). I tillegg vil vi presisere at å støtte elevar si psykiske helse i skulen ikkje berre handlar om å undervise dei om det. Vi må møte elevane som heile menneske i kvardagen, lage gode miljø å utvikle seg i, og gi dei vaksne som kan, vil og har rom for å snakke med dei om korleis dei eigentleg har det.

 

  • Anne Hilde Lystad er barnevernspedagog
  • Inger Karin Rørstad er spesialpedagog
  • Hilde Heltne er spesialpedagog

Alle jobber i grunnskoleteamet i ressursbasen i VH Barn og familie i Ålesund

 

 

Powered by Labrador CMS