lektor lærer

Etterlengta og aktuell bok om lektorane si historie i Norge 

Boka om lektorane si historie står fram som ein svanesong for lektorane, og mindre som ei oppfordring til revitalisering.

Publisert Sist oppdatert

Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik har skrive ein imponerande gjennomgang av historia til dei studieførebuande programma i Noreg. I boka Frå embetsmann til streikevakt følgjer vi utviklinga i den studieførebuande delen av vidaregåande skule gjennom 150 år. 

Det er to kjende skikkelsar frå tillitsvaldsida i utdanningssektoren som har gitt ut bok. Anders Folkestad (f. 1949) er utdanna lektor med hovudfag i engelsk frå Universitetet i Bergen. Folkestad har vore tillitsvald i ei årrekkje. Han var leiar i NUFO/Lærarforbundet gjennom størstedelen av 1990-talet. Torbjørn Ryssevik (f. 1949) er utdanna lektor med hovudfag i historie frå Universitetet i Bergen, har vore tillitsvald og har jobba i Utdanningsforbundet.

Slik eg ser det, er Frå embetsmann til streikevakt ei etterlengta, nødvendig og aktuell bok. Den lyser opp eit stykke historie som har lege i mørket for lenge; historia til den vidaregåande skulen.

Ein viktig diskusjon forfattarane fører til torgs, har vore underkommunisert i den offentlege debatten om den vidaregåande skulen, ja eigentleg om heile utdanningsløpet. Det er det forfattarane kallar kompetansefallet. Det er eit paradoks at politikarane på byrjinga av 2000-talet sa at kunnskap er den nye olja, medan dei sidan har kutta ned på utdanningslengda og fordjupinga til lektorar og lærarar samstundes som både lønn- og arbeidsforholda har vore under angrep.

Dette går forfattarane grundig og fagleg inn i – den diskusjonen er svært viktig, og kudos til dei for å ta den opp. Vi lesarar nyt godt av at begge forfattarane har lang erfaring frå skule, skulepolitikk og tillitsvaldarbeid. Og dei har klart å gjere boka interessant, lærerik og oversiktleg.

Frå embetsmann til streikevakt

Av Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik
Kolofon forlag
276 sider

Blindsone

Men ein stad har forfattarane ei blindsone som eg finn overraskande. Det gjeld framstillinga av Kunnskapsløftet. Eg les det som at forfattarane meiner Kunnskapsløftet handlar om å satsa på kunnskap eller å venda tilbake til ein meir kunnskapsorientert skule. Den forståinga treffer ikkje heilt. 

Kunnskapsløftet er jo inga kunnskapsreform, men ei kompetansereform, slik eg ser det. Og aller mest ei styringsreform. Det er den reforma som har endra skulen mest, både med tanke på at lærarar og lektorar blei meir styrde ovanfrå og at dei samstundes mista mykje ved at kompetanseomgrepet stal mykje av merksemda kunnskap og innhald hadde i dei gamle planane. 

Dette har hatt mest å seia for nedvurderinga av lektorane, meiner eg. Den utdanninga dei hadde, blei mindre relevant til fordel for innhaldet i ein annan masteridé, nemleg kvalitet. Kvalitetsomgrepet har i lita grad omfatta det fagspesifikke innhaldet i skulen, som jo var lektoranes domene. Likevel kan det virke som forfattarane legg meir ansvar på Gudmund Hernes' reform i 1994, enn på Kristin Clemets styringsreform i 2006, der ho sa farvel til innhaldslæreplanar og innførte kompetansemålstyring. 

Det er rart at dei ikkje problematiserer i særleg grad kva rolle teknokratane i Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet har spelt når det gjeld å ta frå lektorane det faglege hegemoniet på fellesfaga og programfaga i den vidaregåande skulen. Den konkrete kunnskapen er systematisk bytt ut med kompetansar og ferdigheiter. Kunnskapsløftet og fagfornyinga er ein slags symbiose av (god) gammal reformpedagogikk (som også la vekta på kompetanse) og internasjonale utdanningstrendar, mellom anna frå OECD og politiske tankesmier frå USA, med eit tydeleg islett av marknadsliberalisme.

Eg forstår det slik at Ryssevik og Folkestad meiner Kunnskapsløftet var å venda tilbake til kunnskapsorientering. For det elementet er til stades i Kunnskapsløftet gjennom satsinga på lesing, skriving og rekning. Men eg synest den forståinga ber preg av å forstå samtida med gamle briller og at dei tolkar den seinaste utviklinga i skulen i lys av dei motsetningane som fanst før. Er det forbitringa over Hernes' skulereform som framleis rir dei? 

Styringssystemet som hindring

Som tillitsvald i skulen synest eg det er rart at dei ikkje legg meir vekt på korleis styringssystemet i dag hindrar lærarar eller organisasjonar å vera aktive aktørar i utdanningspolitikken. Eksamensfadesen vi fekk sjå i vår, har tydeleg vist det. Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet høyrde ikkje på adjunktane eller lektoranes faglege råd i den saken. Så den delen av boka som ein kan lese som ein apologi over styringa av skulen, den er merkeleg.

Forfattarane trekkjer fram den urettferdige kritikken av lektorar som autoritære eksamensdrivarar, skulda for åndeleg hovmod og så bortetter. Og eg kan kjenne igjen skildringa av pedagogen mot fagidioten frå mitt eige virke som lærer, og eg trur den skildringa er rett. Likevel kjem eg ikkje unna at boka gjennomgåande kan stå fram som noko indignert på vegne av lektoren, og i mindre grad seier noko om kva som må til for å revitalisere lektoren og faga i vidaregåande. Og ikkje minst; korfor vi bør gjere det.

Og det er eigentleg synd, for det eg oppfattar som ein stort og viktig poeng forfattarane vil fram med, er nettopp kompetansefallet i den vidaregåande skulen. Dessverre overskyggjer indignasjonen over ein fallen stand problematiseringa av at me som kunnskapssamfunn kanskje har latt det lettvinte ta plassen til det fagleg solide.

Derfor hadde eg gjerne sett at boka stod meir fram som ein gullalderdraum. No står boka for mykje fram som ein svanesong for lektorane, og mindre som ein oppfordring til revitalisering. Men vi er faktisk fleire og fleire som kjempar for ein renessanse for faga og for at lang og god utdanning må vera sjølvsagd for å undervisa i den vidaregåande skulen. Det treng Noreg, og det treng framtida.

Så boka til Folkestad og Ryssevik fortener å bli lest, av lærarar, politikarar og ikkje mint av dei vi framleis kallar skuleeigarar. Eg ser fram til debatten eg håper kjem.

 

 

 

Powered by Labrador CMS