Det har blitt ein mani for politikarar og organisasjonane å tvihalde på masteren i lærarutdanninga

Debatt: Master bør vere frivillig, også for læraren.

Publisert

Om dagen les eg boka «Frå Embetsmann til streikevakt» av Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik. (2023). Det er ei rikhaldig historisk framstilling med eit vell av problemstillingar rundt lektoren si utvikling og vilkår i norsk skule.

Til grunn for framstillinga skisserer dei ei historisk spenning mellom lektoren og dei andre stillingskategoriane. Tradisjonelt er grunnskulen dominert av allmennlæraren, medan lektorane dominerer i vidaregåande. Allmennlæraren har generell fagkunne i ei rekke fag, medan lektoren i tillegg har fordjuping i eitt. Allmennlæraren fekk kompetansen sin frå lærarskulen, medan lektoren hadde bakgrunn frå universitetet.

Det har ikkje blitt bevist at denne «arbeidsdelinga» har vore ugunstig for skulen som heilskap, men det har likevel blitt gjort mange politiske grep for å utlikne skilnadane mellom allmennlæraren og lektoren. I dag må du bli lektor for å bli lærar. Eg tvilar på at dette grepet er vellukka, eg trur ikkje det har sett til side spenninga mellom allmennlærar og lektor, men heller kamuflert det.

Eg ser på det som ei stor bjørneteneste at lærarutdanningane og universiteta har blitt styrt i retning av å produsere like yrkesutøvarar. For å stimulere til fullføring, er det og lærestad etter lærestad som «prutar ned» masteroppgåva. Det som før var to års fulltidsarbeid, har fleire plassar blitt so redusert at det heller kan vere snakk om ei semesteroppgåve. Det er ikkje strie fordjupinga!

Eg vil ikkje snakke ned mine kollegaer med lærarskulebakgrunn, tvert om. Samspelet mellom dei med sjølvvalt fordjuping i fag, og dei som har utdanning i breidde, ser eg på som ein kvalitetsgaranti for skulen. Når alle skal bli like, forsvinn denne kvaliteten som handlar om diversitet og perspektiv.

Den gamle lektoren

Eg frykter mest tapet av den gamle lektoren. Lektoren som valde å fordjupe seg i eit fag ut frå fagleg interesse. Ein fagperson med røter i ein tradisjon og dermed ein fagleg heilskapsforståing å tufte lærargjerninga si på.

Ein lektor i fag som norsk eller historie står midt i humaniora sitt kjerneområde, og kan med tyngde og pålitelegheit kommunisere fagleg kunnskap og til ei kvar tid vere førebudd på eleven sine spørsmål og behov. I desse faga møter vi alle svar på kva det kan innebere å vere menneske. Gir vi elevane språkleg og historisk ballast, styrker vi dei for livet.

Då kjernelementgruppa for norskfaget skulle lage fasong på dei tverrfaglege temaa, var «livsmeistring» kanskje det minst problematiske. Norskfaget er tvers gjennom livsmeistring. Det er nesten ingen grense for kva dette faget hyser. Eg ser sjølv ikkje på læreplanen som oppdragsgjevar for norskfaget, men omvendt. Oppdraget vårt er i språket og i litteraturen vår, ikkje i eit usselt og flyktig styringsdokument.

Universiteta har gått altfor stille i dørene med å forsvare den sterke og stolte lektoren som representerer faget sitt på ein påliteleg og truverdig måte. Vi er vane med at lærarutdanningane tilpassar seg politiske vindar, men tradisjonelt har universiteta stått for ei anna line, der dei har stått for sin eigenart og vore ei motstemme når det faglege har vore trua av politiske påhitt.

«Akademisk» har blitt eit skjellsord, når det burde vere eit heidersord for kunnskapens sin utviklingsfront. Eg får seie som Trude Drevland: «Skjerpings!» Universiteta har blitt for lydige, sikkert fordi dei har mista autonomi og av omsyn til neste løyving må halde seg inne med makta.

Før lektortvangen vart innført, sorterte vi oss etter interesser. Dei som ville raskt ut i klasserommet, kunne gjere det med ein cand.mag. og pedagogisk seminar. Hovudfag var noko ein kunne, men ikkje måtte, det er ein stor skilnad. Det gjorde at dei som valde det faktisk var motiverte for fagleg fordjuping.

Master bør vere frivillig, også for læraren

Mange unge kan bli flotte og dyktige lærarar, utan at dei har den driven som trengs for å gjennomføre skrivinga av ei masteroppgåve. Likevel har det blitt ein mani både for politikarar og organisasjonane å tvihalde på denne masteren. Master bør vere frivillig, òg for læraren. Det hadde gjort at kvaliteten på lektoren hadde heldt seg oppe, og vi hadde heldt på ei kreativ spenning mellom breidde og fordjuping i skulen.

Vi er på god veg til å duppe i ei grautskål utan sukker, smør, salt eller kanel. Det ser mørkt ut, og smakar ingenting. Takk til Folkestad og Ryssevik som minner oss på at variert kosthald er det beste.

Powered by Labrador CMS