Dei viktigaste tekstane i skulen

Debatt: «AI har blitt klasserommet sin elektriske sykkel. Visst får du framdrift, men når du er tom for straum, sit du der som ein idiot.»

Publisert

Vi har hatt mange runder med kva som er dei viktigaste tekstane til bruk i skulen. Kva tekstar har det største danningspotensialet for elevane våre å arbeide med? Tekstane har blitt selekterte av ulike kriterier. Nokre tekstar er gjerne som pedagogiske lærestykke å rekne, medan andre er berre diffuse komponentar i det vi enda meir diffust omtalar som «kulturarven». For mange lærarar handlar forvaltninga av desse tekstane utan tvil om eit privat sorgarbeid, der ein med tårer i augekroken fortviler over klassikaren som forsvann.

Dei viktigaste tekstane i skulen finn ein diverre ikkje i ei kanonisert liste av litteratur, med hovudtyngden på seint 1800-tal. Dei viktigaste tekstane i 2023 vert skrivne i 2023, av elevane våre. Gjennom eigen skriving vert ein kjend med og utviklar si eiga tenking, og ein får synlege prov for språkkompetansen ein har tileigna seg. Å skrive er å dannast, og det er ein intim prosess mellom skrivaren, verda og skriftteiknet. Gjennom å skrive skriv vi oss sjølv inn i verda som individ, og avdekker kvar vi står, både språkleg og menneskeleg.

Eleven si tenking er mest interessant

Kva og korleis eleven skriv, er viktigare enn kva dei les av kanoniserte og framandgjerande tekstar som gir oss lærarar finkulturell forløysing. Alt kan rakne, men so lenge eg har gjort mitt for allmenn fordømming av Torvald Helmer, kan eg sove godt til natta. Eleven si tenking er den mest interessante tenkinga i klasserommet, og det er denne vi må få på trykk so autentisk som mogleg.

Vi må ikkje gløyme at når frontane hardnar til i diskusjon av kunstig intelligens eller vurdering, er det til sjuande og sist skriving vi diskuterer. Kor mykje kan vi sleppe til AI som hjelpemiddel før vi ikkje lenger kjenner at oss sjølv i teksten? Kor mykje kriteria kan vi køyre inn i læringsprosessen før den brått vert tømt for inspirasjon og utforsking? Skrivinga vi gjer i skulen er trass alt ikkje for å lage best moglege tekstar, det er for å stimulere til språkleg og kognitiv utvikling hos individet. Gagns menneske og ein fullverdig medborgar er kanskje ein og same sak.

Ei god skriveopplæring opererer kontinuerleg i spennet frå det vi kallar det lokale til det globale nivå: frå einskildteikn til den sosiokulturelle konteksten som teksten går inn i. Eg seier ofte til elever/deltakarar at eg er ikkje interessert i perfekte tekstar, eg er interessert i autentiske tekstar. Får eg ein tekst du har skrive sjølv, kan eg og sjå kva du treng hjelp med, og korleis du tenker.

Mindre AI = større eigarskap

Når det gjeld AI: til mindre AI som vert brukt i ein skriveprosess, til større eigarskap til teksten har mennesket ved tastaturet. Ufullkommen og menneskeleg er betre enn fullkommen og umenneskeleg. Når eg les ein elevtekst som eg veit berre er eleven sin, ser eg det faglege «andletet» tydeleg, og kan gje ei høvande tilbakemelding. Når eg ikkje veit kva i teksten som er menneske og kva som er maskin, er eg avskoren frå eleven sin reelle kompetanse, og kan ikkje hjelpe med noko som helst.

Språkmodellane truar med å prege læringsprosessar i alle ledd, og det å vurdere vert krevjande når ein ikkje veit kva ein vurderer; er det eleven sin faktiske kompetanse, eller er det kompetanse i å bruke KI? Skulen treng eit skriveløft, det er på tide med eit likeverdig forhold mellom lesing og skriving, og det har vi ikkje i dag.

Styrkar vi skrivinga, styrkar vi tenkinga, og styrker vi tenkinga, har vi hjelpt til å føre eleven eit steg til inn i samfunnslivet. Når diskusjonen gløder om AI eller om vurdering, saknar eg ei avklaring av kva vi utgangspunktet vil med skriving. AI har blitt klasserommet sin elektriske sykkel. Visst får du framdrift, men når du er tom for straum, sit du der som ein idiot.

Powered by Labrador CMS