Situasjonen for små vidaregåande skolar i distrikta er blir kaldt ein udetonert bombe, men er ikkje diskutert i valkampen. Her Nordkjosbotn vidaregåande skole i Troms.

Liten interesse for vidaregåande skole i valkampen

Opptakskriteria er den einaste valkampdiskusjonen om vidaregåande opplæring i valkampen, konstaterer fylkesleiarar i Utdanningsforbundet

Publisert Sist oppdatert

Dei nye fylka Troms Finnmark, Trøndelag, Vestland, Agder, Vestfold-Telemark og Innlandet vel nå fylkesting for første gong.

Utdanning har snakke med tillitsvalde på fylkesnivå i Utdanningsforbundet i dei nye fylka og spurt om vidaregåande har vore sentralt i valkampen. Vidaregåande opplæring ligg under fylkestinget.

Fylkesleiar Geir Røsvoll i Trøndelag er den minst negative i si vurdering av vidaregåande skole sin plass i valkampen. Han trekk fram at fleire lokalaviser i fylket har tatt opp karakterbaset inntak eller ikkje, og at denne saka har vore godt framme i valkampen.

Samstundes konstaterer Gry Rollag Føsker i styret for Utdanningsforbundet Innlandet at der er ikkje saka diskutert i valkampen i det heile.

– I møteverksemda i tilknyting til samanslåinga vart det alt i juni slått fast at i det nye fylket skal elevane bli tatt opp etter kva for skole som er nærmast. Difor har det ikkje vore debatt i valkampen, seier ho.

Opptak

Frå dei andre fylka blir det konstatert at når tilhøve rundt vidaregåande opplæring er blitt diskutert, så er det stort sett avgrensa til å vere ein diskusjon om opptakskriterium. Høgre sine fylkesparti vil ha karakterbasert opptak, og møter meir og meir motstand utover mot venstresida i politikken.

– Vestfold hadde opptak basert på karakterar, i Telemark fekk elevane plass på nærmaste skole. Nå har Høgre varsla at frå skoleåret 20/21 vil dei ha karakterbasert opptak i heile det nye fylke, seier Øyvind Lohne, konstituert nestleiar i Utdanningsforbundet Vestfold-Telemark.

Udetonert bombe

Nedlegging av vidaregåande skolar er ikkje diskutert i valkampen i desse fylka.

– Men dette er ei udetonert bombe, seier fylkesleiar Ottar Stordal i Agder.

Sjølv om innbyggjartalet i kommunane er ganske stabilt, skjer det ein sentralisering frå utkantane til sentrum i kommunen. Dette stadfestar Even Høydahl i Statistisk sentralbyrå overfor Utdanningsnytt. Det er forventa at denne sentraliseringa vil føre til diskusjon om endring i skolestruktur.

– I Agder er det bygd ein stor, ny vidaregåande skole ikkje langt frå ein gammal og liten. Konsekvensane av dette er ikkje nemnd i valkampen. Ingen parti har våga å si noe om skolestruktur i denne valkampen. Men vi må vere budd på at det kjem, seier Stordal.

– I Vestfold er det store skolar med opp mot 2000 elevar. I Telemark er det mange små. Likevel har ingen tatt skolestruktur opp i valkampen, seier Jørgen Johne.

Heng saman

– Men skolestruktur og opptakskriterium heng saman. Med karakterbasert opptak vil det bli vanskelegare å halde oppe små skolar på mindre stader, seier fylkesleiar Thomas Nordgård i Troms.

Det er ikkje tatt omsyn til valkamputspel frå fylkeslaga i denne oppsummeringa.

Powered by Labrador CMS