Streikeleiar Stig Jonny Fitje og streikevaktene Solrunn Nistad (til venstre) og Anita Krakhellen utanfor Hafstad vidaregåande skule i Førde i Sunnfjord kommune.

Tek omsyn til dei minste og foreldra

Barnehagane og barneskulen til og med 5. trinn er førebels ikkje omfatta av streiken i Sunnfjord kommune.

Publisert Sist oppdatert

– Det er viktig at vi får opinionen med oss under ein streik. Ved å unngå barnehagar og det meste av barneskulen i det første streikeuttaket, går det mindre utover dei minste og foreldra, seier Stig Jonny Fitje, leiar i Utdanningsforbundet Sunnfjord og streikeleiar for Unio i kommunen.

Les også: Lærerne ved de fire største barneskolene streiker i Alta

Sentrumsskular først ut

Streiken i den relativt nysammenslegne kommunen er konsentrert i kommunesenteret Førde, men kan seinare bli utvida til dei andre tidlegare kommunane Gaular, Jølster og Naustdal..

Skulane i kommunen som er tekne ut i streik i første runde, er Halbrend skule, Førde ungdomsskule, Hafstad vidaregåande skule og Mo og Øyrane vidaregåande skule. Rundt 80 grunnskulelærarar og 90 lærarar i vidaregåande skule er til no tekne ut i streik, i tillegg til 35 sjukepleiarar, ifølgje Stig Jonny Fitje.

Han legg ikkje skjul på at det har vore krevjande både å planleggje og no også setje i verk ein streik i ei tid prega av pandemi og smittevern.

– Vi har vore nøydd til å finne ut korleis ein kan gjere ting på ein annan måte. Men vi legg mellom anna opp til daglege streikemøte på Teams, seier Fitje, som legg til at på det første møtet torsdag morgon var det over 120 pålogga.

Unngår samanstimling

Han opplyser at streikekomiteen dessutan har lagt opp til stand på torget i Førde og yoga-timar i parken, samstundes som dei unngår å annonsere arrangement som vil trekkje mykje folk.

– Elles oppmodar vi alle som er i streik om å ta på seg T-skjorta og gå rundt i byen og snakke med folk.

Og streikevakter er som alltid elles på plass utanfor arbeidsplassane som er omfatta av streiken.

– Korleis har dei blitt tekne imot av folk dei møter?

– Eg prata nettopp med ei av våre som hadde dratt rundt med kaffi og frukt til streikevaktene. Dei kunne melde om berre positive reaksjonar så langt, seier Stig Jonny Fitje.

– Streikar først og fremst for yrket

Utdanningsforbundet sin klubbleiar ved Hafstad vidaregåande skule, Jon Arild Halland, var ein av dei som tok første streikevakt torsdag morgon. Dei fleste streikevaktene møtte der, var elevar som kom for å få undervisning. Sidan ikkje alle lærarane ved skulen er medlemmar av Utdanningsforbundet og dermed omfatta av streiken, var skulen delvis open. Og sjølv om ein del elevar var urolege for kva streiken vil føre til for dei, opplevde Halland ingen negative reaksjonar.

– Det verkar som om elevane har forståing for saka vår og støttar oss, seier han.

– Når sjølv sindige lærarar går til noko så drastisk som streik, er det eit teikn på at noko ikkje er greitt, seier Jon Arild Halland, klubbleiar ved Hafstad vidaregåande skule.

Jon Arild Halland er oppteken av å få fram at lønskrava i dette oppgjeret dreier seg om meir enn kor mykje kvar lærar skal få i lommeboka.

– Vi streikar for yrket vårt. Vi ser at det er eit rekrutteringsproblem, og det er ei utfordring som kjem til å bli større dersom ein ikkje gjer noko, poengterer han.

– Korleis oppfattinga av KS si framferd i dette oppgjeret blant kollegaene dine?

– Mange tykkjer det er kjedeleg med streik fordi det går ut over elevane. Og det lyser heilt klart igjennom at dei meiner KS har ansvaret for situasjonen vi er i. Når sjølv sindige lærarar går til noko så drastisk som streik, er det eit teikn på at noko ikkje er greitt. For vanlegvis er vi greie å ha med å gjere.

Powered by Labrador CMS