Roar Ulvestad framsnakkar verdien av kjepphestar i kvardagen.

Stell godt med kjepphesten din

Debatt: – Har du ikkje gnist sjølv, blir det heller ikkje varme i klasserommet.

Publisert Sist oppdatert

Ved fleire høve har eg framsnakka verdien av kjepphestar i kvardagen. Dette metaforiske kreaturet har eit altfor dårleg rykte. Alle treng ein kjepphest, kanskje fleire, som ein kan ri, både i kvardag og til fest. I Store norske kan vil lese om kjepphesten: «Kjepphest er et begrep som i overført betydning brukes om en oppfatning eller idé som man er for opptatt av, stadig snakker om eller tillegger for stor viktighet. Det brukes i faste uttrykk som «ri sin kjepphest», det å stadig hevde en viss oppfatning.»

Omgrepet «kjepphest» blir ofte brukt til å helle kaldt vatn i blodet på folk, om dei viser det ein sjølv ser på som overdrive engasjement. Det er jo ikkje sånn at vi «gamle landsmenn» er overdrive engasjerte eller lidenskapelige, problemet er vel heller for lite enn for mykje engasjement. Latinsk temperament er det definitivt ikkje for mykje av i landet med to vintrar: ein grøn og ein kvit.

Det er ikkje tilfeldig kva som vert ein kjepphest. Vis meg din kjepphest, og eg kan sjå kven du er. Har du ikkje ein kjepphest, er du kanskje mest som eit velsmurt tannhjul å rekne, som friksjonsfritt underkastar seg andre sin vilje.

Eg har stor respekt for andre sine kjepphestar. Når det er noko som er so viktig at det blir insistert på, både i passande og upassande samanhengar, må det jo vere noko der som er verd å granske og forstå. Då eg for nokre år sidan var med i eit arbeid i regi av Utdanningsdirektoratet, fekk vi ei kollektiv oppmoding om å legge frå oss kjepphestane ved døra. «Kvifor det?» tenkte eg. Det er summen av kjepphestar i seminarrommet som avgjer om det blir eit arbeid med ei viss tyngd og eigenart. Heldigvis tok alle med kjepphestane sine, og var nyfikne på kva slags andre hestar ein kunne oppleve i rommet. Det var flotte fjordingar og elegante arabarar, og definitivt ingen esel i det rommet, og resultatet vart bra. Ikkje på trass av, men på grunn av kjepphestane og det individuelle engasjement.

Fagleg integritet

Kjepphesten handlar om fagleg integritet. Det handlar om at du i ditt profesjonelle virke har sortert ting i spekteret uviktig til superviktig og dermed evna å sortere i dei tallause forventningane du har møtt. Vi skal velje våre kampar heiter det, og då må vi vite kva vi kjemper for.

Eg sjølv har hatt mange kjepphestar i læraryrket. Nokon i kortare periodar, andre i mange år.

Då eg tok førebuande prøver ved Universitet i Bergen, lærte eg mellom anna om sanning og vitskapsideal. Den kvardagslege tilnærminga til sanning er å finne dekning for det du til ei kvar tid måtte meine. Det gjer vi heile tida, både i privat og i profesjonell samanheng. Den vitskaplege tilnærminga er å teste påstandane dine og haldningane med motstridande kunnskap.

Til betre påstandane og haldningane dine står seg under testing, til meir sanne må dei naudsynleg vere. Karl Popper kalte dette «falsifikasjons-prinsippet»: Ei kvar hypotese bør testast, og til kvar påstand bør det stillast kritiske spørsmål. I vår postfaktuelle tid, der marknadsføring og falske nyhende har forvist kunnskap og argumentasjon til baksetet, er vel Popper meir aktuell enn nokon sinne.

Ein annan kjepphest har fått mest høy og strigling inne i klasserommet. Er ein ikkje ein gyldig autoritet for elevane/studentane/deltakarane sine, vil ein slite med å fylle dei måla som læreplanen skisserer. «Ansvar for eigen læring» er eit omkved som dukkar opp med ujamne mellomrom, viktigare er kanskje «ansvaret for eigen undervisning». Det er eg som er fagautoriteten, eg har kompetanse som dei eg underviser, ikkje har. Dei har sjølvsagt kompetanse som eg ikkje har, men det er ein positiv asymmetri.

Elevane har kome til klasserommet for å lære noko, og ansvaret for kva som blir lært, ligg hos meg. Det er eg som underviser, og det er ein klasse som blir undervist. Å ha ein fagleg identitet og integritet, det å ville noko med faget sitt, er grunnlaget for kvalitet. Det mykje omtalte «profesjonsfellesskapet» er som kald graut å rekne om alle skal vere like, vi skal vere ein samarbeidande sum av sjølvstendige individ.

Kjepphest nummer tre har den fiktive detektivhelten Harry Bosch i serien «Bosch» formulert fint: «Everybody counts or nobody counts». Alle i klasserommet har same menneskelege verdi, det er ingen som fortener meir eller mindre å vere der. Vi har dei elevane vi har, og det er kanskje dei som utfordrar oss mest, som treng oss mest.

Har du ikkje gnist sjølv, blir det heller ikkje varme i klasserommet.

Roar Ulvestad

Kjepphest nummer fire handlar om å stå inne for det ein gjer. Det verste eg sjølv høyrte som elev i klasserommet var: «Eg veit det kan vere kjedeleg, men det står i planen at vi skal gjere det.» Om vi skal undervise i eit gitt emne, kan vi ikkje gjere det utan gnist. Har du ikkje gnist sjølv, blir det heller ikkje varme i klasserommet.

Kjepphest nummer fem vil eg illustrere med å stille eit spørsmål: Korleis hadde du likt å vere elev i ditt eige klasserom?

Siste kjepphest: Unngå alle arbeidsplassar sitt farlegaste virus: KMM (Kos Med Misnøye).

Kva er dine kjepphestar?

Powered by Labrador CMS