Ville "Utdanning" trykt Fanden sin bokomtale av Bibelen?

Publisert Sist oppdatert

"Det er ikkje sant at artar kan utvikle seg frå andre artar!" Dette slår Trond Baugen kategorisk fast i sin bokomtale av ei lærebok i "Utdanning" 29. januar 2010, og Baugen har fleire friske påstandar.

I bokomtalen vert påstanden grunngitt med at biologar ikkje har "bevist" at nye artar utviklar seg frå gamle artar. I motsetning til f. eks. våre kollegar matematikarane, brukar biologar ikkje ordet "bevise". Kort fortalt skyldast dette at biologar ikkje utelukkar alternative forklaringar i framtida, som ein på grunn av manglande kunnskap ikkje har forutsetningar for å sjå i dag. Eit introduksjonskurs i vitenskapsteori ved nærmaste universitet vil oppklare denne misforståinga. Vitenskaplige arbeid dei siste 150 år viser massiv og overveldande støtte til evolusjonsteorien. Støtta til teorien er per i dag så sterk at "alle" biologar er einige om at teorien til Darwin forklarer utviklinga av artar. Det betyr ikkje at evolusjonsbiologar utelukkar at nye og betre teoriar kan erstatte evolusjonsteorien ein gong i framtida, sjølv om ingenting tyder på det i dag. Det utelukkar heller ikkje, som det vert hevda i bokomtalen, at evolusjonsbiologien ikkje kan bli utsett for kritikk i det vitenskaplige miljø. Absolutt alt blir forsøkt kritisert i det vitenskaplige miljø. Vitenskaplige forsøk som viser at utviklingsteorien er feil, eller ein alternativ teori som betre forklarer korleis artar har utvikla seg, er trulig det mest oppsiktsvekkande ein biolog kan produsere i dag. Me kan vere heilt sikker på at biologar fremdeles ser etter også slike muligheiter for forskningsfinansiering, ære, og berømmelse.

Utviklingslæra har utvikla seg til ein "ateistisk religion", fastslår forfattaren i bokomtalen. Teorien til Darwin om utvikling ved naturlig seleksjon er ein vitenskaplig teori, som er fundamentalt forskjellig frå ein religion. Ifølge Encyclopædia Britannica (1997) er religion definert som "ein person sine relasjoner til Gud eller til guder eller ånder", mens ateisme er "kritikk eller fornekting av metafysisk tru på Gud eller åndelig tru". Såkalla ateistisk religiøse er mao folk som fornektar guden som dei har som gud! Slik logisk kortslutning treng ingen nærmare kommentar.

I følge bokomtalen står Darwin "for en guddommelig skapelse", og at "den første urcellen ble innblåst liv av Skaperen", og dette er godt dokumentert i "Om artenes opprinnelse", hovudverket til Darwin. Vidare hevdar forfattaren at denne "diskusjonen kan også følges i en del av brevene som Darwin skrev". Lesaren skal studere bokomtalen grundig for ikkje å tolke som at Darwin eigentlig var kreasjonist og ikkje evolusjonsbiolog. Dette er sjølvsagt ein frisk påstand all den tid Darwin faktisk grunnla evolusjonsbiologien. Utviklingsteorien til Charles Darwin handlar ikkje om korleis liv oppstod første gong, men om korleis evolusjon ved naturlig seleksjon har ført til mangfold av ulike plante- og dyreartar. M.a.o. korleis nye artar oppstod. Det er riktig at Darwin, i sine brev, også spekulerte i korleis livet oppstod første gongen. F. eks. i eit brev til sin gode venn Joseph Hooker, datert 1. februar 1871, spekulerer Darwin (han understrekar sjølv at dette er reinspikka spekulasjon) at liv kan ha oppstått frå ulike kjemiske forbindelser f. eks. i ein varm dam (Francis Darwin, (red), 1887. The life and letters of Charles Darwin, including an autobiographical chapter. vol. 3. London: John Murray). Ikkje mykje behov for hjelp frå vår herre her. Kontrollerte lab-forsøk frå 50-talet og utover – det starta med Miller-Urey eksperimenta - har vist at byggesteinane til både gener og protein blir skapt i tilsvarande miljø. Ingen har derimot klart å syntetisere "liv" - definert som molekyl som kan lage kopi av seg sjølv - på labben så langt. Per i dag eksisterer to forklaringar på korleis liv vart til. Ei vitenskaplig hypotese om at liv vart til som eit resultat av kjemi og fysikk over ein periode på ca 800 millionar år frå jorda vart til til liv oppstod. Alternativet er ei religiøs forklaring om ein gud som svinga tryllestaven sin. Inntil vidare må derfor kvar enkelt sjølv vurdere kor truverdige forklaringane er.

Forfattaren av bokomtalen framstår som overivrig forsvarar av konservativ barnetru med problematisk forhold til stadig fleire ubehagelig realitetar i form av vitenskapsbasert kunnskap. Alle har ytringsfriheit, likevel forundrar det meg at "Utdanning" vel å publisere denne bokomtalen av ei lærebok om m. a. utviklingsteori. Det er som om "Utdanning" lot Fanden skrive bokomtale av Bibelen.

Powered by Labrador CMS