Ill. foto: Pixabay.com

Aldri såg eg ein unge

Kvifor verkar alle vera så dumme så snart det blir spørsmål om skule?

Publisert

Kvifor verkar alle vera så dumme
så snart det blir spørsmål om skule?

For her skulle jo alle
vera på eit område
dei hadde eigenrøynsle frå,
sjølv om ho skulle vera gått ut på dato
og berre rekka til attkjennande nikk.

Eller er det så at skulen
har vore så dårleg, så lenge
at ein ikkje kan venta
anna enn prat på ein hytt?

Kan hende skulle vi begynna med å prøva
å seia kva han burde vera
utan obscur europeisk statistikk?

Meir kunnskap, ropar dei,
og mat han inn
slik dei gjorde med våre gamle
konservative sinn!

Meir disiplin, ropar dei,
få eleven i giv akt
så han kan samla seg reiskap
til å tena vår oljemakt!

Meir kultur i skulen,
ropar jamvel nokon,
som om sjølve ordet
var eit sesam.

Og så har du dei som er så lure
at dei berre snakkar manglar
av ditt og datt
som om dei veit noko,
og det er dei same som har late læraren
gå for lut og kaldt vatn
og late skulebudsjetta skura.

Med opne auge dei søkjer kamera
i kvar ein debatt
og veit visst aldri
kor dårleg med dei sjølv det er fatt.

Så står no læraren der
og sit no eleven der
under eit forfalle tak
og høyrer det store syt
om kor dårleg dei er
og trur det gjerne til slutt.

For det er lenge sidan
dei blei sett som dei er
i eit av dei viktigaste yrke
og som lovnad for framtida her.

Så sjå dei
i praktiske evner og teori
Gjev dei plass
Lat dei kjenna
det ansvar dei ber
utanom statistisk meiningsløyse

Lat dei læra kor viktig
dei og tida
og alle spørsmål
dei møter er,
i visse om at gamle svar
kunne vera bra,
men udugelege om ein trur
alt er som det var.

Jamt er det slik
at lite er som det synest,
men leita vi må
etter alvoret i det som er rangt
og skapa så godt ein kan
i det som synest vera sant.

For eleven, læraren, skulen
vil det alltid vera slik
at dei må vera der i samfunn
mellom fortid og framtid,
i det levande alvoret
som livet og tida er.

Så lat no berre pugget
og spanskrøyret kvila.

Prøv deg heller på det nye
og ta gjerne med det
som kan duga av det gamle.

For aldri såg eg ein unge
som ikkje lika å læra
om han blei sett
i den vaksne verda.

Powered by Labrador CMS