Elevar, ikkje deltakarar

Debatt: Ny opplæringslov vil kalle elevane i vaksenopplæringa «deltakarar», og vil ikkje gje dei rett til kontaktlærar.

Publisert Sist oppdatert

Ny opplæringslov vil kalle elevane i vaksenopplæringa «deltakarar», og vil ikkje gje dei rett til kontaktlærar. Dette viser manglande innsikt og skammeleg skeivfordeling av rettar, der ei elevgruppe med samansette utfordringar ikkje vert teken på alvor.

I ein lovtekst er det ikkje likegyldig kva vi kallar den vi omtalar. Om subjektet er «elev», følger det ein del rettar med. I utkastet til ny opplæringslov er det likevel ei elevgruppe som ikkje er funne verdige til å verte kalla elevar, det er elevane i vaksenopplæringa. Det er føreslått at dei framleis skal ha den snodige tittelen «deltakar». Det ein gjer då, er å olboge seg eit språkleg og juridisk handlingsrom der ein kan avgrense rettane til dette subjektet akkurat som det passer ein. «Deltakar» er sjølvsagt betre enn det iskalde og dehumaniserte «brukar»-omgrepet som rir offentleg sektor, men det er likevel eit svakare subjekt med omsyn til rettar enn «elev».

Ein elev i vaksenopplæringa er i ulike kategoriar. Vi har vaksenopplæring for grunnskuleutdanning, og vi har vaksenopplæring for vidaregåande opplæring. Ingen av gruppene i desse to hovudkategoriane er heilt homogene, det er stort aldersspenn, og vi har elevar med norsk som morsmål og minoritetsspråklege.

Elevane i vidaregåande opplæring elles er heller ikkje homogene, nokre er sjølvstyrte og «problemfrie», medan andre treng mykje fagleg og menneskeleg oppfølging for å fullføre opplæringa. For å styrke denne oppfølginga, har alle elevar krav på ein kontaktlærar, som er tettare på den einskilde sine utfordringar enn den reine faglæraren. Dette er ein veldig viktig funksjon, som gjev den einskilde elev kanskje akkurat den oppfølginga som trengs for å «stå an av».

Kunnskapsdepartementet viser i utkast til ny opplæringslov at dei ikkje vil gje elevane i vaksenopplæringa denne retten som i grunnskule- og vidaregåande opplæring elles er ei sjølvfølge. Håpet er at ny kunnskapsminister er observant på utfordringa, og styrer KD på rett veg.

Dei får altså ikkje denne retten, til trass for at elevar i vaksenopplæringa òg ofte har behov for oppfølging og informasjon ut over det reint faglege. Det er ofte samansett problematikk som gjer at ein først som vaksen tek vidaregåande, om ein no er norskfødd eller har minoritetsspråkleg bakgrunn.

Som faglærar i vaksenopplæringa gjer ein mykje for elevane sine ut over det reint faglege. Minoritetsspråklege treng ofte hjelp til å orientere seg i norsk byråkrati og system, og treng ofte ein samtalepartner med teieplikt der dei kan snakke om utfordringane sine i ein trygg situasjon. Mange av dei har psykiske utfordringar, som kan vere tufta på isolasjon frå familie og gamle venar, og det dei har opplevd før dei kom til Norge. Omgrepet er kanskje på grensa til å bli klisjé, men behovet for «å bli sett» ut over det reint skulefaglege er generelt ikkje svakare hos norskfødde Ole(12) enn for Ismail(42) frå Etiopia.

Det er òg ulike grunnar til at norskspråklege tek grunnskule- eller vidaregåande opplæring som vaksne. Dette kan ha sosiale og psykiske årsaker, eller det kan vere helsemessige årsaker som gjer at ein må gjennomføre denne utdanninga. Elevar i vaksenopplæringa har mange og samansette utfordringar, som ein kontaktlærar kan vere med å løyse. Likevel vil ikkje ny lovtekst gje desse dei same rettane som elevar elles.

Elevane i vaksenopplæringane har ofte opplevingar med stor tyngd bak seg, som dei i ulik grad har fått bearbeide. Ein kontaktlærar med kan hjelpe med noko av dette med eigen livserfaring, klokskap og menneskelegheit, og i tillegg hjelpe dei med å finne adekvat oppfølging av det som fell utanfor eigen kompetanse.

Les også: Utdanningsforbundet vil ha skjerpede krav til lærere i voksenopplæringen

Om ny opplæringslov skal styrke vilkåra for denne elevgruppa, må elevar i vaksenopplæringa må faktisk kallast «elevar i vaksenopplæringa», og ikkje «deltakarar».

Om ny opplæringslov skal styrke vilkåra for denne elevgruppa, må elevar i vaksenopplæringa må faktisk kallast «elevar i vaksenopplæringa», og ikkje «deltakarar». Som elevar i vaksenopplæring må dei få den same retten til kontaktlærar som andre elevar i skulen. Fram til dess, viser opplæringslova at desse flotte menneska som jobbar på spreng for å styrke kompetansen sin og bli nyttige og arbeidsaktive borgarar, er som pariakaste å rekne. Det fortener dei ikkje.

Utdanningsforbundet arbeider no systematisk for å styrke alle elevar sin rett til kontaktlærar, og at kontaktlæraren skal få betre tid til denne viktige jobben. Husk no vaksenopplæringa i handling og ord, og vis at både elevar og lærarar i vaksenopplæringa betyr like mykje som elevar og lærarar i andre delar av opplæringa. Skulen er meir enn dei framfødde som har studiekompetanse ved 18 år.

Powered by Labrador CMS