– Læraryrket er noko mykje meir enn å kunna faget. Dette er også viktig, men det å meistra det mangfaldige lærarabeidet i møte med elevar, føresette og kollegaer, må verdsetjast høgare enn slik det er i dag, skriv Atle Bjørn Mæhle. Ill.foto: Erik M. Sundt.

Læraryrket er noko mykje meir enn å kunna faget

Praksis har vore for lite prioritert, praksis må verdsetjast høgare.

Publisert Sist oppdatert

Fire tredjeårsstudentar ved lærarutdanninga i Bergen for 5 - 10. trinn Høgskulen på Vestlandet, avdeling Bergen, har skrive eit interessant innlegg som heiter: «Praksis forbereder oss ikkje nok i yrket».

 

Dei peikar på at det er for lite praksis, dei får praksis i berre ein liten del av læraryrket og dei kjenner seg ofte som «inntrengjarar» ved den skulen dei har praksis. Dei understrekar at praksis burde vera læring og øving i å meistra alle sider ved lærararbeidet. Det er viktig at den nye læraren kjenner seg trygg i møte med elevane, føresette, kollegaer, og kjenner at han eller ho meistrar dei mangfaldige oppgåvene læraren møter kvar dag.

 

Les også: Lærerstudenter er minst fornøyde

 

Lærarstudentane tar opp ei sak som har vore drøfta mangfaldige gonger den tida det har vore lærarutdanning. Det underlege er at styresmaktene aldri har klart å ordna opp i det. Det handlar vel noko om at opplæring i teori har hatt høgre status.

 

På Stord vart Lærarskulen eller seminaret stifta på Stord i 1839. Då Høgskulen Stord/Haugesund skulle feira 175-årsjubileum i 2014, vedtok høgskulen i 2013 å setja ned ei boknemnd som skulle skriva historia. Eg var med i denne nemnda og skreiv m.a. om utviklinga av praksis og øvingsopplæring frå starten i 1839 til 2014. Boka heiter «Det starta i prestegarden».

 

I kjeldene eg brukte, møtte eg ofte spørsmålet om praksisen var god nok. Som døme kan eg nemna at i 1913 drøfta Eksamenskommisjonen  tilhøvet mellom lærarskulane og øvingsskulane med sikte på å gjera praksisopplæringa betre. Det vart vedteke å senda ut spørsmål til alle lærarskulane om kva ein kunne gjera for å gjera praksisen betre. Frå Stord lærarskule gav ein i fråsegna uttrykk for misnøye med praksisopplæringa. Dei slo fast at «denne er mangelfuld og bør snarest  omlægges og gjøres fyldigere». Men det skjedde lite sjølv om diskusjonen var der heile tida. Frå 1960-åra og utover var det ei rivande utvikling av grunnskulen. Kritikken mot lærarutdanninga auka. Mange meinte at lærarstudentane møtte ein heilt annan kvardag ute i skulen enn det dei hadde lært i lærarutdanninga.

 

I 1979 fekk eg og høgskulelektor Jon Flokenes i oppdrag å finna ut meir om korleis situasjonen var. Me laga eit prosjekt som me kalla «Samarbeidsprosjektet Unge lærarar». Me inviterte om lag 30 nyutdanna lærarar som nettopp hadde starta i lærarjobben til å vera med i prosjektet. Oppstarten var hausten 1980. Gjennom spørjeundersøkingar, samtalar og drøftingar med desse nyutdanna lærarane skaffa me oss eit omfattande materiale. M.a. var konklusjonen vår at praksisopplæringa i studiet måtte utvidast og styrkast, og alle nyutdanna lærarar måtte ha rett på oppfølging den første tida i yrket, særleg det første året. Me var konkrete på korleis dette kunne løysast.

 

Skuleåret 1982/83 gav me same tilbodet til ei ny gruppe nyutdanna lærarar for å undersøkja om funna våre var rette. Det synte seg at utfordringane som ny i yrket var dei same også for denne gruppa.

Me konkluderte då med at praksisopplæringa i studiet måtte leggjast om, gjerast meir mangfaldig og omfattande og at alle nyutdanna lærar burde få oppfølging første tida i yrket. Lærarutdanninga burde utvidast til 4 år. I det nye 4. året kunne studenten vera lærarjobb i 50 prosent stilling ved ein skule. Studenten skulle få rettleiing både frå øvingslærar ved denne skulen og ein lærar frå Høgskulen. I dei andre 50 prosent skulle studenten gjera eit forsøks- og utviklingsarbeid med utgangspunkt i arbeidet ved den skulen han arbeidde ved.

 

Arbeidet vårt vart tatt med i drøftingane og førebuingane til St.meld. nr. 53 (1989-90) «Lærarutdanning ved høgskoler og Universiteter». I denne meldinga gjorde regjeringa framlegg om ei fireårig lærarutdanning etter modellen vår. Men det blei regjeringsskifte før meldinga kom til Stortinget, og den nye kunnskapsministeren endra det fjerde året til at studenten skulle studera fageiningar.

 

Etter dette har praksis vore lite prioritert. Teoristudium har blitt styrka, og me er i den situasjonen som dei fire lærarstudentane fortel om. Læraryrket er noko mykje meir enn å kunna faget. Dette også er viktig, men det å meistra det mangfaldige lærarabeidet i møte med elevar, føresette og kollegaer, må verdsetjast høgare enn slik det er no.

Powered by Labrador CMS