Utdanningsdirektoratet har forlenga forsøket med berre ein eller to norskkarakterar ut 2019. Illustrasjonsfoto frå Fana Gymnas. Foto: Bjørn Erik Larsen

Forlenger forsøket med færre norskkarakterar

Utdanningsdirektoratet har forlenga forsøket med berre ein eller to karakterar i norsk til ut 2019.

Publisert

 

172 vidaregåande skolar og 7 ungdomsskolar over heile landet har vore med i eit forsøk som starta i 2014. Forsøket har gått ut på å redusere karakterane elevane får undervegs i norskfaget frå tre til ein eller to.

Elevane ved forsøksskolane skal framleis ha tre karakterar i norsk på vitnemålet, hovudmål, sidemål og munnleg. Men karakterane fram til vitnemålet er undervegskarakterar. Forsøksskolane treng ikkje gi elevane tre karakterar i fram til vitnemålet. I staden kan dei arbeide konsentrert med eit eller to av dei områda der elevane skal få karakter.

Under ein konferanse om forsøket i januar i år vart det hevda frå forsøksskolar at forsøket gav meir tid til tilbakemelding til elevane og meir konsentrasjon om prosess. Det var av di kravet til dokumentasjon for karaktersettinga vart mindre når talet på karakterar vart mindre.

Redusert tal på karakterar bidrar til mindre vekt på karakterar og meir på øving. Det er positivt, vart det til dømes meldt frå Asker vidaregåande skole.

Opplæringa er i alle fall ikkje blitt dårlegare, var meldinga frå Charlottenlund vidaregåande skole i Trondheim.

Powered by Labrador CMS