Illustrasjonsfoto: Erik M. Sundt
Illustrasjonsfoto: Erik M. Sundt

Nasjonale prøver – eit grovt overtramp mot born med lese- og skrivevanskar

Norske lærarar gjer ein stor jobb med å gje elevar sjølvtillit og sjølvkjensle. Staten sine nasjonale tiltak gjør kun det motsatte, og det treng ikkje skulen og foreldre å godta.

Publisert   Sist oppdatert

I bladet “Bedre skole” nr 3-2019 blir forskningsresultatet til Astrid Roe og Ann Elisabeth Gunnulfsen omtalt. Resultatet etter samtale med rektorer og lærarar vert her lagt fram på ein sakleg og god måte. Men eg saknar ein viktig refleksjon ved dei nasjonale prøvene. Den etiske sida ved det statlege prosjektet vert ikkje omtalt av nokon av rektorane og lærarane.

Trenger vi fleire prøver?

Sidan 2004 har norske skuleelevar tatt nasjonale prøver. Fenomenet skal vere eit verkty for staten. Slik kan UDIR måle tilstanden til norske elevar sitt kunnskapsnivå i engelsk, matematikk og norsk. Målingane skal gje myndigheitene høve til å styre utviklinga i norsk skule i riktig etning.

“Forsøkskaninene” er borna i den norske skulen. Ikkje har borna bedt om det, foreldra vart neppe tatt med på råd, og eg trur også at mange lærarar legge lite vekt på resultata av dei nasjonale prøvene. Men i løpet av september skal likevel tusenvis av born gjennom den nasjonale testen.

Statistisk sentralbyrå sin årlege gjennomgang av resultata, syner at det er liten vekst i ferdigheiter til norske elevar. Det er dei samme gruppene elevar som skårer høgast år etter år. Elevar i sentrale strøk, elevar med høgt utdanna foreldre, og elevar utan innvandringsbakgrunn, skårar i gjennomsnitt høgare enn andre born.

Denne trenden har vist seg å være stabil i alle år testen har blitt gjennomført. Treng vi fleire prøver for å bevise dette? Vi har vel no lært at framstøtet må gjerast mot born med foreldre med lavare eller inga utdanning, elevar i grisgrendte strøk, og elevar med innvandrerbakgrunn?

Eit overtramp

Ei anna tvilsam side ved denne statlege testinga, er korleis elevar med lærevanskar vert behandla i prøvesituasjonen.

Slik stend det i UDIR sin plan for gjennomføring av nasjonale prøver:

«Nasjonale prøver i lesing og engelsk måler elevenes leseferdigheter. Det er derfor ikke anledning til å lese opp teksten eller oversette teksten til tegnspråk som tilretteleggingstiltak for disse prøvene, siden dette vil gå ut over ferdigheten prøven skal måle.»

Det er altså kun i matte kan elevane få opplest oppgåvene.

Mellom 5% og 10 % av oss har lese og skrivevansker (Dysleksi Norge). Nokon har fått avdekka sine vanskar, andre ikkje. For mange av disse er skulekvardagen som å gå på kladda ski. Kvar gong det skal lesast eller skrivast luggar det.

Dei fleste lærarar er flink til å ta omsyn til dette i skulekvardagen. Mange av desse elevane har tilgang på hjelpetiltak som gjer læreprosessen lettare. Ymse opplesingsprogram, lydbøker og avanserte retteprogram, kan litt på veg utligne opplevinga for desse borna. Og korleis forsvarer UDIR å utsette elevar med ADHD å halde ut i 90 minutt på ei nasjonal prøve? Kva kjensle vil ein elev med ADHD sitje att med etter prøvene?

Men den statlege nasjonale prøva tek ingen hensyn. I 180 minutt i femte, åttande og niande klasse, skal eit barn med lese- og skrivevanskar sitte og kjenne på utilstrekkelegheit.

Dette er eit grovt overtramp mot born med lese- og skrivevanskar. Skal vi ta frå ein svaksynt briller for at testresultata ikkje skal verte påvirka? Skal ein elev med ADHD ikkje ta medisin på testdagen for å ikkje påverke resultatet? På same måte vert elevar med lese- og skrivevanskar satt i ein situasjon der ein forventar dei skal handtere testen på same måte som andre. Dette er uetisk!

Elevane vert ikkje flinkare

Eg tenkjer at foreldre og lærarar med stor frimodig kan oppfordre elevar med lese- og skrivevanskar og andre utfordringar til å protestere mot nasjonale prøver. Resultatet veit vi mykje om på førehand. Det har statistikken vist oss.

Nasjonale prøver føre heller ikkje til at desse elevane vert flinkare til å lese- og skrive. Heller det motsatte. Det motstride mot alt det som skulen arbeider for. Norske lærarar gjer ein stor jobb med å gje elevar sjølvtillit og sjølvkjensle. Staten sine nasjonale tiltak gjør kun det motsatte, og det treng ikkje skulen og foreldre å godta.

Skal nasjonale prøver ha ein verdi, må alle elevar få samme føresetnad til å forstå oppgåvene. Slik er det ikkje i dag.