Rektorar vil ha lektorar med meir enn to fag

Ved tilsetjing ser særleg rektorane på ungdomsskolar og små skolar ser etter lektorar med fagleg breidde. Dei bør ha meir enn to fag.

Publisert Sist oppdatert

Dette kjem fram i undersøkinga frå Nokut: «Evaluering av lektorutdanningene: Spørreundersøkelse blant ledere i ungdoms- og videregående skoler». Undersøkinga er ein del av evalueringa av dei femårige lektorutdanningane for åttande til trettande klasse.

1547 rektorar for vidaregåande og ungdomsskole har svart på undersøkinga. Ein del, 35 av dei 158 av dei som svarte i kommentarfeltet sa at dei søkte spesielt etter tilsette som kunne undervise i meir enn to fag. Den integrerte lektorutdanninga for åttande til trettande klasse krev berre to fag.

Spesialist i eitt fag

Kva for fag søkjaren er kvalifisert til å undervise i, er den viktigaste formelle kvalifikasjonen for å velje ut søkjarar til intervju, seier 93 prosent av rektorane som svarte på spørjeundersøkinga. På andreplass kom tidlegare erfaring som lærar.

– Kva tyder dette for dei nyutdanna lektorane for åttande til trettande klasse sin situasjon på arbeidsmarknaden at rektorane jaktar på ein fagleg breidde ut over det utdanninga krev og samstundes helst vil ha tilsette med erfaring?

– «Breidde» og «lektor» i denne samanhangen er i seg sjølv ei motsetjing, seier Thom Jambak, lektor og medlem av sentralstyret i Utdanningsforbundet.

– Ein lektor er ein spesialist med djupkunnskap i eitt fag, seier han.

Jambak seier solid kunnskap i undervisningsfaga er blitt nedprioritert i norsk lærarutdanning, også integrert lektorutanning, for å gi meir plass til mellom anna pedagogiske og didaktiske emne, samt relasjonskunnskap og kunnskap om forsking.

– Eg meiner dette har vore eit godt grep for ungdomsskolen. Men eg meiner det er feil veg å gå for vidaregåande. Der bør vi få tilbake den faglege tyngda. Frå universitet og høgskole kjem det tydelege meldingar om at studentane ikkje har med seg ei djup nok forståing av faga når dei startar studiet, seier han.

God fagleg kompetanse

I Nokut-undersøkinga seier 90 prosent av skoleleiarane at dei nytilsette hadde god kompetanse i faga. Det var og stor oppslutnad om at dei ferske lektorane var flinke til å formidle fagkunnskap og planlegge undervising.

– Er du usamd med desse rektorane?

– Det er jo fint at dei oppfattar det slik. Eg meiner likevel vi treng å vite meir om konsekvensane av nedprioriteringa av det faglege i desse utdanningane, om vi samanliknar med den gamle ordninga med praktisk-pedagogisk utdanning, seier Thom Jambak.

Saknar kvalifiserte lærarar

81 prosent av rektorane sa at dei sakna kvalifiserte lærarar. Øverst på lista med fag dei mangla kvalifiserte lærarar i, var tysk og spansk. Det melde 38 prosent av skoleleiarane. 17 prosent sakna kvalifiserte norsklærarar, og 13 prosent sakna matematikklærarar.

Når rektorane vurderte tilsette frå lektorutdanninga for åttande til trettande klasse, fekk det å setje i verk tiltak for elevar i vanskelege livssituasjonar dårlegast skår. Berre 30 prosent meinte lektorutdanninga ga god nok kvalifikasjon for dette. Klasseleiing var og eit områdde der fleirtalet, 57 prosent av rektorane, meinte desse lektorane ikkje var godt nok kvalifiserte.

Fagpersonar

– Er dette generelle problem med lærarutdanninga, eller spesielt for desse lektorutdanningane?

– Å identifisere problem elevane slit med ut over det reint faglege, er ein jobb for fagpersonar. Læraren er ikkje nødvendigvis denne fagpersonen. Det må i så fall vere klarare kva som er forventningane til kva ein lærar skal kunne identifisere av sosiale utfordringar eleven har. Men læraren bør vere ein som kan hjelpe slik at prosessar med fagpersonar kjem i gang.

Når det gjeld klasseleiing, har den integrerte lektorutdanninga mye meir av dette enn tidlegare, og eg trur ikkje dei er dårlegare kvalifisert enn andre lærarutdanningar. Men krava er blitt høgare, seier Thom Jambak.

Alt i alt meinte likevel to tredelar av skoleleiarane i undersøkinga at dei nyutdanna lektorane hadde kvalifikasjonar i samsvar med det skolen treng.

Les også Arbeidsmarkedet er vanskelig for nyutdanna lektorer

Powered by Labrador CMS