Målstyring og skulen

Lars Olav Fatland skriv om målstyring i Utdanning (20/2012). Han refererer til ein kommentar eg skreiv i Dag og Tid om New Public Management. Takk for det!

Publisert Sist oppdatert

Eg fekk raskt fleire positive reaksjonar etter at kommentaren kom på trykk. Det spesielle var at dei alle kom frå legar. Eg fortalde dette til Andreas Skartveit, og han svara kontant: "Ja! - Lærarane har vel gjeve opp?" 

Legar og sjukepleiarar, lektorar og lærarar er vel i same båt? Bønder og andre yrkesgrupper også? Med ekspansive byråkrati, detaljstyring og strenge krav til kontroll og dokumentasjon. I system som byggjer meir på mistillit enn på tillit. Og med stadig omorganisering og ein flaum av reformer. 

Sume tilpassar seg dette, og driv med kreativ rapportering. Nokre er så dyktige til å skriva gode rapportar, med dei "rette" orda, at dei får ei høg stjerne i systemet eller gjer karrière. – Andre gjer eit ope opprør mot utviklinga, slik me no ser i helsesektoren. Dagens Næringsliv har skrive mykje om dette i det siste. 

Så les eg Utdanning, og ser at lærarane likevel ikkje gjev opp. Påtroppande leiar i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied, ser klårt problema med toppstyring, mellom anna med strenge krav om lojalitet, slik at sume opplever at dei ikkje fritt kan gå ut med sine meiningar om utdanningspolitikken.

Powered by Labrador CMS