No er revidert styringsdokument klar for landsmøtebehandling. Det byggjer blant anna på arbeidet lokallag og fylkeslag gjorde på sine årsmøte våren 2019. Foto Ylva Törngren

Meislar ut politikken for dei neste fire åra

– Dokumentet «Vi utdannar Norge» skal skape debatt om kva for politikk vi skal ha og korleis organisasjonen vår skal utvikle seg, seier leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal.

Publisert Sist oppdatert

Nå er den reviderte versjonen av styringsdokumentet klar for landsmøtebehandling.

– Dokumentet legg opp til at Utdanningsforbundet skal halde fram med den politiske hovudkursen vi har hatt, men med tilpassing til den aktuelle situasjonen og tema vi ser kome, seier Handal.

– På landsmøtet skal vi, ein organisasjon med 180 000 medlemmer, meisle ut politikken for dei neste fire åra. Korleis skal lønns- og arbeidspolitikken vere, kva for utdanningspolitikk skal vi ha, korleis skal vår eigen organisasjon utvikle seg. Dokumentet skal skape debatt om dette.

Handal minner om at dokumentet blant anna byggjer på arbeidet alle lokallag og fylkeslag gjorde på sine årsmøte.

– Kan det, når ein les politiske dokument som dette, vere lurt å sjå etter det som ikkje står?

– Det er alltid ein god måte å lese politiske dokument på. For meg har det vore viktig at eit dokument som vi skal stake ut kursen etter, har klart å fange opp impulsar frå organisasjonen, seier Steffen Handal.

Landsmøtet i november skal vedta endeleg versjon. Til da, og på sjølve møtet, held arbeidet og diskusjonane fram.

Ikkje ord utan meining

I Sogn og Fjordane skal Fylkesrådet, som består av fylkesstyret, alle lokallagsleiarane og 17 fritt valde representantar, arbeide med «Vi utdannar Norge».

– Vi er heilt i oppstarten av delegasjonsarbeidet og er ikkje ferdige med konklusjonane. Vi har likevel merka oss nokre viktige område vi vil sjå nærare på, skriv fylkeslagsleiar Steinar Strømsli i ein e-post.

Det gjeld blant anna formuleringane i «Vi utdannar Norge» knytt til miljø og berekraft.

– Vi er alle samde om at vi har ei klimakrise. Forbundet sitt engasjement i saka har auka dei siste åra. Vi kjem til å utfordre landsmøtet på kva vi legg i dei ulike formuleringane. For oss er det viktig at det ikkje er ord utan meining, men at vi alle er omforeinte om kva formuleringane faktisk betyr, forklarar Strømsli.

– Vi vil òg sette stort trykk på retten til permisjon med lønn for å skulere tillitsvalde. Vi har sett ei svært negativ utvikling dei siste åra. Tillitsvalde vert i større grad nekta permisjon med lønn. Den tillitsvalde skal vere ein samarbeidspart for leiinga på arbeidsplassen, i tillegg til å ta i vare interessene til medlemmene sine. Dette krev tillitsvalde som er trygge i rolla si. God opplæring er ein føresetnad for dette, skriv han.

Tekst eller punkt

«Vi utdannar Norge» er bygd opp samanhengande, utan innsatspunkt. I eit innlegg på Utdanningsnytt.no skriv hovudtillitsvalt for Utdanningsforbundet Ullensaker og landsmøtedelegat Asle Jahren at han er bekymra: Ein slik «prosatekst», som han kallar det, vil bety at bestillingane, som vanlegvis kjem gjennom ein del av landsmøtevedtaka i saka, får mindre styrke.

– Eg ser faren for at saker grunnplanet har fremma, ikkje blir like utvitydige marsjordrar til organisasjonen som tidlegare, skriv Jahren.

Strømsli trur derimot at eit dokument med innsatspunkt fort kan få mange punkt som gjer det vanskeleg å prioritere i fireårsperioden dokumentet gjeld. Men han ser også utfordringar med ein samanhengande tekst.

– Viss landsmøtet vel å følgje sentralstyret si innstilling om eit «Vi utdannar Norge» utan innsatspunkt, er det viktig at representantskapet får ei tydlegare rolle i arbeidet med den årlege strategiske planen til forbundet. Slik kan òg «Vi utdannar Norge» bli ein meir dynamisk reiskap for politikken i perioden, meiner Strømsli.

Powered by Labrador CMS