Foto: Dmytro Samsonov, FreeImages

«Når ein elev blir eit menneske»

Når eg høyrer politikarar, og også forskarar, fortelje oss at det ikkje speler nokon rolle kor mange elevar ein lærar underviser så lenge det er pedagogisk forsvarleg, så skjønar eg at vi framleis ikkje er på same klode.

Ein fotballtrenar sa: «Eg trenar ikkje fotballspelarar, eg trenar menneske. Ein får eit godt lag av å sjå at kvar og ein av fotballspelarane er ulike og unike og skal samhandle til å bli gode fotballspelarar».

Og ein rikspolitikar sa på ein politikar-debatt på Lillehammer: «For oss blir elevar tal og statistikk, det må de ta innover dykk». 

Læraren derimot, som er i dagleg møte med desse elevane, må som fotballtrenaren, sjå på dei som menneske, menneske som er heilt unike og ulike, og skal samhandle som elevar.

Derfor, når eg høyrer politikarar, og også forskarar, fortelje oss at det ikkje speler nokon rolle kor mange elevar ein lærar underviser så lenge det er pedagogisk forsvarleg, så skjønar eg at vi framleis ikkje er på same klode. Det blir til og med sagt at det er det same kor mange som lyttar berre læraren har førebudd seg godt nok. I teorien er dette riktig.

Eg har sjølv halde foredrag til fleire hundre studentar på ein høgskule, der alle sat i eit amfisystem utan namn og utan synlege problem, altså ikkje unike og ikkje ulike. Nokre sat på internett, andre las avisa, nokon småprata saman, mange kom og gjekk …. og eg snakka om mitt. I slik setting har politikaren, og også forskaren rett; talet på studentar er uinteressant. Men i pausen tok fleire av studentane kontakt, i grunnen overraskande mange, då vart det brått menneske som stod der, menneske med ulike namn og unik historie. Då kom læraren i forelesaren til syne igjen.

 

Få parti tør å ta grundig tak i dette. Mange politiske parti diskuterer klassestorleik, tal ut frå ei generalisering der alle er lik. Lova om klassestorleik seier pr. i dag at klassen ikkje skal vere større enn kva som er pedagogisk forsvarleg. Dersom det er berre det «pedagogisk forsvarlege» som tel, så kan vel eit auditorium fyllast og det pedagogiske opplegget gjennomførast.

Det andre kravet i opplæringslova er «tryggleiksmessig forsvarleg». Det går vel på brann og rømnings-vegar det vel? Eg har freista å få nokon til å konkretisere desse to momenta (pedagogisk og tryggleiksmessig), men eg har ikkje funne nokon som er villig til det enno. KS som skuleeigar, har ikkje gjeve meg noko konkret svar på kva dei legg i pedagogisk forsvarleg. Fylkesmannen som lovtolkar, held seg passiv, -det er lova som gjeld.

Det er heller ikkje definert i lovteksten kven som skal vurdere kva som er pedagogisk forsvarleg. Ingen veit heller om dette er juss eller profesjon.

Elevar er sårbare sidan dei enno ikkje er ferdig utvikla, dei er born, dei er ungdommar, dei skal gjennom pubertet, inn i livet ... Dei treng foreldre, leiarar i frivillig arbeid og oss lærarar som ser mennesket, slik fotballtrenaren så fint formulerte det.

 

Vi tek menneskelege omsyn i skulen i dag fordi vi må det og vil det, -det er heilt umogeleg å vere lærar utan å gjere det. Når vi då seier at ein klassestorleik må ha ein standard, så bør alle lytte til det og gå inn for å endre dagens lovtekst. Vi får aldri berre elevar som sit roleg på ein stol og har det godt med seg sjølv ...

Eg vonar de som no kjem på Stortinget kan sjå på gjeldande ordlyd i opplæringslova og vurdere han på nytt, få med noko om medmenneskeleg forsvarleg. Og gjerne også kven som skal vurdere den forsvarlege delen.

Det er heldigvis nulltoleranse for mobbing i skulen. Fylkesmannen lagar innlegg i avisa om kva vi lærarar og skule har plikt til, det er eit stort ansvar lagt på oss. Statsministeren reiser til Lillehammer og møter ungdom i kamp mot alt for høg sjølvmordsfrekvens, ho seier blant anna at skulen må enda sterkare inn, og at lærarane må kommunisere meir og betre med elevane. Psykiske lidingar blant ungdom er eit alvorleg problem som vi i skulen tek absolutt på alvor. Vi skal og i ei nysatsing bruke meir tid på fysisk aktivitet, vi skal arbeide for godt kosthald, vi skal førebyggje mat-vegring, vi skal hindre dei i å bruke narkotika, førebyggje valdeleg ekstremisme, gjere dei miljøbevisste, byggje dei opptil til å bli glade, sjølvstendige og ha god tru på framtida …

Ja, vi skal gjere alt dette så godt vi kan, men lytt då også når vi varsamt bed om norm for klassestorleik. Mobbing og psykiatri kan lettare oppdagast i mindre grupper. Samspelet med elevane skaper klassemiljøet, eit godt klassemiljø er ei investering for resten av livet . «Pedagogisk forsvarleg undervisning», der er noko som manglar i denne lovteksten. Få parti har flagga klassestorleik som viktig tema så langt i valkampen. Mange parti har skule på agendaen, men utan å vere konkret, berre at dei satsar på skule. Tilpassa opplæring til kvar og ein har politikarane også vedteke, utan at elevtal der heller spelar nokon rolle.

 

Etter mitt syn er det viktigare å styrke klasserommet enn å tilsetje fleire og fleire mobbe-ombod, psykiatriske sjukepleiarar osv.. Dei som er i dagleg kontakt med elevane, løyser mobbe-konfliktar og byggjer robust ungdom best.

Å berre arbeide for høgare gjennomsnitt på NP, er ein farleg veg å gå. Og å setje opp imot kvarandre, pedagogisk og menneskelege verdiar i ein klasse, har berre eit mogeleg utfall, -det menneskelege må vinne. Kombinasjonen skaper resultat.

Lykke til i ny regjering, og ver så snill å ta opp att paragraf 8.2 i opplæringslova i arbeid med ny skulepolitikk der menneskelege verdiar står høgare enn god landsgjennomsnitt på nasjonale prøver. 169 politikarar dannar eit nytt Storting, alle representantane der har nok også ei historie i ryggsekken. Eg vonar Stortingspresidenten ser alle 169 i det nye Stortinget og tek seg tid til alle, passar på at alle er på plass i Stortingssalen i tide, inkluderande til dei som gruer seg, inndreg mobilar ved uvettig bruk, avdekkjer spel-avhengnad, kontaktar dei som er sjuke, lyttar til dei som har noko å fortelje, hindrar mobbing, slår ned på bannskap, trøystar dei som græt …

§ 8.2 i Opplæringslova; Pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg …. legg på eit ord til; menneskeleg, dei er menneske. Og få også med i lova kven som definerer pedagogisk forsvarleg.

 

Eg stiller eit spørsmål til sitjande Storting: Var det politisk forsvarleg å vedta at eit klassetal berre skal vere pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg? 

For meg er det noko uferdig i dagens lovtekst, det verkar om eit ullent politisk kompromiss. På same vis som når rikspolitikarar seier at byråkratiet i skulen skal ned samstundes som dei seier at meir og meir skal dokumenterast.

Statsministeren sa på TV måndag kveld (Dagsrevyen): «Alle i skulen som treng hjelp skal få det». Det er lettare sagt enn gjort i store klassar.

Fræna kommune er på rett veg ved å sette norm for klasse-storleik, det er kjempeflott. Sentrale politikarar bør følgje opp og endre lovteksten.

Kvar einskild elev må få kjensle av at dei er menneske, -det finst ikkje vanskelege born, men mange born som har det vanskeleg.

 

  • Kjell Arthur Rødal er lærar

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS