«Gangsø sitt einaste mål er å styre pengeflyten i god avstand frå lærarstanden. Er det billig, er det bra, er det endå billigare, er det endå betre», skriv Roar Ulvestad.

Brutalt og bøllete frå KS

Debatt: – Vi er respektert av heile samfunnet, bortsett frå vår eigen hånlege arbeidsgjevar.

Publisert Sist oppdatert

Eg les i Utdanning den 19. august: KS har ikke mer penger å gi og mener Utdanningsforbundet må ta ansvaret for at høsten nå blir vanskeligere for elever og foreldre etter to år med pandemi.

Det er rått når vi knapt hadde komme i gong med streiken før KS på denne måten langer ut mot oss under beltestaden. Om vi vrir på dette, kan vi òg sjå på det som at KS kaldt og kynisk brukar pandemien som ei kvilepute for å ikkje kome våre heilt legitime krav i møte. Det er vi som har stått i klasseromma under pandemien når det har vore mogleg, og det er vi som har sjonglert mellom digitale og analoge løysingar for å gje elevane ei so god undervising som mogleg.

Lærarane si eiga helse har vore ein innsatsfaktor som vi i liten grad har fått anerkjenning for av arbeidsgjevaren vår. Det er vi som sendte elevane frå oss før sommaren med klumpen i magen og alle fingrane kryssa for at det skulle gå bra med dei. Det er vi som tek på oss streikeskjortene med den same klumpen i magen og lurar på korleis det går med dei desse streikevekene.

Kvifor og for kven streikar vi for? Vi streikar faktisk for at den tredjeparten som vert råka av streiken på kort sikt, skal få det betre på lengre sikt. I kvardagen har vi det med å setje vår eigen velferd i baksetet, og strekker oss lengre enn langt for at elevane skal ha det so bra som mogleg. Den største slitasjen vi kjem til å oppleve i streikerekkene framover, er når omsuta for elevane blir overveldande, slik at streikemotet blir frynsete og vi tek til å tvile på oss sjølve. Dette veit KS, og lener seg tilbake, medan dei ser den kommunale pengekassa fylle seg kraftig opp for kvar streikedag.

Om vi lar KS få viljen sin, vil yrket vårt halde fram med å lekke i begge ender, både i rekrutterings-enden og pensjonist-enden. Blir ikkje løna betre, vil talet ufaglærte auke, og tredjepart vil bli råka ikkje berre under streik, men mellom streikane. Det er alvorleg.

Derfor streikar vi

Vi streikar difor for at «kompetanse skal lønne seg» ikkje skal vere ein klisjé. Vi som har dei lengste utdanningane og arbeider med utvikling av kunnskap, haldningar og ferdigheiter til barn og vaksne, har ikkje spesielt høge løner. KS gjentek igjen og igjen at lektoren får over 700.000 kroner i løn. Ingen lektorar har over 700.000 i grunnløn, men bikkar det grunna tillegg og ekstra jobbing. Ein lektor med tilleggsutdanning har seks års høgare utdanning, og mange har utdanning ut over det, som dei ikkje før utteljing for på lønsslippen. Utdanning som sikrar både breidde og djupne i kunnskapen.

Elevane si framtid er avhengig av at dei møter lærarar som veit kva dei snakkar om og som både forvaltar og utviklar fagkunnskap på området sitt. Ein som skal undervise i norsk treng å vite minst like mykje om norskfaget som ein tannlækjar veit om tenner eller ein elektrikar om elektrofaget. Ein lærar skal ikkje ligge ein time framfor elevane, men mange år. Den kompetansen vi har som lærarar i skulen er gull verd, men vi får ikkje mykje gull for den. Når vi no streikar, får vi tyn frå KS for at vi ikkje tenker på elevane.

Gløymer å stille eigne krav

Eg kjenner meg mistrudd, underkjent og motarbeidd av eit KS som er mot alt som kostar pengar.

Roar Ulvestad

Norske lærarar tenker so mykje på elevane at vi forsakar oss sjølve, og vi er so vane med å prioritere elevane sine rettar og velferd at vi gløymer å stille eigne krav. Streiken er ikkje for at vi skal bli rike vellystingar som køyrer Tesla og dreg på danningsreise i Toscana årleg, vi har moderate krav om bokstaveleg talt å bli sett pris på. Ein pris som står i stil med den samfunnsfunksjonen vi har, ein pris som gjev utteljing for å jobbe med kunnskapsområde som endrar seg år for år, ein pris som gjer at fleire ungdomar har lektor- og lærarutdanning som førsteval i samordna opptak.

At eg som røynd lærar skal få minst av alle i prosent er ikkje akseptabelt. Eg kjenner meg mistrudd, underkjent og motarbeidd av eit KS som er mot alt som kostar pengar. Tor Arne Gangsø er ein god mann for KS i eit spareperspektiv, men han frontar og utdanningssektoren si aller største bjørneteneste: å ignorere og latterleggjere innspela våre. Gangsø sitt einaste mål er å styre pengeflyten i god avstand frå lærarstanden. Er det billig, er det bra, er det endå billigare, er det endå betre.

De kan ikkje gå lågare no KS, utan at de spyttar på oss. Vi er respektert av heile samfunnet, bortsett frå vår eigen hånlege arbeidsgjevar.

Powered by Labrador CMS