– Vi treng pedagogar som har kunnskap om læring gjennom leik og aktivitet, seier Hans Fredrik Grøvan, utdanningspolitisk talsperson i KrF. Foto: Stortinget

KrF-politikar vil ha barnehagelærarar i skolen

Stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan vil at barnehagelærarar skal dekke opp lærermangelen i dei første skoletrinna. At dei ikkje har mastergrad, meiner han ikkje er eit problem.

Publisert

Grøvan, som er utdanningspolitisk talsperson for Kristeleg Folkeparti, tok i siste spørjetime på Stortinget opp at vi går mot lærarmangel, og at mangelen vil bli størst i dei første fire klassetrinna. Samstundes er vi i ferd med å få overskot på barnehagelærarar.

– Bør vi forsøke å få dei barnehagelærarane som ikkje trengst i barnehagen over i dei første klassetrinna i skolen, spurde han Iselin Nybø (V) minister for forsking og høgare utdanning. Ho kalla framlegget for svært godt og konstruktivt.

Se referatet frå spørjetimen her.

 

Kunnskap som skolen treng

– Nå er grunnskolelærarutdanninga blitt ei masterutdanning, medan barnehagelærarutdanninga er ei bachelorutdanning. Trugar omfanget av tilleggsutdanninga realismen i dette framlegget?

– Dette handlar ikkje primært om master eller ikkje master, seier Hans Fredrik Grøvan til Utdanningsnytt.

– Det handlar om at barnehagelærarane har kunnskap som skolen treng for å gi dei minste eit godt tilbod, og held fram:

– Da vi fekk seksårig skolestart, heitte det at vi skulle nytte det beste frå barnehagen og det beste frå skolen, og barnehagelærarar og skolelærarar skulle arbeide saman. Dette har vi dessverre utvikla oss bort frå. Men det er dit vi må tilbake. Da treng vi pedagogar som har kunnskap om læring gjennom leik og aktivitet, seier han.

 

Les også: Nybø: Skjerpede utdanningskrav skal gi flere lærere

 

Må tilfredsstille lærarkrav

Frå Kunnskapsdepartementet har Utdanningsnytt fått ei presisering av Iselin Nybø sitt svar i spørjetimen: Å nytte overskotet av barnehagelærarar i skolen er eit konstruktivt forslag, men forutsettinga er at barnehagelærarane tar tilleggsutdanning som tilfredsstiller krava for å bli lærar i første til fjerde trinn.

– Eg er heilt einig i at det må bli meir leik i skolen. Men barnehagelærarane er ikkje ein reservestyrke for skolen, seier leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal.

Han minner om den politiske ambisjonen om at minst femti prosent av dei tilsette i barnehagane skal vere barnehagelærarar.

– Så vi vil trenge barnehagelærarane i barnehagen. Barnehagelærarane er ekspertar på den pedagogikken som krevst der. Men om styresmaktene vil gi studietilbod til barnehagelærarar som ønskjer å bli skolelærarar er det naturlegvis fint.

– Vil ikkje eit slikt tilbod bli svært omfattande, sidan det skal dekkje opp dei to åra som skil ein mastergrad frå ein bachelorgrad?

– Krava til å undervise i somme fag i skolen er skjerpa. At desse krava er gitt tilbakeverkande kraft, er tullete. Om regjeringa nå firar på desse krava for ei gruppe, altså barnehagelærarane, blir det heile berre enda meir latterleg, seier Handal, og held fram:

 

Trussel

– Samstundes er lærarmangelen ein svært alvorleg trussel. På bakgrunn av den trusselen er det klart at ein barnehagelærar som underviser i skolen er ei mykje betre løysing enn at ein ukvalifisert gjer det.

Vi i lærarprofesjonen må diskutere oss imellom om vi er villige til å redusere kvalifiseringskrav som vi meiner er viktige. Og vi må ta denne diskusjonen før styresmaktene tar han.

– Fullt og heilt. Men det kan skje utan at vi flyttar barnehagelærar. Vi kan jo lære av kvarandre, seier Steffen Handal.

 

Master i begynnaropplæring

Kva kan ein med lærarmaster om leik? Ved Oslo Met – Storbyuniversitetet kan ein nå bli master i begynnaropplæring, fortel førstelektor Kirsten Palm. Her er fleirfagleg læring, og leik og læring svært sentralt.

– Også i dei andre masterprogramma for allmennlærar for 1-7. trinn er begynnaropplæringa styrka vesentleg, og med stor vekt på nettopp leik og læring, seier ho til Utdanningsnytt.   

 

 

Powered by Labrador CMS