Bakdøra inn til klasserommet må låsast, og det hastar

Debatt: Berre lærar skal ha det faglege ansvaret for opplæringa. Vi forventar ein tydelegare lovtekst som sikrar alle elevane kvalifiserte lærarar.

Publisert Sist oppdatert

Det er tverrpolitisk semje om at læraren sin kompetanse er det mest avgjerande for eleven siB læring. Dette ser ein mellom anna att i ei innstramma kompetanseforskrift, som stiller strengare krav enn før for å undervise i engelsk, norsk og matematikk i grunnskulen. Samstundes er vi i ein situasjon der mange skular ikkje får tak i nok kvalifisert arbeidskraft.

Opplæringslova gjev gjennom ein dispensasjonsregel skulane høve til å bruke kven som helst som vikar, der det ikkje er tilgang på kvalifiserte lærarar. Dette gjev det vi kallar ei «bakdør» inn til klasserommet, noko som gjer at tusenvis av undervisningstimar vert gjennomført av personar utan godkjent lærarutdanning, og det utan at opplæringslova blir broten. Dette er ikkje ein haldbar situasjon når «bakdøra» gjer at skuleeigar kviler på årene og aksepterer all denne undervisinga utan kvalifiserte lærarar som vert gjennomført. Skuleeigar kjem ikkje til å ta tak i situasjonen før vi får ei eintydig opplæringslov som stiller krav til alle som skal ha ansvar for elevane våre si læring, om det no er for ein time eller tre år.

Vi meiner at dette ikkje er ein haldbar situasjon, fordi den gjev elevane våre svært ulik kvalitet i opplæringa. Ein god lærar er avgjerande for å sikre elevane god opplæring, og då kan vi ikkje opne opp for kven som helst inn i klasserommet. Bakdøra må stengast, slik at heile skulesystemet får press på seg til å gje alle elevar ein kompetent lærar.

21. november publiserer Utdanningsnytt ein artikkel som er ført i pennen av utdanningsminister Tonje Brenna og fagforeiningsleiar Steffen Handal. Dei listar opp viktige utfordringar i skulen, som tomme studieplassar i lærarutdanningane. Om vi ikkje får opp søkjartala, blir det umogleg å få gjort noko med bakdøra inn til klasserommet, og so lenge bakdøra er so stor som den er, trugar den ei kvar tillitsreform.

Me må kunna stola på kvaliteten i klasseromma

Ei tillitsreform handlar mellom anna om å stola på kvaliteten i klasseromma, og det kan me ikkje når ein brukar alt for mange utan godkjent lærarutdanning. Vi som er lærarar ute i skulen, har gjennomført og bestått ei pedagogisk utdanning som rustar oss for arbeidet me skal gjera, det handlar om verdiar, det handlar om kunnskap og det handlar om barn og unge sin tryggleik i skulekvardagen.

Pedagogikken, didaktikken og metodikken gjer oss i stand til å ta dei hundrevis av vala som blir gjorde kvar einaste dag, og fagutdanninga gjer at vi ikkje berre kan klare oss frå dag til dag, men å setje heile oppdraget vårt inn i ein samanheng. Alvoret og tyngda i dette oppdraget må speglast i lovverket.

Les også: Tillitsreformen og veien videre etter lærerstreiken

Tonje Brenna og Steffen Handal signaliserer tillit til lærarane, mellom anna fordi det er vi som best veit kvar skoen klemmer. Tilliten samfunnet skal ha til oss, er avhengig av at det er samsvar mellom reell dugleik og formell kompetanse. Ein kan heller ikkje køyre bil utan førarkort, uansett kor flink ein måtte vere i å køyre bil. Under streiken brukte vi slagordet «berre lærarar er lærarar», det heilt korrekte er «Berre lærarutdanna lærarar er lærarar». Det er meiningslaust å akseptere personar utan lærarutdanning ved kateteret, berre fordi vikarstatus gjev høve til dispensasjon.

Å satsa på kvalifiserte lærarar er å satsa på elevane. Erfaringane våre rundt om i kommune-Noreg er at dagens opning for dispensasjonar frå kravet om lærarutdanning, i alt for stor grad blir brukt som ei enkel løysing på vikarmangelen. At unge vaksne rett frå vidaregåande, eller andre vaksne som tilfeldigvis er ledig, får fri tilgang rett inn i klasserommet byggjer ned kvaliteten i, og tilliten til, skulen.

Ønskjer ein kvalitet i skulen, er det viktigaste tiltaket at det skal vere lærarar i alle undervisningstimane. Det er åtte vegar til ei lærarutdanning, og desse må styrkjast for å sikra nok lærarar framover. Lærarar har den faglege kompetansen for å gi den beste undervisninga. Lærarar har den pedagogiske kompetansen og den didaktiske kompetansen til å leggja til rette læringa for elevane. Lærarar er godt utdanna innan relasjonell kompetanse for å sjå eleven.

Me treng ein tydelegare lovtekst

Å vere lærar i skulen fordrar at ein både kan planlegge god undervisning, og evne å snu på flisa i møtet med det spontane som alltid kan skje i klasserommet. Om skulen skal hangle vidare med høve til dispensasjon frå kompetansekrava, vil vi halde fram med ein altfor stor vikardel med manglande kompetanse. Det er ikkje gambling, for i gambling er det ein liten sjanse for å vinne. Det er eit direkte tapsprosjekt å ha den bakdøra vi har, og samstundes ha eit KS som er heilt tilfreds med gjeldande lovverk. Berre lærar skal ha det faglege ansvaret for opplæringa. Difor forventar Utdanningsforbundet Vestland ein tydelegare lovtekst som sikrar alle elevane kvalifiserte lærarar.

Les også: ChatGPT – et orakel inntar klasserommene

Styret i Utdanningsforbundet Vestland har i eit tidlegare høyringssvar vedtatt at lovparagrafen om bruk av anna personale enn lærarar i opplæringa vert stramma inn på den måten at det står at «berre lærarar skal ha det faglege ansvaret for opplæringa».

Berre lærarar er lærarar. Steng bakdøra!

Powered by Labrador CMS