Lærarane skal og ha eit gratisprinsipp

Debatt: Er vi uprofesjonelle om vi kjøper oss eit undervisningsopplegg i ny og ne?

Publisert Sist oppdatert

Er vi uprofesjonelle om vi kjøper oss eit undervisningsopplegg i ny og ne? Er arbeidsgjevar kjip om han ikkje tek rekninga? Svaret mitt er nei til begge spørsmål. Eg vil heller finne spørsmålet som passer til at svaret er å kjøpe ferdige undervisingsopplegg. Eg har full forståing for at for lærarar er tid og pengar, og at om eg brukar ein femtilapp til å kjøpe eit opplegg i KRLE (kristendom, religion, livssyn og etikk) eller norsk til neste veke, frigjer det tid som eg kan bruke til heilt andre ting. At nokon tener pengar på å lage slike opplegg er vel og ein naturleg konsekvens av den kjøp-og-sal-kulturen som rår over alt. Ingen grunn til å sjå ned på den pedagogiske kremmaren om produktet er godt og billeg og dekker mitt, læreplanen og eleven sitt behov for aktuell og motiverande læring.

Det kan vere meir interessant å sjå på kva grunnen til ein spirande marknadsorientering på læremiddelsida kan vere. Leseplikta, det vil seie den tida som er avsett til for- og etterarbeid til ein gitt time med elevane, har stått på staden kvil i mange reformar. Den har ikkje blitt rokka med mykje sidan vi forlèt pensumlæreplan og tok til med kompetansemål i 2006. Siste store rørsle var Skulepakke 2 i 2002, då vi fekk pålagt 4 prosent meir arbeid mot ekstra løn. Altso ei negativ rørsle.

I 2002 kunne du, om du var ukritisk nok, få tildelt ein timeplan og ei fagfordeling, gå rett i skapet og hente klassesett med lære- og arbeidsbøker og sette i gong med undervisning. Du kunne, men trengte ikkje å gå meir i djupna enn det læreboka la opp til. Eg vil ikkje kategorisk fordømme denne måten å arbeide på, men det er ingen tvil om at det gjekk an å «komme unna» med minimumsløysingar med omsyn til tidsbruk. Les teksten – gjer oppgåvene - få tilbakemeldingar – pugg til prøve - få karakter – bli sortert – repeter. Ein gullalder for nokon, den pedagogiske svartedauden for andre.

Frå og med Kunnskapsløftet vart arbeidet før og etter undervisning rimeleg komplekst. Å lese læreplan og lage kriteriebaserte planar vart eit nytt og tidkrevjande arbeid, og vi vart nøydde til å legitimere vala våre på ein heilt annan måte enn tidelegare. Vi fekk ei individualisering både på lærar- og elevnivå som sprengde den tidlegare «klassesett-kulturen» i fillebitar. Med fornyinga av Kunnskapsløftet, LK20, vert tidsbruken vår utfordra på ny. Vi må lære ein ny måte å lese plan på, der vi med ryggdekning i Overordna del av læreplanen skal arbeide oss ned gjennom ein plan fylt av verdiar, fagovergripande tema og kompetansemål, der vi til slutt endar opp med kreative, utforskande, fagovergripande, tilrettelagte og framtidsretta undervisningsopplegg som skal utvikle kvar einaste faglege føresetnad som finst i ei elevgruppe som aldri vert mindre. Kvar kan eg kjøpe slike ferdige opplegg, sa du?

Ein kan seie mykje bra om lærarnorma, men den har og ein kostnad. Vi som underviser fulle klasser i dei teoretiske kjernefaga, står med nøyaktig dei same gruppestorleikane som før. «Tidleg innsats»-lokomotivet til Erna Solberg og den stadig krympande regjeringa gjer at faglærarane i mindre grad enn før får hjelp til å legge skulekvardagen til rette for dei som strevar mest. Spesialundervisinga er på veg ut, og alt skal ordnast inne i klassen.

At lærarar tyr til kjøp av ferdige opplegg, sympatiserer eg med heilt og fullt, vi har mindre tid til rådvelde til å gjere meir enn vi nokon gong skulle ha gjort. Å kivast om kven som skal ta rekninga, er berre å flytte på eit symptom. Korleis vi kan rigge jobben slik at det er mogleg å få den til utan å bruke kveldar, netter og helger til for- og etterarbeid, det er det grunnleggjande spørsmålet. Blir LK20 læreplanen for barnlause pedagogar utan hobbyar?

Om alle må kjøpe seg til ein leveleg kvardag på jobb, ja då er det noko alvorleg gale med jobben.

Som ein siste kommentar vil eg hevde at det er litt fantasilaust å betale for undervisningsopplegg, når vi har eit sopass rikhaldig tilfang av gratis ressursar som vi har. Lat dette nest siste avsnittet vere gratisreklame for heimesidene til skrivesenteret.no, lesesenteret.no og dei tallause sidene på Facebook der ein kan dele og laste ned undervisingsopplegg i søkk og kav.

Om norma skal gå meir i retning av kjøp og sal, har vi eit knekkpunkt der delekulturen til sist vil bryte saman. Dit må vi ikkje kome, det å dele vederlagsfritt på dei gode ideane må vi tvihalde på som eit profesjonsideal. Om alle må kjøpe seg til ein leveleg kvardag på jobb, ja då er det noko alvorleg gale med jobben.

Powered by Labrador CMS