Rettskriving

Underteikna har eit godt utvikla norsklærarsyndrom som sume tider kan verke overdrive.

Publisert Sist oppdatert

Det er no eingong slik at eg er norsklærar, og om ikkje eg skal peike på skrivefeil hjå elevane, kven skal da gjera det? Problemet i dag er at i samfunnet rundt oss kryr det av både regelrette skrivefeil og andre former for dårleg språk. Sist veke gjekk eg gjennom nokre aktuelle norsklærebøker for ungdomsskulen, og konklusjonen var nedslåande. Ei sak er dei formelle feila (som regel teiknsetjing og bokmålsformer i nynorskbøker), men eg tykkjer for mange lærebøker har lite gjennomtenkt språkstil. Ein del innvendingar går på innhaldet uavhengig av målform. Språkhistorie har fått fem sider og målføre fire sider i ei bok på nesten 400 sider som skal brukast i tre år. Nettopp desse emna er svært nyttige for å skapa kunnskap om kvifor elevane må lære to målformer.

 

I bokmålsutgåvene dominerer eit relativt konservativt bokmål. Det er eit val forfattar og forleg tek, men da bør dei vera konsekvente. I "Kontekst" er det konsekvent ikkje brukt "ei" som bunden artikkel, likevel er nokre få hokjønnsord skrivne med a-ending. Det er lov, men det er avgjort ikkje godt norsk, og ingenting eg vil at elevane skal ta etter. Å bruke konsekvent felleskjønnsbøying er enkelt, men skapar stor avstand mellom tale og skrift for dei fleste. Inkonsekvent og tilfeldig bruk er den dårlegaste løysinga. Hokjønn er ein grammatisk kategori som den aller største delen av befolkninga har i talemålet sitt, så kvifor ikkje bruke det konsekvent? Det er kan hende ikkje vanleg i skriftleg bruk, men det er nettopp her me, som lærarar, har eit ansvar. Og det ansvaret blir det vanskeleg å ta når læreboka dreg i ei anna retning.

 

Nynorskutgåva er prega av svært radikale former. Det er kan hende lov å skrive "gir", men er det god nynorsk? Det blir iallfall stilbrot når ein finn forma "tek".  I grammatikkdelen er radikale sideformer konsekvent tekne med, medan tradisjonelle hovudformer er utelatne. T.d. er sideforma [hennes] teken med, men ikkje hovudforma "honom", og hovudforma "me" står i parentes og kan forvekslast med sideform. Sideforma med i-ending i hokjønn, som faktisk er utbreidd i mange nynorskstrok, er ikkje nemnd med eitt ord. Her har ikkje forfattar og forlag teke omsyn til det tradisjonelle målet der ein faktisk bruker nynorsk. Ei nynorskutgåve av ei lærebok er ikkje laga for elevar som har nynorsk som sidemål, men for dei med nynorsk som hovudmål, og nettopp dét er ganske vesentleg.

Powered by Labrador CMS