Å lage eksamen slik at den gjev alle elevkategoriar høve til å vise sitt reelle faglege nivå er bort i mot umogleg, skriv Roar Ulvestad.

Ny giv med ny regjering og ny kunnskapsminister

Debatt: Å lage eksamen slik at den gjev alle elevkategoriar høve til å vise sitt reelle faglege nivå er bort i mot umogleg.

Publisert

Avtroppande regjering fekk ikkje realisert fornyinga av nasjonalt kvalitetsvurderingssystem slik dei planla i vår. Ny regjering skal gjennomføre ei evaluering og endring av dette systemet. For skulen sin del, er ei endring av kvalitetsvurderingssystemet den einaste vegen til reell tillitsreform.

Det har vore veldig fint å sjå ei ny regjering med god politisk kondis og sjølvtillit. Kursendringane på skulefronten so langt er djerve og rette, og visere tydeleg anslag til ein gjennomtenkt kvalitetsheving, både fagleg og demokratisk. Ny kunnskapsminister har, eg trur nesten i kvart innlegg, framsnakka verdien i eit velfungerande partssamarbeid og det å ta grasrota på alvor.

Eg trur og voner at denne djervskapen òg er til stades når evaluering og endring av nasjonalt kvalitetsvurderingssystem (NKVS) skal gjennomførast. Avtroppa kunnskapsminister fekk ikkje gjennomført alt som var tenkt på den fronten, og rakk ikkje å sette i gong ei omfattande prøveutvikling før ho måtte ut av posisjon. Det skal no lagast ei partssamansett arbeidsgruppe som skal sjå på dette batteriet av testar og kartleggingar som skjuler seg i NKVS. Ikkje alle er like relevante for utvikling av kvalitet på undervisinga, og vi må ikkje gløyme at det er vår felles jobb å få elevane til å skine, det er ikkje deira jobb å kaste glans på verken leiar, lærar eller politikar.

Eg ser klart for meg nokre «godbitar» frå NKVS som det er på tide å sjå på med eit fornya blikk. No har vi ein ny fagplan (LK20) som skal vere grunnlaget for å planlegge, utvikle og gjennomføre kvalitet i opplæringa, og dermed bør kvart element i NKVS vere samstemt med den breie kvalitetsforståinga vi finn i læreplanen. «For ein hammar er alt spiker» vert det sagt, og det er heilt klart at som instrument er det heilt klart delar som er som hamrar å rekne. For å bygge hus treng vi hammar og spiker, men vi treng meir enn det.

I uprioritert rekkefølge vil eg nemne nokre moment ved utvalde delar av NKVS som bør sjåast på med dette omtalte «fornya blikket».

Karakterar, vurdering og eksamen er dei delane av NKVS som er integrert i skulekvardagen. Her har det skjedd mykje dei siste åra. Fleire skular har tona ned bruken av karakter i samband med undervegsvurdering, vi har fått ei kulturendring frå fokus på sluttvurdering til vurdering for læring, og det har gjort at vi òg har teke til å setje spørsmålsteikn ved eksamen. Det å dokumentere både fagleg djupne og breidde på ein dag på slutten av opplæringsløpet er risikosport, og å lage eksamen slik at den gjev alle elevkategoriar høve til å vise sitt reelle faglege nivå er bort i mot umogleg.

Førre regjering utnemnte ei ekspertgruppe som skulle kome med framlegg til endring av eksamen, men med dagseksamen som ufråvikeleg ramme. Då seier det seg sjølv at det ikkje er mogleg med mykje utvikling. Eg voner at Brenna ser nærare på det arbeidet denne ekspertgruppa gjorde, fordi det står mykje klokt der om kva dei ville endra om dei faktisk kunne endra noko. Universitet- og høgskule er faktisk betre enn grunnskule og vidaregåande på vurdering av sluttkompetanse, med bruk av både mappeoppgåver og heimeeksamen. Det er på tide at vi følgjer etter.

Nasjonale prøver har marginal fagleg verdi i skulen. Eg har gjennomført eit titall slike prøver, og eg har svært sjeldan fått informasjon på individnivå som eg ikkje hadde frå før. Prøvene er likevel ikkje utan verdi, det har vore nyttig for meg å sjå kva teksttypar og lesemåtar som vert oppvurderte av prøvemiljøa, og det har gjeve noko retning for arbeidet mitt etter at prøvene er gjennomførde. Klasser er so ulike at det gjev lite meining i å bruke desse prøvene som indikatorar på skule- eller lærarkvalitet, men det er det hovudvekta ligg. Nasjonale prøver er mat for media og det offentlege ordskiftet, som talmateriale for å henge ut antatt dårlege skular eller kommunar, som om alle skular og kommunar har dei same rammetingingane og ei lik elevgruppe.

Avtroppande kunnskapsminister ville på toppen av det heile utvikle det som vert kalla «adaptive prøver». Samstundes vert adaptive prøver avvikla i Danmark, etter lang og djup misnøye med prøveformatet. I skrivande stund ser eg i revidert statsbudsjett at det ikkje er sett av midlar til å utvikle adaptive prøver i 2022. Bra! Då kan kanskje fokuset bli å sjå på korleis ein kan utvikle læringsstøttande prøver i eit felles arbeid der både lærarane og lese/skriveforskarar er med, og lagar øving- og testressursar som er enda betre enn dei nasjonale prøvene vi har hatt. Kanskje det bør vere frivillig bruk av desse, om det no er slik at vi verkeleg skal ha ein tillitsreform.

PISA er ein diskusjon for seg, og heilt sentral i den kriseforteljinga som høgre sida har etablert for å initiere og gjennomføre tiltak etter tiltak, reform etter reform og ekspertutval etter ekspertutval. Det er ikkje so svart i skulen som PISA-framsnakkarane skal ha det til. PISA er ein overnasjonal test uavhengig av nasjonale læreplanar, der 15-åringar må lese kjedelege tekstar utan førebuing eller hjelp, vel vitande om at resultata er anonyme og ikkje har nokon som helst konsekvens for dei.

Slike testar har gode vilkår i land med sterke lydigheitskulturar, men desto dårlegare i ein sånn «Kvifor det lærar?»-kultur som vi har i Norge. Eg er sjeleglad for at vi har elevar som stiller krav og ber om grunngjevingar for det vi held på med, og vil ikkje ha meir lydigheit for at vi skal ta oss betre ut på PISA. PISA er òg basert på ein tanke om at 15-åringen sine prestasjonar kan brukast til å predikere samfunnets si utvikling på lengre sikt.

Vi har kompetente og flinke 15-åringar, som gjer skulearbeidet sitt samvitsfullt og pliktoppfyllande, og treng på ingen måte at ein PISA-test fjernt frå kvardagen deira skal fortelje dei at dei er middels gode i den storpolitiske utdanningskonkurransen. Vi treng å framsnakke og skryte av ungdommane våre, ikkje gjennomteste dei til dei blir usikre ospelauv. Norge bør ha sjølvtillit nok til å følje eigne innsikter og lage nasjonale målsetjingar ut frå eigen kvalitetsforståing heller enn å bli diktert av nye påhitt frå OECD. Eg trur ikkje at ny regjering tør å utfordre PISA-medlemsskap i denne perioden, men overrask meg gjerne!

Vi har ein nykomling i kvalitetsvurderingssystemet, «skolebidragsindikatorar», som er meint å måle skulen sitt bidrag til eleven sin læring. Denne nykomlingen er sopass metta med feilkjelder at det lettaste ville kanskje vere å droppe heile konseptet enn å modifisere det til det blir forsvarleg fagleg og demokratisk å bruke det. Kutt det ut, bruk heller pengar på noko som kjem elevane meir til gode enn å opprette nye stillingar i Utdanningsdirektoratet for å rekne på reliabilitet og validitet til den kvasivitskaplege skodda legg seg tett som ertesuppe over lokala deira ved sentralbanestasjonen i hovudstaden.

Kva bør ein bruke midlane til? Kartlegg psykisk helse hos barn og unge betre, den viktigaste kvaliteten vi kan og bør identifisere er korleis ungane og ungdommane våre har det. Vi har ein eksisterande elevundersøking, som bør utviklast for å gje betre kunnskap om kva vi utset elevane vår for. Psykisk helse, eller uhelse, kan ha rot både i og utafor skulen, og det er ikkje tvil om den målstyrte læringskulturen vi har, har negative konsekvensar for delar av elevmassen vår. La elevane sine ord få sleppe til i sterkare grad, og legg mindre vekt på utdanningsøkonomane sine tal.

Mykje av den vidareutdanninga som førre regjering har lagt opp til, er grunna i at dei tykte vi er for dårlege. Kanskje vi kan få ei ny rammeforteljing for vidareutdanning no, som er basert på at lærarar faktisk er glad i kunnskap og kunnskapsutvikling, og at med gode vilkår, vil vidareutdanningane få minst like stor søking som ved bruk av den tvangen som låg i ein kompetanseforskrift med tilbakeverkande kraft.

Alle profesjonar blomstrar under tillit der ein får utvikle fagleg dømmekraft, eg er ikkje engsteleg for at lærarar ikkje vil vidareutdanne seg. Vi har i åtte år høyrt om «drømmelæreren», frå det som definitivt ikkje har vore «drømmepolitikarar». Påtroppande kunnskapsminister har framsnakka oss meir på ein månad enn det vi har opplevd i løpet av åtte blå år. Takk for det!

Mi store oppmoding til kunnskapsminister Brenna: Ta eit stødig grep om kvalitetsvurderingssystemet og rigg det med eit heilskapleg syn på eleven sin faglege og sosiale utvikling, slik at vi verkeleg kan realisere dei fordringane som ligg i den beste læreplanen vi har hatt på mine 25 år som lærar.

Powered by Labrador CMS