I GIske kommune, der desse ungane leikar i fjæra, har kvar fjerde veljar vald Kristeleg folkeparti. Foto: John Roald Pettersen
I GIske kommune, der desse ungane leikar i fjæra, har kvar fjerde veljar vald Kristeleg folkeparti. Foto: John Roald Pettersen

Framleis kommunal kontantstøtte i Giske

Trass tilbakegang for Kristeleg Folkeparti, Høgre og Framstegspartiet nasjonalt har desse partia framgang i Giske kommune i Møre og Romsdal.

Publisert   Sist oppdatert

Sitjande ordførar frå Kristeleg Folkeparti Harry Valderhaug konstaterer at partiet har gått fram med 1,3 prosentpoeng til 25,5 prosent. Det gjer han til det han kallar «lett optimist» med tanke på å få halde fram som ordførar. På landsplan har partiet fått ein oppslutnad på fire prosent.

Høgre og Framstegspartiet har fått ein oppslutnad på 15,6 og 10,9 prosent, som også er litt betre enn i 2015.

5000 skattefritt

Giske kommune har hatt kommunal kontantstøtte for toåringane på 5000 skattefrie kroner i månaden.

– Tyder valresultatet at de vil halde fram med denne ordninga også i denne valperioden?

– Dette er ei ordning det har vore lite debatt om, seier Valderhaug.

– Den kommunale kontantstøtta er ikkje eit stort økonomisk spørsmål. Vi har barnehageplass til alle, og blir dei ikkje brukt av innbyggjarane i kommunen leiger vi dei bort til vår gode nabo Ålesund. Utgiftene til å ein barnehageplass er to til tre gonger utgiftene til kontantstøtte, seier ordførar Valderhaug, og held fram:

– Kontantstøtta er viktig fordi det gir valfridom til småbarnsfamiliar med dårleg råd.

Kan samarbeide med alle om oppvekst

Dagen etter valet er Harry Valderhaug ikkje sikker på kva for parti som kjem til å samarbeide.

– Om du har eit hovudmål for skole og barnehage, kva er det, og kven ville du helst hatt med deg for å få dette igjennom?

– Umiddelbart ville eg seie alle. Det er ingen parti som har diskvalifisert seg for samarbeid på dette området i Giske kommunestyre, seier Harry Valderhaug.