SFO-leder Mona Skaaren ved Jåtten skole er godt nøgd med grepa dei har gjort ved skulefritidsordninga.

Fagleg lyft fekk sfo-tilsette til å bli i jobben

Ved Jåtten skole i Stavanger fekk dei faglært personale inn i skulefritidsordninga. No sluttar ingen.

Publisert

Det bles friskt, men barna på Jåtten SFO bryr seg meir om å halde planken og stikke av med sigeren i Gaute Bjørheims uoffisielle «Mesternes Mester»- tevling. Kvar post rundt i skulegarden har sine fysiske oppgåver: Frå planken ber det rett bort til 90-graderen inntil mursteinsveggen, før den eine etter den andre må ta ein pust i bakken.

I dag har alle som arbeider ved Jåtten SFO fagutdanning. For åtte år sidan var situasjonen ein heilt annan.

SFO-leiar Mona G. Skaaren sine tilsette kunne gjerne mykje om forskjellige fritidsaktivitetar, men fleire kom til kort når det gjaldt å møte dei ulike emosjonelle behova til kvart enkelt barn, registrerte ho.

– Det kunne vera krevjande for tilsette med bakgrunn frå organisert idrett, der barna er topp motiverte, å møte mangfaldet SFO-barn representerer, forklarer ho.

Gjennomtrekken var på opp mot 30 prosent i året.

Kvart år vart nye tilsette lært opp, for så å slutte etter kort tid. Dermed var det å byrje med blanke ark att, gong etter gong.

Les også: Etterlyser økt bemanning og mer kompetanse i SFO

Vekk med småstillingar

Mona G. Skaaren innsåg at SFO ikkje kunne drivast på same måte lenger. Utskiftinga av tilsette og manglande fagkunnskap skapte ikkje berre hovudbry for leiinga. Foreldre og barn leid òg under uroa.

Skaaren sette seg difor ned med rektor Arne Kristian Espedal for å finna ein måte å få SFO til å bli ein betre og meir interessant stad å vera, både for barna og dei tilsette. For å få til dette vart alle småstillingar kutta ut.

– Skal ein få dedikerte og dyktige folk, må ein tilby dei stillingar dei kan leve av, seier rektor Arne Kristian Espedal.

Fleire av stillingane vart gjort kombinerte. I dag har 28 av 30 av dei tilsette ved skulefritidsordninga på Jåtten skole stillingar der dei deler arbeidstida si mellom skule og SFO.

Denne dagen får barna i sfo laga sitt eige kritt av maisenna og konditorfarge.

– Ikke berre lærarar som trengst

Rektor Arne Kristian Espedal meiner det er mange ting ein pedagogisk medarbeidar frå SFO er betre til å ta seg av enn ein lærar med 60 studiepoeng i matematikk.

– For meg er det viktig at me har den rette kompetansen til å møta elevane sine samansette sosiale behov. Og då er det ikkje berre lærarar som trengst. Ved å styrka SFO har me fått til eit tilbod som langt betre møter elevane som heile menneske, seier han.

Hjartesaka hans har heile tida vore å sjå på skulen og SFO som ei og same sak.

Både Espedal og Skaaren meiner SFO og skule spelar einannan gode gjennom å utfylla kvarandre. For å komma dit var det ikkje nok å berre auka stillingane. Skulle dei vaksne bli betre på å møte og forstå barnas ulike kjensler og åtferd på ein varm, trygg og inkluderande måte, måtte ein ha meir kompetanse i botn, innsåg dei.

Tilbod om fagprev

Nye tilsette blei difor rekrutterte blant folk med høgskule, slik som barnevernspedagogar, spesialpedagogar, lærarar og sosionomar. Ufaglærte tilsette fekk tilbod om å ta fagbrev i barne- og ungdomsarbeid på jobb. I løpet av åtte år har alle dei 15 ufaglærte tatt denne utfordringa. Difor har alle 30 tilsette ved skulefritidsordninga no formell kompetanse.

– Samtidig som me satsa på å auka kunnskapen på individnivå, var det viktig for oss å profesjonalisera heile organisasjonen og laga ein kollegial praksis, slik at ikkje enkeltpersonar avgjer korleis ein løyser oppgåver og utfordringar. Me sette klare krav til kva ein vaksen på SFO skal kunna. Det har gjort at me har fått eit profesjonalisert stammespråk oss vaksne imellom, seier Skaaren.

– Når ein tilsett påpeiker at eit barn er ute av toleransevindauget sitt, skjønar alle kollegaene kva vedkommande meiner. Slik har me samstundes òg skapt ein kultur kor dei tilsette stadig ønsker å skaffa seg meir kunnskap.

I dag har dei 30 ansatte i skulefritidsordninga ved Jåtten skole i Stavanger formell kompetanse. Her er SFO-leiar Mona G. Skaaren med nokre av barna.

Ho seier at det auka kompetansenivået har gjort dei tilsette mykje meir stolte av yrket sitt.

– Me har fått ein annan kultur og lagånd på jobb. Gleda ved å læra og stadig utvikla seg gjer at folk byter arbeid i langt mindre grad enn før, fortel sfo-leiar, Mona G. Skaaren.

No er det sju år sidan det var ei ledig stilling ved skulefritidsordninga ved Jåtten skule. Foreldre og barna nyt og godt av utviklinga. Foreldreundersøkingar fortel om barn som stortrivst og om nøgde foreldre. Det at nesten alle elevane på Jåtten skole brukar SFO, seier òg sitt.

Les også: 74 prosent mener SFO bør bli gratis

Slutt på lange møte

I juni var første utkast til rammeplanen for skulefritidsordninga klar. Gruppa som arbeid med utkastet vil at leiken skal få ein viktigare plass i SFO. Da innspelsrunda var avslutta i august, hadde det kome inn 209 innspel. Nokre av dei påpek akkurat det dei har gjort ved Jåtten skule, nemleg å auke kompetansen til dei ansatte ved SFO.

Sfo-leiar Mona G. Skaaren håpar dessuten den nye rammeplanen vil føre til ei eiga utdanning innan SFO-fag, slik dei andre nordiske landa har.

Til det svarar statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Anja Johansen (V), følgande:

– Nøkkelen til betre kvalitet ligg hjå dei tilsette. Eg er svært positiv til at det blir stilt høgare krav om kompetanse hjå leiarar og tilsette i SFO. I dag er det ikkje eigne kompetansekrav for dei. Det er bra med mangfald blant dei som jobbar i SFO, og mange ulike kompetansar kan komme til nytte. Det er kommunane, som eigar og arbeidsgjevar, som skal vurdera kva behov dei har. Dersom det er trong for det, kan universitet og høgskular oppretta studietilbod for vidareutdanning.

I dag er kvaliteten på skulefritidstilboda rundt om i Norge svært ulik. Pris, rammer, innhald, organisering, bemanning og kompetanse blant dei tilsette i SFO varierer mykje.

Forskjellane kan endåtil vera store mellom skular i same kommune, viser ei nasjonal kartlegging. Den nye, nasjonale rammeplanen for SFO skal vera på plass til skulestart i august 2021. Vona er at dette vil sikra alle barn i by og bygd i Norge eit meir likeverdig SFO-tilbod av høg kvalitet.

Powered by Labrador CMS