Lønnsutviklinga i kommunane

Debatt: Det er andre grupper innanfor kommunal sektor som har hatt dårlegare lønnsutvikling enn gruppene med høgare utdanning.

Publisert

Kim Pilgaard skriv 5. april eit innlegg på Utdanningsnytt.no med tittelen: «LOs fremstilling av lærere som lønnsvinnere er et slag under beltestedet». Han reagerer på ei sak som FriFagbevegelse publiserte på bakgrunn av tala frå Teknisk beregningsutvalg for kommunesektoren (TBSK). Tittelen på vår sak var «Sykepleiere og lærere var blant lønnsvinnerne i fjor».

I innlegget skriv Pilgaard at FriFagbevegelse er LOs talerør. Det er feil. FriFagbevegelse er eigd av LO og LOs fagforbund, men er ei uavhengig og redaktørstyrt nettavis. FriFagbevegelse er redigert etter og er nøye på å følgje Redaktørplakaten. Dette er på same måte som at Utdanningsnytt.no er eigd av Utdanningsforbundet, men er styrt av redaksjonens ansvarlege redaktør.

Hovedinnhaldet i Pilgaards innlegg er at tusenvis av kontaktlærarar har jobba eit stort tal timar gratis i pandemien, og difor ikkje er lønnsvinnarar.

Les også: Her er snittlønna til lærere i skole og barnehage

Det han her kommenterer er læraranes arbeidstidsordning, altså at lærarane ikkje har ordinær overtidsbetaling. Læraranes arbeidstidsordning er forhandla fram av læraranes organisasjonar, og det er ikkje tema i den artikkelen han viser til.

Vår artikkel tar utgangspunkt i tala som viser lønnsutviklinga for ulike grupper i kommunesektoren som TBSK har utarbeida. TBSK er eit partssamansett utval som skal lage eit omforent grunnlag for lønnsoppgjeret. Tala frå utvalet viser definitivt at lærarane og sjukepleiarane har hatt betre lønnsutvikling enn mange andre kommunalt tilsette i fjor. Dette er tal som også Unios representantar i utvalet står bak.

Det FriFagbevegelse har fått kritikk for, og som vi også har beklaga, er at vi ikkje tok med i oversikten dei som forhandlar lønna si direkte, og som ofte er dei med høgast løn. Det burde vi ha gjort.

Men det endrar ikkje bildet av at det er andre grupper innanfor kommunal sektor som har hatt dårlegare lønnsutvikling enn gruppene med høgare utdanning.

Powered by Labrador CMS