Nynorsk - ein sjukdom?

Stefan Heggelund, sentralstyremedlem i Unge Høgre, kallar nynorsk ein sjukdom. Under ein skuledebatt på Persbråten vidaregåande i Oslo 29. september las Heggelund høgt frå eit lesarbrev skrive på nynorsk.

Publisert Sist oppdatert

Halvvegs i lesinga snudde han seg mot salen og sa «dette er ikkje dialekt, dette er ein sjukdom».

Eg forventar at Unge Høgre tek avstand frå utsegna og klårgjer kva haldning dei eigentleg har til dei 600.000 nynorskbrukarane. Eg kan ikkje godta at ein sentralstyremedlem i eit ungdomsparti kallar språket mitt ein sjukdom. For det fyrste er det djupt fordomsfullt og diskriminerande. Dessutan er haldningane til nynorsk på Oslo vest dårlege nok frå før. Det er leitt at Unge Høgre spelar på fordomar på denne måten.

Eg er sjølv oppvaksen på Oslo vest, og er godt kjend med dei haldningane som rår på vestkanten. Vi må kunne diskutere kva plass nynorsken skal ha både i skulen og i samfunnet elles. Då er det skuffande at Unge Høgre trekkjer ordskiftet ned på dette nivået. Dette er nytt lågmål sjølv frå den kanten.

Powered by Labrador CMS