Skoleelevar i Austerrike får ikkje bruke hijab

Parlamentet i Austerrike bestemt at det ikkje skal vere lov å bere klede med religiøst eller livssynspreg i skolen. I fjor vart det forbudt å ha hijab i barnehagen.

Det er den tyske nettavisa Zeit.de som skriv dette.

Vedtaket vart sikra av røystene frå dei to partia Freiheitliche Partei Österreichs, (Det austerrikske fridomspartiet) og Österreichische Volkspartei (Det austerrikske folkepartiet).

Vedtaket for skolen er spesifisert slik at det  gjeld hidjab ved at forbodet gjeld religiøse plagg skjuler håret. Ein jødisk kippa er likevel lov å bruke, for det blir ikkje rekna som klesplagg. Plagg som skal verne mot regn, snø og kulde er og tillatt.

I november 2018 vart det forbode å bruke hijab barnehagen. Da var argumentet at det skulle verne barn mot indoktrinering, sexualisering og stigmatisering.

Powered by Labrador CMS