– Med den nye tariffavtalen kan vi forhandle på nytt om løn allereie om eitt år, seier KI-leiar Thordur Hjaltested, som vonar at fleirtalet av grunnskulelærarane vil røyste ja til tariffoppgjeret på tredje forsøk. Foto: Harald F. Wollebæk

Tariffoppgjeret på Island til uravrøysting for tredje gong

To gonger tidlegare i år har grunnskulelærarane på Island røysta ned framlegg til tariffavtalar. Leiarane i lærarorganisasjonen ser ikkje bort frå at det kan skje endå ein gong.

Publisert

29. november vart forhandlarane i grunnskulelæraravdelinga i lærarorganisasjonen Kennarasamband Íslands (KI) og kommuneorganisasjonen Samband íslenskra sveitarfélaga samde om ein ny tariffavtale, og den komande veka skal medlemmene røyste over avtalen.

Prisstigninga på Island er for tida på rundt 2 prosent i året, og med eit lønstillegg på rundt 11 prosent ligg tilhøva til rette for ei monaleg reallønsvekst. Men KI-leiar Thordur Hjaltested er likevel spent på om medlemmene vil seie ja denne gongen. To gonger tidlegare i år har fleirtalet røysta ned framforhandla avtalar, og den førre tariffavtalen gjekk ut 1. juni.

– Vi har i fleire år kjempa for å heve løna til lærarane i forhold til andre arbeidstakargrupper. Ein OECD-rapport frå 2012 synte at ungdom som tok lærarutdanning på Island kunne vente berre 60 prosent av løna til andre grupper med tilsvarande lang utdanning, seier Hjaltested til Utdanning.

 

Tenar mindre enn snittet

Den islandske nettavisa The Iceland Review skriv at gjennomsnittsløna for lærarar i grunnskulen er 499.000 islandske kroner i månaden, noko som tilsvarar vel 37.000 kroner. Dette er likevel 18 prosent under gjennomsnittsløna for ei fulltidsstilling, ifølgje Islands statistikkbyrå. 

– Kommunane er dei arbeidsgjevarane som gir dårlegst løn til arbeidstakarar med høgare utdanning. Dette råkar grunnskulelærarar og sjukepleiarar, som dessutan er yrkesgrupper med mange kvinner, påpeikar Thordur Hjaltested.

Ei nyleg publisert masteroppgåve avdekka at berre halvparten av dei med lærarutdanning arbeider i skuleverket, og ifølgje Iceland Review har fleire lærarar sagt opp jobben i protest den siste tida. Økonomisk vekst dei siste åra, mellom anna innan turistnæringa, har gjort det lettare å få anna arbeid.

– Det har alltid vore slik på Island at når næringslivet blømer, forlet lærarane skulen, seier Hjaltested.

 

Ny sjanse om eitt år

Fleire nye oppgåver og meir sentralstyrt arbeidstid dei siste åra òg skapt misnøye blant grunnskulelærarane. Thordur Hjaltested legg ikkje skjul på at han er spent på utfallet av uravrøystinga.

– Ja, vi er litt nervøse no. Dei lærarane som har uttalt seg offentleg, har sagt at dette ikkje er nok, og at det liknar for mykje på framlegg som lærarane allereie har sagt nei til. Men vi strekar under at medan dei tidlegare framforhandla avtalane skulle vere bindande fram til 2019, gjeld denne berre fram til 30. november neste år. Då får vi høve til å forhandle fram ein ny avtale, seier han.

– Kjem du til å trekke deg om det blir nei-fleirtal endå ein gong?

– Nei. Eg er vald av alle lærarane, medan grunnskulelærarane er ein av sju grupper som har sine eigne tariffavtalar og har stor grad av sjølvstyre, seier Thordur Hjaltested

 

Går av ved eit nytt «nei»

Ólafur Loftsson er leiar for grunnskuleavdelinga, som har rundt 4500 av dei 10.200 medlemmane i KI.

– Kor trygg er du på at det vert ja-fleirtal denne gongen?

– Vi ville ikkje ha underskrive avtalen dersom vi ikkje hadde trudd at medlemmene ville godta han. Men det gjorde vi dei to førre gongane òg, vedgår han.

Han meiner den nye avtalen gjer at grunnskulelærarane vil havne lønsmessig på same nivå som andre tilsvarande grupper i kommunane, men at dei framleis vil ligge eit stykke bak statleg ansatte, som omfattar mellom andre lærarar i dei vidaregåande skulane.

– Så ein god del av medlemmene våre vil sikkert meine dette ikkje er godt nok, medan andre vil seie det er eit riktig steg på vegen mot eit høgare lønsnivå, seier Ólafur Loftsson.

– Vil det vere mogleg for leiinga for grunnskulelærarane å halde fram i vervet dersom de vert røysta ned ein tredje gong?

– Nei. Det blir som i handball: Når du får di tredje åtvaring, må du ut. Det ville sjå rart ut om eg i så fall ikkje trekte meg. Uavhengig om ein har gjort ein god jobb eller ikkje, må vi då konkludere med at noko må endrast. Så vi kjem difor i så fall til å gå av, seier Ólafur Loftsson.

 

Ingen kommentar frå arbeidsgjevarsida

Uravrøystinga vert avslutta 12. desember, og resultatet skal vere klart dagen etter.

Administrerande direktør i kommuneorganisasjonen Samband íslenskra sveitarfélaga, Karl Björnsson, øsnkjer ikkje å kommentere resultatet av avtalen før uravrøystinga blant lærarane er over.

– Vi får berre håpe på det beste, seier han til Utdanning.

 

Powered by Labrador CMS