Var det noko som gjekk gale?

Debatt: I ei tid med opnare grenser, større samkvem og språkmangfald bør det liggja spennande utfordring i å velja det lokalt forankra og identitetsskapande.

Publisert

Rogaland mållag sitt 100-årsjubileum, gjenopplivinga av mållaget i Sauda og ny språklov har sett nynorsk på dagsorden i distriktet vårt. Utan å kunna stø meg på sikker statistikk, har eg kjensle av at nynorskbrukarane er i tilbakegang. At så mange i ein kommune med nynorsk som hovudopplæringsmål likevel vel å bruka bokmål, er tankevekkjande. For det er vel ikkje det som er målet? Oppfylgjingsspørsmålet melder seg kjapt: Var det noko som gjekk gale?

No er det ikkje sjølvsagt lenger at ein skriv språk som er forankra i den lokale dialekten. Ein del av forklaringa kan nok liggja i den språklege uniformeringa som går føre seg der bymåla æser utover med stor påverknadskraft. Krefter og mekanismar påverkar oss utan at me alltid er klåre over det. Det gjeld også for språket. Til sist er språkvalet likevel individuelt og berre ditt eige. Eg trur det var enklare før; i alle fall slik eg sjølv opplever det når eg ser tilbake på mi eiga språkreise.

Eg blei fødd inn i den nynorske verda med foreldre som snakka dialekt utan knot. Det språklege grunnlaget dette skapte, blei forsterka gjennom skuleløpet; av lærarinna dei to fyrste åra som med streng og stødig pedagoghand fekk på plass gode språklege grunnplankar, vidareført dei neste fem åra med læraren i den fådelte skulen med norsk som ein av sine kjepphestar. Han stimulerte til å skriva mykje, stilte krav og laga tydelege standardar samstundes som han fekk fram kor verdfullt det var å verna om dialekten. Språkreisa fekk verdfulle tilskot på framhalds- og folkehøgskule, og det var aldri tvil under resten av utdanninga at nynorsk var verdfull reiskap og kvardagsspråket mitt.

I ettertid skjønar eg kor viktige lærarane mine var med tanke på å skapa eit slitesterkt språkmønster. Dei hadde det som felles trekk at dei gjennomlevde og saug lærdom frå tidsperioden med nasjonsbyggjing og det nasjonale i sentrum. Dei glødde for nynorsken og heldt fana frå Ivar Aasen høgt. Dette gjennomsyra lærararbeidet deira og skapte haldningar hos oss som var elevar på den måten at me skjøna her var noko verdfullt me ikkje burde svikta.

Notida sine lærarar har sjølvsagt eit anna tilhøve til opplæringsspråket. Tidsånd, verdiar og trendar har nedfelt seg i eit meir dempa engasjement for nynorsken. Det å skapa tryggleik i språkbruken og sjølvsagd vilje hos elevane til seinare å velja nynorsk som skriftspråk, har rykt nedover på prioriteringslista i konkurransen med mykje anna som kilar seg inn mellom skulen sine oppgåver. Dette i kombinasjon med kunnskapsministeren sitt uroande innspel om manglande nynorskopplæring i lærarutdanninga, lovar ikkje godt for framtida. For korleis situasjonen for mindretalsspråket skal bli, blir i stor grad avgjort i skulen.

Mykje kviler på læraren, men også konsekvensar av skulepolitiske vedtak og struktur styrer praksis. No skaper mangelen på nynorsk digital programvare grunn til uro. Og dersom målet skal vera å skapa framtidige nynorskbrukarar, må kanskje eit meir samanhengande heilskapleg opplegg liggja til grunn for heile opplæringsløpet der også barnhagetida må telja med i større grad. Til no har språkleg mangfald vore styrande for barnehagen. Med tanke på at dei fleste borna skal inn i nynorsk språkopplæring i grunnskulen, bør det vera den raude tråden som også blir vektlagt alt frå barnehagetida. Den oppskrifta manglar så langt.

Bortfallet av nynorsk gjennom ungdoms- og vidaregåande skule syner eit latent og stort forbetringspotensiale.

Bortfallet av nynorsk gjennom ungdoms- og vidaregåande skule syner eit latent og stort forbetringspotensiale. Den massive overgangen frå nynorsk til bokmål er også konsekvens av den generelle språksituasjonen. Fleirtalsmålet er meir synleg, har større gjennomslagskraft og fangar automatisk fleire. Det er ikkje tilfeldig at born i rolleleik slår over til austlandsk dialekt når dei leikar seg inn i viktige og ansvarsfulle roller. Det er meir enn tvilsamt om Oslo-born nyttar strilamål i parallelle situasjonar.

I ei tid med opnare grenser, større samkvem og språkmangfald bør det liggja spennande utfordring i å velja det lokalt forankra og identitetsskapande. Det treng ikkje vera tvil om at det går an å vera midt i den pulserande, moderne verda og på same tid vera fullverdig deltakar også som nynorskbrukar. Det fins nokre lysande motstraums døme med bokmålsbakgrunn på nett det. Eg tenkjer på rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger og på journalist Jens Kihl i Bergens Tidende som snakkar bokmål, men skriv nynorsk. Dei har nok oppdaga at det å bruka nynorsk kan føra fram til gylte årer i det elles gråleta språklege grunnfjellet.

Powered by Labrador CMS