«Det er nok for seint å få stansa prosessen fram mot femårig lærarutdanning med master»

Rett nok syner solid forsking at «læraren er viktigast», men spranget derifrå til å seia at mastergrad er svaret, er utan grunnlag i god forsking.

Eg las med interesse Camilla G. Hagevold sitt innspel i Utdanning nr. 2, 2016, der ho viser til studien «Lærerkompetanse og elevresultater i ungdomsskolen» (Falch og Naper 2008) og spør kunnskapsministeren «Hvor er kunnskapen bak Lærerløftet?»

 

 

Lærerløftet er departementet sin strategiplan for grunnskule og lærarutdanning. «Tiltaket vil øke elevenes læringsutbytte», lovar departementet.  Studien «Lærerkompetanse og elevresultater» utgjer eksplisitt ein del av kunnskapsgrunnlaget for Lærerløftet, og det var denne studien kunnskapsministeren synte til då han i eit intervju med forskning.no 24. november 2015 drog i tvil motseiande funn i ein fersk rapport i Samfunnsøkonomen nr. 5/2015.

«Lærerkompetanse og elevresultater» syner at det ligg føre ein positiv samanheng mellom andelen av lærarar med lektorkompetanse ved ein skule og denne skulen sine læringsresultat i matematikk og lesing. Når kunnskapsministeren i eit innspel i Utdanning nr. 4 2016 skriv at «studien viser en positiv sammenheng mellom lærerens utdanning og elevens faglige prestasjoner», demonstrerer han at departementet har misforstått rapporten. Forskarane poengterer at data ikkje hadde vore tilgjengelege på individnivå, og at det difor hadde vore umogleg å få til det som ville ha vore ynskjeleg, nemleg «å koble elev og lærer i data».  Forskarane laut gå opp på skulenivå og kopla tilgjengelege registerdata, med meir usikre resultat som konsekvens, og større rom for alternative forklaringsmåtar.

Forfattarane postulerer ein årsak-verknad-samanheng mellom lærarane sin spesialkompetanse i det faget dei underviser i og elevane sine prestasjonar.  Men denne tentative årsaksforklaringa vert ikkje erklært gyldig, då vidare analysar viser at «det spiller ingen rolle [for elevenes resultater] hvilken fagspesialisering lærerne har fra universitetet». I «Lærerkompetanse og elevresultater» står det såleis noko heilt anna enn det Røe Isaksen hevda i det ovannemnde intervjuet med forskning.no, då han sa at «særlig i matematikk har grunnskoleelever bedre faglige prestasjoner … om de har lærere med økt formalkompetanse».

 

Situasjonen i dag minner om stoda hausten 2001, då resultata kom for elevundersøkinga PISA 2000. Desse var så nedslåande at statsråd Kristin Clemet fann det nødvendig å laga ein annleis læreplan; lesing, skriving og rekning vart grunnleggjande ferdigheiter; norsk, matematikk og engelsk vart prioriterte fag; IKT-bruk vart ei grunnleggjande ferdigheit; nasjonale prøver vart innførte; elevtimetalet i norsk og matematikk fekk ein sterk auke; matematikk vart kraftig styrkt i lærarutdanninga. Tiltaka hadde desse effektane: Kostnader som truleg er på god veg mot eit tosifra tal milliardar; inga endring i prestasjonane for lesing i PISA frå 2000 til 2012; eit fall i matematikk på 10 poeng i PISA i same perioden. Sjeldan har så massiv utdanningspolitisk satsing gjeve så magre resultat.

I dag er kunnskapsministeren i ferd med å gjera same mistaket som Kristin Clemet, når han ynskjer å innføra nye dyre, kontraproduktive reformer, denne gongen fyrst og fremst i lærarutdanninga.  Rett nok syner solid forsking at «læraren er viktigast», men spranget derifrå til å seia at mastergrad er svaret, er utan grunnlag i god forsking. «Ingen effekt av lang lærerutdanning» er ei overskrift i den ovannemnde artikkelen i forsk-ning.no. Ein OECD-rapport seier det same, at etterutdanning og støtte ved start kunne gje meir att enn ei utviding av lærarutdanninga. Departementet er kjend med OECD-rapporten; han står på lista over kunnskapsgrunnlaget for utvidinga av norsk lærarutdanning frå fire til fem år.

 

Når no departementet sitt faktagrunnlag for Lærerløftet synest å smuldra opp, burde reformene kunna bli sette på vent. Eit forskingsprogram burde bli initiert, med tanke på å identifisera læringshindrande og læringsfremjande forhold i grunnskulen. I den samanhengen vil følgjande problemstilling kunna vera særs fruktbar: «Kvifor presterer elevar ved lektortette skular tydeleg betre enn andre elevar, når god forsking syner at årsaka ikkje er lektorane si fagspesialisering?»

Scenario: Forskingsprogrammet avdekkjer at lektortette skular er betre rusta til på fagleg grunnlag å avvisa pedagogiske moteretningar. Elevane slepp læringshindrande forsøk, og lærarane, alle lærarane, lektorane og andre, kan konsentrera seg om «den energiske forberedelse av neste time», for å låna ei vending av Alfred Oftedal Telhaug. Meldinga til utdanningsinstitusjonane ville vera om eit billig tiltak som verka: «Lær lærarstudentane å vera kritiske; lær dei å spørja etter empiri!». 

Det er nok for seint å få stansa prosessen fram mot femårig lærarutdanning med master. Men det er ikkje for seint å fjerna den ugrunna prioriteringa i Lærerløftet av norsk, engelsk og matematikk som masterfag. For nettopp den forskingsrapporten som statsråden best likar å syna til, fortel at «det spiller ingen rolle [for elevenes resultater] hvilken fagspesialisering lærerne har fra universitetet».

 

 

  • Gunvald Skeiseid, fyrsteamanuensis, hev vore
Powered by Labrador CMS