Gratis skolefritidsordning til fleire førsteklassingar

Over 800 barn frå familiar med låg inntekt i 19 kommunar får tilbod om gratis skolefritidsordning.

Publisert Sist oppdatert

Det skjer etter at regjeringa i 2021 oppretta ei ny tilskotsordning. Målet var å få fleire kommunar til å tilby gratis skolefritidsordning (SFO) til elevar i 1. trinn frå familiar med låg inntekt.

– Skolefritidsordninga er ein viktig sosial arena for mange barn. Ho bidrar til inkludering og integrering. Derfor er eg glad for at vi no har fått på plass ei ordning som gir enda fleire barn frå familiar med låg inntekt moglegheit til å delta, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) ifølgje ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Disse kommunane har motteke tilskot

Troms og Finnmark: Harstad, Nordreisa

Nordland: Bodø, Hadsel, Lødingen, Narvik

Trøndelag: Rindal, Røros, Trondheim

Vestland: Høyanger, Stord

Vestfold og Telemark: Notodden

Agder: Lindesnes, Åseral

Buskerud: Flesberg

Viken: Gjerdrum, Moss, Sarpsborg

Innlandet: Skjåk

Kilde: Kunnskapsdepartementet

Dette er første året at kommunar som ikkje allereie har egne ordningar med gratis SFO, får høve til å søkje om tilskot for å etablere nye ordningar. Kommunane kunne søke om tilskot til både heiltids- og deltidsplassar, og dessutan tilskot til å dekke eventuelle kostpengar i SFO, ifølgje pressemeldinga.

Dei 19 kommunane (sjå tabell) mottek 26,7 millionar kroner for skoleåret 2021/22.

SFO-prisar med ny regjering

Ei raudgrøn regjering vil etter alle solemerke løyve enda meir pengar for å redusere SFO-prisene, om vi legg partia sine programerklæringar til grunn. Alle dei raudgrøne partia ønskjer gratis SFO for førsteklassingane, sjølv om Senterpartiet og MDG berre ønskjer gratis kjernetid for låginntektsfamiliar.

Då Utdanning intervjua Mona Fagerås (SV) om partiet sin skulepolitikk før valet, var ho særs tydeleg. Ho omtalte gratis SFO som SV sin viktigaste utdanningspolitiske sak, og sa blant anna: «Sist SV satt i regjering, gjennomførte vi den siste store velferdsreformen i Norge: barnehageløftet. Nå er det på tide med en ny velferdsreform, så vi går til valg på gratis SFO.»

Les også: – Gratis SFO er verdt prisen

Då Utdanning spurte Arbeidarpartiet sin utdanningspolitiske talsperson, Torstein Tvedt Solberg om SFO-prisane, svara han:

– Vi vil starte med gratis SFO for førsteklassinger. Det koster mye, men det er en innfasing som er mulig å få til.

Powered by Labrador CMS