Å strekke tanken om den frie leiken i pedagogikken for langt står såleis i fare for å gjere meir skade enn nytte, skriv Per Henning Uppstad og Bente Rigmor Walgermo. Ill.foto: Paal Svendsen

Er det meir friminutt 6-åringane i skulen treng?

Bør barn leike meir fritt i skuletida? Kan leik vere undervisning? Dette er spørsmål som ofte melder seg når skulekvardagen til dei yngste barna blir diskutert.

 

Per Henning Uppstad er professor ved fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora ved Universitetet i Stavanger.
Bente Rigmor Walgermo er førsteamanuensis ved fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora ved Universitetet i Stavanger.

 

Særleg blir den vaksne si rolle i leiken utfordra. Men dette er ikkje ein ny diskusjon. Allereie på 1800-talet meinte opplysningsfilosofen Friedrich Schleiermacher at ein ikkje burde gjere eit skarpt skilje mellom barn og vaksne, at dei gjensidig utfordrar kvarandre på utviklande vis. I debatten om leik i skolen i dag gjer ein likevel ofte eit slikt skarpt skilje ved å setje opp eit ideal om at leiken bør vere utan innblanding frå vaksne, såkalla ‘fri’.

               

Fri leik er ikkje alltid frigjerande for barnet

Leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal (VG, 04.10), snakkar fram den “frie” leiken, leiken der lærarar eller vaksne ikkje er involvert, der barna åleine tek initiativa. Gjennom frileik vil han frigjere barna frå stresset som undervisning og læring medfører. Meir friminutt blir såleis løysinga på utfordringa med teoritung begynnaropplæring og fråfall av gutar. Men vil meir frileik i skulen opplevast like frigjerande for alle?

Handal gjer seg til talsmann for ei romantisk oppfatning av leiken, som mellom anna kan sporast til opplysningsfilosofen Jean-Jeacques Rosseau og tanken om det ubesudla, naturlege barnet som endå ikkje er blitt kultivert. Rosseau hadde romantiske førestillingar om korleis barnet kunne utfalde og utvikle seg utan dei vaksnes innblanding. Dermed gjekk pendelen kanskje for langt i retning barnesentrert pedagogikk.

Ein meir realistisk posisjon kan sporast hos den sentrale russiske teoretikaren og psykologen Lev Vygotskij, som meinte at det er når dei vaksne aktivt tar del og utfordrar barnet at leiken leier til utvikling og læring. For den frie leiken kan vere utviklande, men den kan også bli hemmande viss den medfører at barna blir overlatne til kreftenes frie spel, der barn dominerer og herskar over kvarandre.

 

 

Fri leik kan vere for tilfeldig

Forskarar finn at barn lærer meir i leik med andre barn når lærar spelar ei aktiv rolle, samanlikna med formell vaksenstyrt undervisning. Her er læraren som engasjert tilretteleggjar og rettleiar i leiken avgjerande for at læring skal skje. Motivasjonsforskaren Deborah Stipek seier at å la barn leike for mykje på eigahand er å overlate for store deler av læringspotensialet i leiken til tilfelle. Ved å overlate barn til det tilfeldige i den ‘frie’ leiken som del av skulekvardagen, kan ein bidra til å forsterke skilnadene mellom barn – både fagleg og sosialt. Å strekke tanken om den frie leiken i pedagogikken for langt står såleis i fare for å gjere meir skade enn nytte.

Handal på si side hevdar at ein må skilje mellom leik og undervisning, og går ut mot omgrepa lekbasert læring, lekende læring og veiledet lek. Han spør retorisk: Blir det lek når en lærer instruerer elever gjennom en hånddukke, eller når man dissekerer en frosk? Sjølvsagt ikkje. Leikande undervisning handlar om at elevane opplever at dei er med i ein leik eller eit spel, samstundes som dette frå lærar si side også er iscenesett læreplanstyrt undervisning.

 

Elevane blir aktivisert gjennom leik i undervisninga

Det er sjølvsagt bra om ein kan setje av tid til "fri" leik kvar dag, men viktigare er det kva rom for initiativ, meining, engasjement og aktivitet ein skaper gjennom leikande undervisning. Vi veit at det i mange klasserom går føre segforegår framifrå leikande undervisning. Ein ny rapport frå Kunnskapssenter for utdanning dokumenterer at lærarar som ikkje leikar, driv teoretisk undervisning fordi dei er usikre på korleis leik kan nyttast som metode i undervisinga og fordi dei fryktar at dei gjennom leiken ikkje vil nå kompetansemåla i læreplanen. Paradokset i dette er at når leiken blir integrert i undervisinga, blir også elevane aktiviserte, slik læreplanen føreset.

 

 

Viktig å skilje mellom skule og barnehage

Seksårsreformen har ført til ei uklårheit om kva første klasse skal innehalde, og sentralt i denne uklårheita står spørsmålet om leiken. At førsteklasse skal vere mest mogleg lik barnehage er ein tanke som i botn er svært instrumentell, ved at førsteklasse blir ei tilvenning på veg over i det skulske. Men leikande undervisning handlar om mykje meir enn å ikkje støyte bort ungane i overgangen mellom barnehage og skule.

Leik er viktig for mennesket si læring og eksistens. Men leiken endrar også karakter etter kvart som barnet veks til, og misser ikkje sin eigenverdi om vaksne tek del. Ein burde såleis heller tydeleg markere at skule er noko anna enn barnehage. Problemet med teoritung begynnaropplæring skal ikkje lærarane måtte løyse sjølv. Dersom første klasse skal vere skule, må praksisnær forsking og endra lærarutdanning dekke behovet som her kjem til syne: leikbaserte undervisningsopplegg. 

Å bryte illusjonen om den frie leiken som eit ideal gjennom skuledagen i første klasse inneber ingen reduksjon av barnet, dets evner eller verdi. Det er snarare eit innspel til ei humanistisk realitetsorientering med stort pedagogisk potensial.

 

NB! Dette innlegget er først publisert i Stavanger Aftenblad. Red.

 

Powered by Labrador CMS