– Er vi på veg tilbake til linjegymnastikk ved pulten? spør Roar Ulvestad. Foto: Krzysztof Szkurlatowski, FreeImages

Fysisk aktivitet i alle fag. Endeleg!

Ein time ekstra fysisk aktivitet om dagen må vel vere ein draum å få til. Endeleg har opposisjonen pressa høgresida i kne på ei viktig sak. Ei høgreside som berre vil at ungane og ungdommane skal sitja og glo i ein skjerm medan dei eser ut.

Publisert Sist oppdatert

Endeleg blir det tatt tak, slik at vi igjen kan få kjernesunne ungdommar med roser i kinna heim til middag. I staden for å stire seg motlause på hav av teoretiske krav, kan dei no få opp pulsen og riste på skrotten fleire gonger om dagen. Mot i brystet vett i pannen, stål i ben og armer, slike gutter (og jenter) det vil gamle Norge ha. Eller?

 

Eg vil i alle høve ha ein kvardag for ungane våre som er variert og innhaldsrik, der ein får brukt heile seg, ikkje berre det som er frå haka og opp. Mennesket er meir enn kjeft, øyrer, auge og hjerne, sjølv om kjeften er halve kroppen her i Bergen. Eg vil at ungane skal ha eit positivt forhold til det å røyve på seg og vere i taktil kontakt med omgjevnadane sine. Stillesitjing og passivitet er eit stort problem, det er det ingen tvil om. At noko må gjerast, er dei fleste samde om.

Aberet er at legg du til noko utan å ta noko vekk i ein kvardag fylt av krav, tilfører du berre meir stress og mindre tid til å arbeide med det som kanskje gjorde deg ganske stressa i utgangspunktet. Ein skal passe seg for å idyllisere ei fortid som slett ikkje var ein idyll, men det er ingen tvil om at vi tidlegare lettare kunne slenge på oss ytterjakka og komme oss ut i nærmiljøet om det var ein solskinsdag eller vi merka at det kribla i elevflokken. No er det eit mykje større press på å halde planane og å få kryssa av for dekte kompetansemål. Skulen i dag er blitt til «er ikkje aktiviteten knytt til kompetansemål», finnast den ikkje.

 

Stortinget tok i fjor på alvor signala frå lærarane om at vi er i kronisk tidsnaud, og det vart sett i gong ei fagfornying for å gjere noko med denne krisa. Læreplanane vert no slanka gjennom at vi får friska opp strukturen på planverket og redusert talet på kompetansemål. Det har blitt tent eit lite og sårbart lys av håp om at vi skal få styrka handlingsrommet vårt til å arbeide fagleg og pedagogisk på den måten som gagnar elevane si læring best.

Dette lyset har opposisjonen bestemt seg for å blåse ut, etter eit felles magedrag av stortingsnær osloluft, utan å spørje ein einaste lærar. Eg blir ofte irritert, av og til merkbart sur, når det kjem nye utspel frå Løvebakken som grip inn i kvardagen min, men denne gongen føler eg meg ganske forbanna. Det ville vere like absurd om det no vart innført krav om ein time ekstra matematikkundervisning, der ti minutt av kvar time skulle brukast til matematikk.

 

Som norsk, KRLE- og samfunnsfaglærar i ungdomsskulen arbeider eg med teoretiske kjernefag som ikkje er teori for teorien si skuld. Det er humanistiske kjernefag, der det handlar om å bli eit kritisk, sjølvstendig og kunnskapsrikt menneske. Vi har ikkje eit minutt å gje. Kvalitetsvurderingssystemet gjer at den reint faglege biten har blitt mindre for kvart år. Elevane vil ha meir fag og færre likelydande sjølvevalueringar. For kvart andedrag skal eleven ta eit oppgjer med seg sjølv og sin eigen innsats. Og so lurer vi på kvifor dei er stressa.

Vi er i ferd med å utvikle ein sterkare vurderingskultur og -struktur, der vurdering i større grad skal vere læringsstøttande. Dette krev grundig og elevnær jobbing, der kvart minutt tel. At eg no skal gje frå meg ti minutt frå kvar time til ein slags fysisk aktivitet, vil verken gagne eleven si fysiske helse, haldning til fysisk aktivitet eller fagarbeidet. Vi har blitt gjevne ein gordisk knute, med null forankring i røyndomen vi står i til kvardags.

 

Skulen min har 550 elevar. Nokre av timane dei allereie har, tel vel framleis som fysisk aktivitet, men likevel blir det nok kanskje 500 timar mindre fagleg arbeid. Kvar veke! Desse timane skal vekk, utan at dei faglege krava blir regulert. Det er kompetansemålplanen som skal liggje til grunn for undervising, og realiseringa av denne blir svekka av å ta vekk 10-15 prosent frå kvar time. Om ikkje det skal gå vekk for mykje tid til å flytte på seg, må denne fysiske aktiviteten faktisk skje i klasserommet. Er vi på veg tilbake til linjegymnastikk ved pulten?

Den krisa vi står i med omsyn til elevar sitt aktivitetsnivå og fysiske helse løyser vi ikkje med denne type ekspropriering av den tida vi skal ha til å arbeide med norsk, engelsk, matematikk osb. Elevane mine får ingen helsegevinst av å «riste på raua» ein fjerdedel av timane mine. Som mosjonist på sykkel og kampsportutøvar over tretti år, veit eg (diverre) nøyaktig kor mykje som skal til før det gjev merkbar utteljing.

Opposisjonen har med denne minimalt gjennomtenkte avgjerda klart å både skade fagtilbodet til elevane våre og gjort ei god investering i ein langsiktig plan om å bli verande i opposisjon. Det er so du ikkje trur det er sant.

Powered by Labrador CMS