Mengda rapportering og dokumentasjon er med på å auke stressnivået for engelske lærarar, ifølgje ei ny undersøking. Illustrasjonsfoto: Carl Dwyer/Freeimages.com

Kontrollørane gjer lærarane meir stressa

Kontrollorganet Ofsted får kritikk i si eiga kartlegging av arbeidsmiljøet til engelske lærarar og skuleleiarar.

Lærarane bruker mindre enn halvparten av tida si i klasserommet, og resten til planlegging og administrative oppgåver. Ein monaleg del av tida går med på å leggje inn data og gje tilbakemeldingar som ein del av førebuingane til at inspektørane frå Ofsted kjem på besøk. Mange av lærarane meiner dette skaper stress, både med omsyn til arbeidsmengda og at det fører til for sterk vektlegging av skuleprestasjonar.

Det går fram av undersøkinga som Ofsted sjølv har gjennomført, skriv avisa The Guardian. Ofsted er eit statleg organ som fører tilsyn med skulane i England.

I undersøkinga, som omfatta over 2000 lærarar, går det fram at lærarar jobbar i gjennomsnitt 50 timar i veka i løpet av skuleåret, medan rektorar i gjennomsnitt jobbar 57. Eit stort fleirtal av lærarane sa dei var nøgde med jobben, sjølv om mange gav uttrykk for at løyvingane er for små og at dei ikkje vert nok verdsette av resten av samfunnet.

Ein annan sentral stressfaktor er «endelause møte» og kommunikasjon med foreldre som ventar svar på e-post med det same, skriv The Guardian.

Powered by Labrador CMS