18 prosent, nesten ein av fem klager på eksamenskarakter i vidaregåande skole nå i vår har ført til at eksamensoppgåva fekk betre karakter. Arkivfoto: Utdanning

Vurderinga av eksamensoppgåver spriker

Lærarar som kjenner eleven ser ut til å meine at eleven deira har skrive ein betre eksamensoppgåve enn det dei eksterne sensorane meiner.

Publisert

Det inntrykket kan ein i alle fall få av å sjå på tala for klager på eksamenskarakter

18 prosent, nesten ein av fem klager på eksamenskarakter i vidaregåande skole nå i vår har ført til at eksamensoppgåva fekk betre karakter, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet.

I alt kom det inn 10.625 klager på eksamenskarakterar etter eksamen i vår. Karakteren vart heva for 1949 av oppgåvene det vart klaga for. 91 oppgåver fekk dårlegare karakter etter klage.

 

– Sjølvstendig rett

Eksamenskoordinator Mari Wiken Frengstad i Utdanningsdirektoratet seier til Utdanning at tala frå i år generelt sett ikkje skil seg frå tala frå dei siste åra. Klagene er jamt fordelt mellom faga, det blir ikkje klaga meir i eitt fag enn i eit anna.

– Vi krev ikkje grunngjeving for klager. Difor veit vi ikkje kvifor kandidatane klagar, seier ho.

Det er heller ikkje mogeleg å sjå om det blir klaga meir frå somme stader i landet enn frå andre.

Kandidatane har ein sjølvstendig rett til å klage.

– Men vi håper og trur at dei aller fleste klagar etter samråd med læraren sin, seier Mari Wiken Frengstad.

 

– Har lest oppgåva

Dersom dei fleste klagene kjem etter råd frå læraren, kan det tyde på at fire av fem lærarar er ueinige både med dei to første sensorane, og med dei to sensorane som vurderer oppgåvene på nytt. Lærarane som kjenner eleven, meiner oppgåva er betre enn det sensorane som ikkje kjenner eleven meiner.

Ein liten rundspørjing til rektorar i vidaregåande skole gir inntrykk av at det er vanleg å konsultere læraren før klagen vert sendt, sjølv om eleven har sjølvstendig klagerett.

– Trur lærarane for godt om prestasjonane til eigne elevar?

Utdanning spør Tormod Korpås, rektor i vidaregåande skole og medlem av sentralstyret i Utdanningsforbundet.

– Lærarar som råder til elevar å klage har lest oppgåva som eleven vil klage inn, seier Korpås.

 

– Verre før

Sjølv om det er vanleg å rådføre seg med læraren før ein klagar, gjer ikkje alle elevar det. Ikkje alle følgjer rådet frå læraren heller. Likevel er det såpass vanleg med rådgiving at Korpås synest det er vanskeleg å forklare kvifor meir enn fire av fem ikkje får betra karakteren.

– Trøysta er at det truleg var verre før, seier han.

– For om lag ti år sidan avslørte undersøkingar at vurderingar av same arbeidet og gjort av fagleg kompetente folk, kunne skilje med både tre og fire karaktertrinn. Etter det har skolane arbeidd godt og systematisk med evalueringsarbeid.

At det kan vere skilnad på eksamenskarakter og standpunktkarakter synest Korpås det er lettare å forklare.

– Skilnaden bør naturlegvis ikkje vere for stor. Men standpunktkarakteren byggjer på langt fleire element enn det eksamenskarakteren gjer. Difor kan læraren meine at eleven kan meir enn det eksamensoppgåva viser, seier han.

Handsaminga av klager er ennå ikkje heilt avslutta, så tala kan endre seg noe.

 

Powered by Labrador CMS