Skilnaden mellom eit karaktersnitt på 3,4 og 3,6 er ein vesentleg skilnad. Det krev at kvar tiande elev går opp ein heil karakter

Færre får 1 i matematikk, men dei blir ikkje flinkare

Karaktersnittet for eksamen i matematikk i 10-klasse har gått opp. Men elevane er ikkje blitt flinkare.

Publisert Sist oppdatert

Mellom eksamen i 2017 og 2019 gjekk den delen av elevar som fekk karakteren som karakteren i matematikk i ungdomsskolen ned med 60 prosent. Gjennomsnittkarakteren gjekk opp frå opp frå 3,4 til 3,6. Årsaken er ulik vektig av oppgåvene, ikkje flinkare elevar.

Dette kjem fram i ein rapport utført av forskingsstiftinga FAFO og finansiert av Utdanningsdirektoratet, "På like vilkår?".

Opp ein karakter

I rapporten blir det understreka at skilnaden mellom eit karaktersnitt på 3,4 og 3,6 er ein vesentleg skilnad. Det krev at kvar tiande elev går opp ein heil karakter.

Les! Meningsfull matematikk-undervisning for alle

I rapporten står det likevel at analysar viser at kompetansen til elevane er heva "svært lite" i desse tre åra. Skilnaden på kor vanskelege eksamensoppgåvene er i same periode er og svært liten.

Ifølgje FAFO var det likevel vesentleg lettare å få karakteren 2 i 2019 enn i 2017.

Årsaken finn dei i all hovudsak av vektinga av svara.

Krysse av

Eksamen er delt i to delar. I den første delen får elevane presentert eit matematisk spørsmål, og ulike framlegg til rett svar. Elevane skal krysse av det svaret dei meiner er rett. I andre delen må elevane i stor grad sjølv kome fram til svaret, og vise korleis dei er komne fram til det. Her får elevane og bruke hjelpemiddel.

Dei svakaste elevane skårer så godt som alle poenga i fleirval-oppgåvene i den første delen av eksamen. Nå er denne delen av eksamen blitt vekta høgare enn før. Da får dei svakaste betre karakterar.

Måloppnåing

Problemet er at sjølv om dei svarer rett ofte nok til å få karakteren 2, får ikkje sensor høve til å vurdere dei ut frå kjenneteikna for måloppnåing som er krav for denne karakteren, sidan dei ikkje får vist korleis dei fann rett svar. I rapporten blir det difor tilrådd at eksamen inneheld oppgåver som gir også dei svakaste elevane høve til å vise fram kompetanse i problemløysing og i å bruke hjelpemiddel.

Fråfall

Ein grunn til at matematikkeksamen i tiandeklasse er undersøkt, er at tidlegare forsking har vist samanhang mellom å fullføre første år på vidaregåande og matematikk-karakteren frå ungdomsskolen.

Samanhangen mellom karakter og gjennomføring er tydelegare for matematikk enn for norsk og engelsk. Matematikk er og det faget i vidaregåande der flest elevar ikkje består.

Sjå https://www.utdanningsnytt.no/matematikk-svein-anders-heggem-undervisning/meningsfull-matematikk-undervisning-for-alle/226997

Powered by Labrador CMS