Skal ikkje ukrainarane få norskopplæring?

Debatt: Krava til opplæring for ukrainarane blir sette så lågt at dei knappast vil få opplæring i det heile. Det er ein stor urett.

Publisert Sist oppdatert

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt ut eit høyringsframlegg om korleis me skal ta imot fordrivne frå Ukraina og korleis dei skal få norskopplæring. Eitt framlegg er at friviljuge skal ta ansvar for mykje av norskopplæringa, og at retten til opplæring fyrst skal slå inn etter eitt år. Kommunane skal heller ikkje få tilskot til norskopplæring, slik dei får for flyktningar elles. Eit anna framlegg er å senke krava til opplæringa, og mellom anna sløyfa opplæring i samfunnskunnskap for ukrainarane.

Problemet er sjølvsagt at særs mange ukrainarar ikkje vil få noko som helst opplæring med desse framlegga. Ikkje får kommunane pengar til å tilsetja lærarar, og ikkje får flyktningane rett til opplæring når dei kjem. Det er dårleg gjort, og ikkje slik me tek imot folk. Og høyringsfristen er så kort 12. april! – at dei fleste ikkje får høyra om framlegga før det er for seint.

Les også: Vil sjekke om voksne ukrainske flyktninger kan bidra i skole og barnehage

Når departementet føreslår at det friviljuge plutseleg skal ta seg av norskopplæringa utan nokon krav til mengd eller fagleg innhald, tyder det at dei eksisterande opplæringssentra i heile landet skal sitja på gjerdet i eitt år. Dei skal korkje få elevar eller få lov å tilsetja lærarar. Det er useriøst og særs dårleg nytt for ukrainarane. Dei færraste stader i landet har friviljuge organisasjonar som er store eller kompetente nok til å gje norskopplæring på dagtid. Og kvifor skal dei plutseleg det, når det finst opplæringssenter i heile landet som faktisk gjev kompetent opplæring i dag?

For meg ser det ut som departementet prøver å koma billeg unna: Slå stort opp at me får ukrainarar inn i landet, slik at me framstår flinke og humane, men la dei så sitja kurrande stille til krigen er over. Krava til opplæring for ukrainarane blir sette så lågt at dei knappast vil få opplæring i det heile. Det er ein stor urett. Det går ikkje an.

Powered by Labrador CMS