Utkastet til ny opplæringslov er ikkje tilpassa dagens digitale skulekvardag

Debatt: Utkastet undergrev dei språklege rettane til nynorskelevane i morgondagens skule.

Publisert

Det ser ut som om utvalet som står bak NOU 2019: 23 Ny opplæringslov, ikkje har visst korleis digitale verktøy blir brukte i klasseromma for tida. I alle fall ikkje i nynorskområde.

Nynorskelevane må få sjå og bruke sitt eige språk i alle samanhengar der dei etter lova har rett til det. Særleg på skulen. Dette er eit opplagt vilkår for at «opplæringa skal sikre at elevane blir trygge språkbrukarar og at dei utviklar språkleg identitet», slik det står i den overordna delen av læreplanen.

Det store problemet er at mange av dei mest brukte appane, læringsressursane, kontorstøtteprogramma og operativsystema ikkje finst i nynorskversjonar. Nokre er tilgjengelege, men då i dårlege eller lite brukarvennlege versjonar. Mange elevar har heller ikkje tilgang til fungerande nynorsk stavekontroll i skriveprogramma skulane utstyrer dei med.

Manglande digitale nynorskressursar er godt dokumentert. Dei siste to–tre åra har Nynorsksenteret, Noregs Mållag og LNK/Framtida kartlagt status og skrive mykje om dette. Siste undersøkinga vart gjennomført av Framtida.no i februar–mars i år. Her svara fire av fem lærarar ved nynorske skular at klassen deira må bruke digitale ressursar på bokmål minst ein gong i veka – sjølv om dei kunne ønskt at dei var på nynorsk. Eit stort fleirtal svara også at elevane brukar Chromebook eller iPad. Dette er verktøy med innebygde operativsystem som ikkje er tilrettelagde for nynorske menyar.

Dei siste vekene med heimeundervisning har stadfesta denne situasjonsbeskrivinga. No har foreldre over heile landet fått godt innsyn i kva digitale tilbod skulane tilbyr elevane. Skular og lærarar får velfortent ros for gode opplegg, men det kjem også mange tilbakemeldingar frå foreldre i nynorskområde om at svært mykje av det borna deira får servert digitalt, er på bokmål. Det gjeld både programvara og sjølve læringsressursane.

Forum for nynorsk i opplæringa hadde denne problemstillinga som hovudsak på to møte i Utdanningsdirektoratet våren 2019. Vi skreiv brev både til Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet og peika på at formuleringane i forskrifta til gjeldande opplæringslov ikkje var tilpassa dagens digitale skulekvardag. Både definisjonen av «læremiddel» og kva som skulle omfattast av parallellkravet, måtte reviderast. Våren 2018 hadde også Språkrådet skrive eit brev med liknande innhald.

Svara vi fekk i 2018 og 2019 var at det ikkje var aktuelt å endre gjeldande tolking av ei lov som snart er utdatert, men at innspela våre ville bli vurderte i arbeidet med den nye lova.

I NOU 2019: 23 er argumenta våre siterte, men avviste. «Utvalget støtter ikke forslaget og mener at for eksempel læringsverktøy som tekstbehandlingsprogrammer og andre kontorstøtteprogrammer ikke bør omfattes av [parallellitets]kravet» (s. 392).

Utvalet foreslår altså at den uklare og utdaterte definisjonen av læremiddel i gjeldande lov (frå 1998) med tilhøyrande forskrifter (frå 2010) skal vidareførast uendra. Blir dette ståande, undergrev det dei språklege rettane til nynorskelevane i morgondagens skule.