Munnbind for barnehagetilsette, songforbod og testing – slik er tiltaka i skular og barnehagar i Norden

Finske sjetteklassingar blir bedne om å ta på munnbind, og danske elevar må la vere å syngje. Dei nordiske landa nyttar ulike verktøy i forsøka på å kombinere undervisning og smittevern.

Publisert Sist oppdatert

I delar av Norden har relativ kontroll over covid-pandemien og trongen til å gje elevar eit godt undervisningstilbod ført til at skulane er opna att, men med til dels strenge smitterestriksjonar. Samstundes gjer lokale utbrot, ikkje minst frå dei nye, muterte variantane av korona-viruset at reglane kan bli stramma inn på kort varsel.

Inger Damlin, leiar i Finlands svenska lärarförbund, fortel om medlemmer som er heilt utkøyrde.

– Mange lærarar må til dømes planleggje dobbelt opp, både for elevar som er til stades, og for dei som har fjernundervisning. Den krafta lærarane treng for å gjere det dei kan for at elevane har det bra og kan lære, finst ikkje lenger. Dette kjem vi til å sjå spor av i lang tid framover, seier ho.

Les også. FHI: Må legges til rette for at lærerne kan ha hjemmekontor

Etter nyttår skjerpa finske styresmakter inn tilrådinga når det gjeld munnbind for elevar.

Inger Damlin, leder i Finlands svenska lärarförbund

– For fleire månader sidan vart elevar på 7. til 9. trinn tilrådd å bruke munnbind. Men for nokre veker sidan vart anbefalinga også gjeldande for sjetteklassingar, seier Leo Eakhen, rådgjevar i det finske utdanningsdirektoratet.

Han opplyser at lærarar òg i lengre tid har vorte tilrådd å bruke munnbind, og den anbefalte avstanden mellom elevar er minimum to meter. Dessutan har kvar enkelt kommune fram til sommaren fått fullmakt til å avgjere om dei skal innføre heimeundervisning.

FSL-leiar Inger Damlin seier dei fleste lærarane nyttar munnbind, men at det er krevjande.

– Mimikk og kroppsspråk er ein viktig del av læraren sin kommunikasjon med elevane. Det blir vanskeleg med munnbind, ikkje minst for dei som underviser elevar med spesielle behov. Fleire lærarar opplever dessutan at munnbinda triggar migrene og allergi, seier ho.

Sverige utan munnbind og meter

I januar avgjorde styresmaktene i Sverige at undervisninga ved gymnasa skal halde fram som ein kombinasjon av fjernundervisning og fysisk frammøte fram til påske. Grunnskulane fekk dessutan høve til å velje ut frå lokale behov om undervisninga skal skje digitalt, opplyser Susann Ottosen i pressetenesta i det svenske Skolvärket.

Den svenske Folkhälsomyndigheten oppfordrar skulane til å unngå at mange personar vert samla i same rom innandørs. Helsestyresmaktene oppmodar skulane til å gjere tilpassingar ut frå føresetnadene, men har ingen klare tilrådingar når det gjeld avstand og bruk av munnbind.

Danmark: Dei yngste er på skulen att

I Danmark vart skulane stengde 21. desember, og etter juleferien har elevane berre fått digital undervisning heime. Måndag 8. februar fekk elevane på dei fire lågaste klassetrinna kome attende til skulane, men med strenge smittevernsreglar.

Barna må halde to meters avstand til alle barn som ikkje går i same klasse. Lærarane skal også som hovudregel halde to meters avstand til barna. Læraren kan bryte regelen for å gi trøyst eller om det er nødvendig i undervisninga. Det er også anbefalt at lærarar og andre tilsette testar seg to gonger i veka med hurtigtest.

Lærarane har fått beskjed om at barna bør unngå å synge eller rope. I tillegg blir det lagt stor vekt på reinhald.

Elevar frå 5. klasse og oppover skal framleis ha digital undervisning heime, i første omgang fram til 28. februar.

Munnbind i barnehagar på Island

Rett etter nyttår vart somme av restriksjonane på Island gjort mindre strenge fordi det var blitt mindre smitte i samfunnet. Men regjeringa presiserer på sine nettsider om korona-viruset at det kan bli innstrammingar på kort varsel dersom situasjonen krev det.

Ifølgje dei noverande smittevernreglane for skular og barnehagar, som i utgangspunktet skal gjelde til 28. februar, vert det lagt vekt på at det skal vere minst to meter avstand mellom personar innandørs. Når dette ikkje er mogleg, må tilsette, også i barnehagar, ha på munnbind. Og på vidaregåande skular må også elevane bruke munnbind ved slike høve.

– Det er ikkje gjort endringar i reglane for skular og barnehagar på grunn av dei nye muterte variantane av koronaviruset, opplyser Margrét Erlendsdóttir, kommunikasjonssjef i helsedepartementet på Island.

Powered by Labrador CMS