Ill.foto: Mostphotos

– Eg har knapt høyrt eller lese noko so nedlatande om kor dårleg det står til i lærarstanden.

Debatt: – Dei nye språkmodellane gjer det mogleg å fake tenking gjennom å produsere gode tekstar.

Publisert

Det er trist lesing når Odin Nøsen losnar på handbremsa og fortel kva han eigentleg tenker om lærarane si haldning til IKT og særskilt kunstig intelligens (KI). Gjennom 29 år som lærar trur eg aldri eg har høyrt eller lese ein so nedlatande «rant» om kor dårleg det står til i lærarstanden. Vi er handlingslamma og sutrete og krev at andre løyser problem for oss. For å sette det heile på spissen brukar han ein påstand som han moglegvis har erfaringsmessig belegg for: at det er uråd å sutre seg til sex. 

Som metafor for lærarane si generelle haldning til teknologisk utvikling er dette tarveleg, ukorrekt og respektlaust, og om det er ei skildring av hans relasjonelle nærmiljø, er det rett og slett TMI (Too much information).

Nokre av påstandane hans vitnar om stor avstand til pedagogisk praksis og samhandling og slett fagleg forståing av det som har med språk og språklæring å gjere. Påstand nummer ein: «Hjemmeoppgaven har også en lei tendens til å handle om kvaliteten på det ytre kjennetegnet, skriftspråket, og at det på en slags måte avspeiler den indre kompetansen eleven har. Godt skriftspråk er ikke nødvendigvis lik god kompetanse, i alle fall ikke på annet enn godt skriftspråk.»

Skriftspråk er ikkje eit ytre kjenneteikn på noko som ikkje er språk. Det er eit samband mellom lesekunne, skrivekunne og tenking. I alle fag øver vi dette samspelet, som regel i eit digitalt miljø. Retteprogramma vi har hatt, har fungert fint på ortografisk og syntaktisk nivå, utan å gripe dramatisk inn i eleven si tenking på makronivå. Når det gjeld å strukturere tankar og perspektiv til ein samanhengande og god tekst, har hjelpemidla i teksthandsamingsprogramma komme til kort.

 Sjølvsagt har elevane «i alle tider» hatt høve til å be mamma, pappa, onkel eller tante lærar om hjelp, men eg trur at dei fleste føresette til elevar i skulen har det pedagogiske minstemålet at dei let ungane bryne seg på oppgåvene sjølv. Dei nye språkmodellane grip inn i sjølve makronivået i tekstproduksjon, slik at det vert mogleg å fake tenking, gjennom å produsere gode tekstar. Vi endar då opp med at elevar med lågt til middels fagnivå kan produsere tekstar som er på eit høgare nivå enn det dei sjølv kan lese og skjøne. 

KI kjem då som ein kile inn i samspelet mellom lesing, skriving og tenking, slik at vi får dårlegare samsvar mellom reell kompetanse og konkret produkt. Å berre lese og samtale er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon av språkkompetanse, vi treng dei synlege prova som er i en tekst som eleven har laga sjølv. Vi lærer noko nytt om verda når vi set våre eigne tankar på trykk, og eleven kan også få tilbakemelding på sitt perspektiv på verda. Det er det som er interessant, ikkje kva KI har samla frå allereie eksisterande tekst.

Dette pussige synet på skriving som Nøsen viser i første sitat, vert ikkje mindre pussig av det neste eg siterer. I eit nettbasert kurs han driftar, visar han til (…) eksamensoppgaver som er helt meningsløse for ChatGPT. Der må studenten mene noe. ChatGPT kan kanskje ordlegge det bedre, men innholdet blir ikke bedre enn det studenten bidrar med. Da er det viktig at vi som er sensorer ikke lar oss blende av god språkdrakt, men faktisk leser hva som står i teksten.»

I og med at Nøsen slit på lesaren si tolsemd med bruk av bilete frå seksuallivet, vil eg minne om eit anna ordtak, frå engelsk: «Opinions are like assholes. Everybody has one». Om vi skal ha eit skulesystem som dyrkar kva eleven meiner, sli at vi må legge oppgåver opp mot det personlege, nære og emosjonelle for å unngå KI sitt produksjonsfelt, er vi ute og køyre. 

Vi øver i alle fag kvalifiserte meiningar, ikkje meiningar i seg sjølv. I kvart fag er det sett av logikkar, terminologi og eit kunnskapstilfang, som er basis for eleven sine vurderingar og tankar. Vår personlege meining har sjølvsagt ei rolle i faget, men utfordringa er jo å bruke faglege grunngjevingar for kva ein meiner, for å teste både argumentasjon og kunnskapsnivå. Grunngjevinga for ei meining er langt meir viktig enn meininga i seg sjølv, for den er en refleksjon av personen si tenking. Vegen fram til ein konklusjon er meir interessant enn meininga i seg sjølv. Då arbeider vi faktisk sosialt og fagleg ut frå ei sanningsfordring.

Skriftlege ytringar er det beste uttrykket vi har for ein person si tenking, og sjølv om god språkdrakt kan dekke til dårleg tenking, er det faktisk språkdrakta som avgjer «kva som står i teksten». KI er ein snarveg til produkt som godt kan samanliknast med å ta snarvegar i eit maratonløp, eller å få nokon andre til å springe delar av løpet for deg. Det siste eg vil vise til frå Nøsen sin tekst er følgjande erklæring: «Vil du leve i status quo-boblen, er det bare å kjøre på med tekniske løsninger som begrenser tilgangen til verden og virkeligheten.»

Eg ville heller skrive «Vil du leve i den digitale bobla, er det berre å køyre på med tekniske løysingar som avgrensar tilgangen til verda og røyndomen».

Den røyndomen eg lever i, er med menneske av kjøt og blod, som interagerer både digitalt og analogt med sine innsikter, kjensler og tenking, fordi dei vil bli betre kjende både med seg sjølv, dei andre og verda. Dei fleste innser at vi blir ikkje sterkare av å få andre til å løfte vektene våre, og det same gjeld for å øve klumpen vi har på toppen av skuldrane.

Dei fleste elevar ser eigenverdien i å utvikle sitt eige språk, si eiga tenking, si eiga skriving og si eiga lesing, men dei møter òg mektige snarvegar til (fingert) meistring i KI.

Vi lærarar veit òg at om vi skal lære elevane noko, må vi ikkje sjå ned på dei. Det same gjeld nok for skulefaglege rådgjevarar som vil lære lærarane noko.

For den som er i tvil: Eg er ikkje blenda av språkdrakta i Nøsen sin tekst. Kanskje eg dermed har lese «hva som faktisk står i teksten», for å bruke hans eigne ord.

Powered by Labrador CMS