Skriverobotar vil framskynde endringar i skriftleg eksamen

Debatt: Dei vurderingsformene som blir brukte for skriftlege arbeid vil ikkje fungere når aktørar med kunstig intelligens blir ein integrert del av skolekvardagen.

Publisert Sist oppdatert

Bruk av kunstig intelligens, som ChatGPT og andre skriverobotar, har entra klasserommet det siste året. Dette rører opp i elevars skriving, og ikkje minst i lærarens vurdering av innleverte tekstar. Skriftleg eksamen står truleg for fall.

Blant dei som engasjerer seg i skole og utdanning blir det heftig debattert om slike program som ChatGPT skal omfamnast eller kanskje helst haldast på ein armlengds avstand frå klasserommet. I desember gjekk Landslaget for norskundervisning (LNU) til stortinget for å regulere bruken av skriverobotar som ChatGPT i skolen.

Debatten har gått varm i fleire media, der bekymra lærarar og bibliotekarar står steilt mot meir teknologioptimistiske akademikarar. Norsklærarar ser på programmet som ein trugsmål for elevens frie eller lange tanke, og ønsker seg ein skolekvardag der lærarar kan kontrollere bruken av slik teknologi i klasserommet. Andre framstiller programmet som ein nyttig og potensielt læringsfremmande sparringspartnar i ulike fag.

Sjølv har eg nyleg disputert for doktorgraden med ein studie av ungdommars digitale skriving med programvare i skolen, og eg arbeider med å utdanne morgondagens norsklærarar i Agder. Eg deler i utgangspunktet bekymringa for bruk av kunstig intelligent skriveteknologi i skolen, og i høgare utdanning, men eg trur ikkje løysinga kan ligge i å skru av nettet.

Les også: Kunstig intelligens inntar klasserommene. Er det nå den levende skriften dør?

I Noreg har vi ikkje tradisjon for å drive sensur eller tilgangskontroll av søkemotorar, skriverobotar eller andre liknande portalar til internett. Dei statane som på politisk grunn aktivt kontrollerer innbyggaranes digitale liv, vil vi helst ikkje samanlikne oss med. Ein digital scenenekt av fri tilgjengeleg programvare vil etter mitt syn føre til at elevar og lærar får mindre kompetanse for kunne samarbeide med digitale aktørar som har kome for å bli, og som elles vil få ein sentral plass i kvardagen og i samfunnet vårt.

Vi har ein læreplan som legg opp til barn og ungdoms aktive utvikling av digitale ferdigheitar, og som promoterer ei utforskande, men også kritisk tilnærming, til tekstar og samhandling på nettet. Tilgang til det same nettet som elevane bruker på fritida er ein føresetnad for å kunne oppfylle desse delane av læreplanen.

Plagiatproblemet

Plagiat er rett nok eit opplagt problem. Ettersom tekstane til skriverobotar forandrar seg for kvar gong dei blir produserte, vil dei ikkje bli gjenkjente av plagiatkontroll, om eleven skulle vere så tankelaus at ein ferdigprodusert tekst blir levert under elevens namn. I prosjektet mitt har eg møtt mange elevar som er redde for å plagiere, og som bruker mykje tid og energi på manuelle omskrivingar.

Samtidig har eg blitt merksam på at elevane på sett og vis aldri er åleine om å skrive. I skrivearbeidet deltar også skriveprogrammet, for eksempel med grammatikkstøtte og autokorrektur. Ordbøker kan delta. Gjennom internett deltar ikkje minst Google Søk, ein hyppig samtalepartner og medhjelpar – dels på elevane sine premiss og dels ut frå eigne, kommersielle interesser. Og no også ChatGPT, som svarer på flytande norsk, etter beste evne, men ofte med meir bløff enn fakta.

Dette plagiatproblemet har kanskje størst konsekvensar for norskfaget, som ikkje berre har eit særleg ansvar for skriveopplæringa, men som også gir inntil fire skriftlege avgangskarakterar basert på vurdering av elevars individuelle, skriftlege tekstproduksjon. Ved mistanke om juks er sensor eller faglærar blind for kva som kan ha skjedd undervegs i skriveprosessen, når det berre er sluttproduktet som blir vurdert og karaktersett. Men hovudproblemet til plagiering ligg ikkje i teknologien, det ligg i måten vi samhandlar med dataprogram på, og i måten vi vurderer skriftleg innlevert arbeid på.

Vurderingsproblemet

Slik eg ser det er hovudproblemet for skolen relatert til dagens vurderingspraksis av skriftlege arbeid, særleg i form av skriftleg eksamen. Vurderingsforskarar har lenge understreka problema med å måle læring i skriftleg eksamen. Behovet verkar stort for å reformere dagens vurderingssystem for skriftleg eksamen, som ikkje kan seiast å måle elevens kompetanse på ein påliteleg måte. ChatGPT og andre kunstig intelligente system vil etter mitt syn framskynde endringar i vurderingssystemet fordi dei synleggjer at tekstproduksjon og elevars skrivekompetanse er to heilt forskjellige ting som ikkje kan vurderast under eitt.

Til grunn for dagens vurderingsordning ligg det ei førestilling om at elevars individuelle kompetanse skal kunne vurderast og karaktersettast ved at lærar eller sensor les ein innlevert tekst. Inntoget av digitale aktørar i klasserommet gjer denne vrangførestillinga synleg. I alle tekstar er det etter mitt syn eit kollektiv av aktørar som deltar, menneske så vel som ikkje-menneske.

Å vurdere elevar ut frå ein innlevert tekst vil vere like vanskeleg som å vurdere ein tømrarlærling etter kvaliteten på eit nybygd hus. Her har jo både elektrikarar, murarar og gravemaskinar bidratt til sluttresultatet. Snarare må vi vurdere arbeidet som blir gjort før teksten blir innlevert. Observasjon av elevars skriving og korleis dei på sjølvstendig vis klarer å samarbeide godt med digitale aktørar i skriveprosessen kan vere moglege vurderingsformer å prøve ut. Skjermfilming kan f.eks. nyttast som bistand.

Vurderingspraksisen må endre seg

I møte med nye aktørar som ChatGPT er det dessutan lett å gløyme at teknologiar har ei lang historie, også for skriving og skriveopplæring. Nye skriveteknologiar har blitt innførte med jamne mellomrom opp gjennom hundreåra. Vi har brukt stein, fjærpenn, trykkstempel, griffel og blyant til å skrive med. I dag skjer skriving i all hovudsak på tastatur og skjerm. Nye teknologiar fører til at samarbeidet mellom menneske og gjenstandar omkring produksjon av tekst forandrar seg og blir automatisert på nye måtar.

Der det tidlegare var viktig å pugge bøyingsendingar for e-verb og a-verb, blir det no viktig å kontrollere kva slags parameter og regelsett som eit omsettingsprogram arbeider etter. Somme ferdigheitar blir utrangerte i skolen, og andre ferdigheitar kjem til.

Med ein viss porsjon nysgjerrigheit og endringsvilje vil lærarar kunne tilpasse seg ei framtid der skriverobotar og omsettingsprogram er naturlege samarbeidspartnarar for elevar som arbeider med oppgåver eller på annan måte produserer tekst. Men vurderingspraksisen må endre seg. Dei vurderingsformene som blir brukte for skriftlege arbeid vil ikkje fungere når aktørar med kunstig intelligens blir ein naturleg integrert del av skolekvardagen. Det gjeld særleg for skriftleg eksamen.

Powered by Labrador CMS