Kjempar for å behalde skolebiblioteket i lovverket

– Skolebiblioteket er eit pedagogisk verkemiddel og skal styrast av pedagogar. Avvis framlegget frå opplæringslovutvalet, seier Vidar Lund, nyvald leiar i Norsk Bibliotekforening.

Publisert

Opplæringslovutvalet, som la fram innstillinga rett før jul, vil ha bort omgrepet «skolebibliotek» i opplæringslova. Elevar skal ikkje lenger ha rett til tilgang på skolebibliotek i skoletida. I staden skal ordlyden vere at kommunen har plikt til å sørge for at elevane har tilgang til bibliotek.

Dette er i tråd med innspelet til ny opplæringslov frå KS, men stikk i strid med synspunkta til Aksjon skolebibliotek, der Bibliotekforeninga er med.

– Folkebiblioteka har vore i bløming over heile landet siste tiåra, med flotte bygg, nye tekniske løysingar og utvida innhald. Samstundes har mange skolebibliotek støva ned. Kvifor vil de ikkje ha elevane på dei nye biblioteka?

– Dei må gjerne kome. Men eit slikt besøk vil ikkje tilfredsstille lovkravet om bibliotek i skoletida. I mange kommunar er det berre eitt bibliotek, men fleire skolar. Å bli frakta i buss til biblioteket, på same måte som til ein symjehall, eit par gonger i året er ikkje å ha tilgang til bibliotek i skoletida, sier Vidar Lund, leiar for Norsk Bibliotekforening.

Bibliotekar på foreldremøte

Lund meiner at det kan bli godt samarbeid om reisa går den andre vegen, frå biblioteket til skolen.

– I Levanger, der eg er biblioteksjef når eg ikkje er leiar i Bibliotekforeninga, der er vi til stades på skolane. Vi er på foreldremøte, og vi formidlar Den kulturelle skolesekken, til dømes. Men vi er ikkje pedagogar. Å integrere biblioteket i undervisninga er ei pedagogisk oppgåve, og må utførast av dei som kan det.

Vidar Lund, nyvalt leiar i Norsk Biblitekforening.

– Dessutan, legg han til:

– Frå barnehage til universitet er det utdanningsinstitusjonen som har ansvaret for at studentane har tilgang til relevant litteratur for det dei skal lære. I Oslo vel mange av studentane frå universitetet å lese på Deichmann, som er eit folkebibliotek. Det er likevel Universitetet i Oslo si oppgåve å sikre dei tekstene dei treng, ikkje folkebiblioteket, understrekar Vidar Lund.

– Kva synes du om lærarane sitt engasjement i denne saka?

– Når det gjeld lovframlegget har eg ærleg talt ikkje registrert noe engasjement. Men det kan kome av at eg berre har vore leiar i Bibliotekforeninga i ein månad. Det er eit fulltidsverv, men permisjonen min frå biblioteket i Levanger startar først i august. I ei hektisk tid kan det vere utspel eg ikkje har fått med meg, seier Lund og legg til at generelt ser han jo at skolebiblioteka fungerer svært ulikt.

– I min kommune er det to skolar som er omtrent like store og difor lette å samanlikne. Den eine har eit flott bibliotek. På den andre er det snaut så biblioteket eksisterer. Det viser at svært mye er opp til lærarane og rektorane, skal skolebiblioteka fungere.

– Og ein ting har eg fått med meg, held Lund fram:

– Lærarar likar dårleg detaljerte krav om kva dei skal gjere. Difor er det dumt å ta frå dei ansvar, slik dette framlegget er eit døme på.

Lesetips

Utdanningsnytt har snakka med Lund idet han legg i veg frå Levanger til ferie på Voss.

– Kva har ein bibliotekar som ferielektyre?

– Eg har lasta ned bibliotek-appen book-bites, og i bilen høyrer eg på krim av Roslund og Hellström, ein svensk forfattarduo med journalisten Anders Roslund og kriminalomsorgsdebattanten Börge Hellström, fortel han.

– Så har eg med meg «Mjøsa rundt med mor» av Bjørn Hatterud. Boka er heilt ny og eg er svært spent, vedgår Vidar Lund.

Lund fortel at han og har med «Og ditt navn er mitt» av André Aciman, ein oppvekstroman frå Italia.

– Kva las du da du var barn og hadde skoleferie?

– Det var mye faktabøker. «Historien om»-bøkene var eg svært glad i.

– Kva vil du tilrå norske lærarar å lese nå?

– Utan tvil «Skolebiblioteket: Læring og leseglede i grunnskolen». Ho er på biblioteket!

Powered by Labrador CMS