Ivar Aasen på veg til Bergen. Byrådet ønskjer ham velkommen. (Illustrasjonsfoto: Tore Magne Gundersen)

Byrådet i Bergen opprettar nynorskklasse på sentrumsskole

- Nynorsk er ein viktig del av vestlandskulturen som Bergen by har tatt dårleg vare på, seier byråd for oppvekst Linn Kristin Engøy, og lovar betre kår.

Publisert

Eitt tiltak er ein parallellklasse for nynorsk.

- Klassen skal vere ved ein sentrumsskole og med det godt tilgjengeleg, presiserer Linn Kristin Engøy.

Noregs Mållag meiner dette er første gongen politikarane i ein storby opprettar nynorskklassar på dette viset. Rett nok hadde Oslo kommune nynorskklasse på Sagene skole i mange år. Men det var av di foreldra nytta seg av mållova, seier at om ti foreldre krev nynorskklasse har kommunen plikt til å opprette. I Bergen blir klassen oppretta på politisk initiativ, utan ein foreldreaksjon.

– Vi meiner tilbodet ikkje skal vere avhengig av slikt foreldreinitiativ, seier Engøy.

Systematikk frå tredje klasse

I den politiske plattforma til det nye byrådet ønskjer systematisk opplæring i nynorsk og bokmål for alle elevar frå og med tredje trinn. Kommunen skal som hovudregel ikkje nytte digitale læremiddel som ikkje finst på båe målformer.

I 1972 vart kommunane Arna og Fana til bydelar i Bergen. Dette hadde vore sterke nynorskkommunar.

– Det er hevda at den nye storkommunen neglisjerte språktradisjonane i desse kommunane ved samanslåinga?

– Bergen har som sagt ikkje tatt godt nok vare på nynorsken. Målet er at dei som veks opp nå skal møte nynorsk i større grad enn tidlegare, seier Linn Kristin Engøy. Ho kan vise til at den politiske plattforma peikar spesielt på Arna bydel, og vil ha tiltak for å motverke ufrivillig språkskifte der.

Powered by Labrador CMS